Fjellhaug (Bykle gnr 2/186)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellhaug
Utskilt: 1971
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 196
Type: Bustadseigedom

Fjellhaug er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne tomta i Hovden sentrum ligg i øvre enden av bakken opp frå Fjellgardstun, omlag på høgde med Fjellgardane skule. Ho gjekk ut frå bnr 1, og vart matrikulert i 1971, etter at Øyvind K. Løyland og kona hans hadde sett seg opp nytt hus her same året.

Øyvind Knutsson Løyland, f 1938, d 1993

g m Grete Knudsen, f 1942. Born:
  • Knut, f 1966, busett Valle, g m Ingeborg Åkre, born:
  • Ola Øyvind, f 1996
  • Torbjørn, f 1999
  • Kolbjørn, f 1968, snikkar, ug
  • Gunn Oddveig, f 1969, g m Knut D. Trydal, born, sjå Suistugu, gnr 15, bnr 57
  • Heidi, f 1972, sb m Trond Morgan Trydal, born, sjå Hestevelt, gnr 17, bnr 1, fnr 1

Øyvind K. Løyland kom frå Myri, Løyland. Foreldra hans var Knut Øyulvsson Løyland og kona, Gyro Olavsdotter, fødd Hisdal. Gyro gifte seg som enke oppatt med Knut Vatnedalen, og budde på Hovden, sjå Flatemo, bnr 32. Grete er frå Søndre Land, og dotter åt Kolbjørn og Olga Knudsen.

Øyvind og Grete flutte til Hovden i 1969. Han var anleggsarbeidar. Ho har arbeidd fleire stader, m.a. ved Hovden fjellstove i perioden 1972-79, og seinare som postekspeditør. Nå (2004) er ho assistent på Bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Fjellhaug (Bykle gnr 2/186) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solheim • Neste bolk: Unheim