Blesterkroken 8 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blesterkroken 8
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 348
Type: Bustadseigedom

Blesterkroken 8 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av familien Hjallen i 1979.

  • Erling Hjallen, f 1949
g m Signe Lauvrak, f 1947. Born:
  • Helge, f 1972, ing., busett Kongsberg, sb m Helene Lund, born:
  • Henning, f 2004
  • Karianne, f 1973, systemkonsulent, busett Oslo.

Erling er frå Nes i Hallingdal og son åt Ingebørg og Herbrand Hjallen. Han er ingeniør, og arbeidde for Selmer under anleggstida i Breive, for tida (våren 2005) er han i eit firma på Kongsberg. Signe er frå Fyresdal og dotter åt Gunhild og Knut Lauvrak. Ho er for tida (våren 2005) kantinestyrar.

I 1985 flutte familien Hjallen or bygda, og selde huset til den neste familien til å bu her:

  • Einar Gundersen, f 1947
g m Borghild Røysland, f 1950. Born:
  • Rune, f 1979, BA datafag
  • Mona, f 1992

Einar Gundersen er frå Arendal, og son åt Søren og Guro Gundersen. Han har arbeidd som som vaktmeister i Bykle kommune. Borghild er frå Valle, og dotter åt Knut Svensson Røysland og kona Guro Olavsdotter, fødd Hisdal (jfr Valle VI, 453). Ho har arbeidd som reinhaldar.

Familien Gundersen flutte til Kristiansand hausten 2004. Huset selde dei til eit par kristiansandsfolk som heiter Nils Alfred (f 1960) og Lillian Egeland (f 1949).


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 7 • Neste bolk: Kolmila 2

Koordinater: 59.55672° N 7.36353° Ø