Sarvsvegen 37 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarvsvegen 37
Gjerden 73.jpg
Sarvsvegen 37 pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Sarvskroken tomt 4
Rydda: 1999
Utskilt: 1998
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 119
Type: Bustadeigedom
Adresse: Sarvsvegen 37

Sarvsvegen 37 i Bykle ligg på nordsida av bygdevegen. Tomta vart utskild frå bnr 11 i 1998, då Dag Hovden kaupte henne hjå kommunen. Han og familien hans flutte inn i nytt hus her året etter.

Dag Hovden 2004. Bilete frå Setesdølen.
  • Dag Hovden, f 1968
g m Marta Martinsen, f 1967. Born:
  • Synnøve, f 1996
  • Halvor, f 1999
  • Hedda, f 2003

Dag Hovden er lensmannsbetjent. Han er son åt Bjørgulv og Gerd Fosse Hovden, og bror åt Kari Hovden Hoslemo i grannehuset, Sarvskroken 5, bnr 118. Marta Martinsen Hovden er lærar. Ho kjem frå Haugesund, og er dotter åt Gunnar Martinsen og kona, Gerd Bruvik Martinsen.


0941 Bykle komm.png Sarvsvegen 37 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sarvskroken 5 • Neste bolk: Stavenes