Unheim (Bykle gnr 2/215)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Unheim
Utskilt: 1971
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 215
Type: Bustadseigedom

Unheim er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne tomta, som ligg nedanfor tunet på Hovdeplassen, vart utskilt frå det bruket for Bjørgulv Hovden i 1972. Han sette fyrst opp ei hytte her, Fagersjå, bnr 214, men i 1980 bygde han nytt bustadhus, som han og familien flutte inn i året etter.

Bjørgulv Halvorsson Hovden, f 1940

g 1967 m Gerd Fosse, f 1942. Born:
  • Dag, f 1968, g m Marta Martinsen, sjå Sarvsvegen 37, gnr 15, bnr 119
  • Unn, f 1969, sb m Dirk Richter, sjå Malmvegen 22, bnr 322
  • Kari, f 1972, g m Helge Hoslemo, sjå Sarvskroken 5, gnr 15, bnr 118
  • Ingvild, f 1978, p t (2004) under utdaning
  • Agnes, f 1981, p t (2004) under utdaning

Gerd Fosse Hovden er frå Åndalsnes, og dotter åt Ingbert Kornelius Fosse og kona Agnes, fødd Moen. Bjørgulv er son til Halvor Hallvardsson og Jorunn Pålsdotter på Hovdeplassen.

Gerd kom til Bykle som lærar ved Fjellgardane skule i 1962. Ho har sidan vore poststyrar på Hovden i perioden 1968 til 2001, men då postkontoret vart nedlagt i det sistnemnde året, gjekk ho over til ei stilling som omsorgsarbeidar i Bykle kommune. Ho er historieinteressert, og med i den kommunale bygdeboknemnda. Hovudyrket til Bjørgulv er bygningsarbeid, men han har også drive ein del som maskinførar og skiheisoperatør.

Bjørgulv H. Hovden 1964.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Gerd F. Hovden 1983.
Foto: truleg Bjørgulv H. Hovden


0941 Bykle komm.png Unheim (Bykle gnr 2/215) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fjellhaug • Neste bolk: Plassen