Strondi (Bykle gnr 17/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strondi
Trydal 21j.jpg
Strondi 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1882
Utskilt: 1882
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 5
Type: Gardsbruk

Strondi i Trydal i Bykle kommune ligg på austsida av Trydalstjønni, og deildar mot Tykkholt under Trydal) i nord, Hagen i sør og Storstein i aust. I motsetnad til fleire andre av dei nyare bruka i Trydal var Strondi i utgangspunktet ikkje husmannsplass.

I fylgje matrikkelen skal Strondi vera utskilt frå bnr 3, Storstein, i 1882, men dermed er ikkje alt sagt. Det som skjedde i 1882 var at Storstein og Systog sin halvpart av den heimkaupte Trydalsskogen frå 1843 vart formelt dela og matrikulert som to brukseiningar, lnr 46a var Systog sin part, medan 46d høyrde til Storstein. Storsteinparten fekk i 1888 bnr 5, men vart «sammenføiet med bnr 3 i matrikkelen» i 1890, etter at Såve Eivindsson Trydal hadde fått «eindomshævdsdom» på bruket sitt året fyre. I 1898 selde han 4/5 av det som hadde vore bnr 5 til Søren Lund og Olav A. Rike. Desse teigane vart matrikulerte som bnr 6 Båsbrokklii og bnr 7 Sessane (det siste av dessse bruksnummera har sidan vorte sletta or matrikkelen som fylgje av nye sal og delingar). Litt etter salet av bnr 6 og bnr 7 let Såve Eivind H. Bø setje i gang med å rydje seg eit bruk på den femteparten han hadde att. Dette bruket vart sidan ståande med bnr 5.

Dette skal vera eit bilete av Eivind H. Bø frå ein gong i tida 1907-10. Det er teke av fotograf Hangaard i Kristiansand, og kjem frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Eivind H. Bø og folket hans budde her frå 1900 til 1918. I det sistnemnde året flutte dei til Der uppe i Berdalen. Ettersom Eivind alltid sidan budde i Berdalen, har me valt å plassere hovudomtalen av han og familien hans der. Men her lyt det nemnast at Eivind etter kyrkjeboka å døme tykkjest ha vore eigar av Strondi frå 1905 til 1916, jamvel om ingen handel er tinglyst korkje til eller ifrå han. Men som kjent var det ikkje alle eigedomstransaksjonar som vart tinglyste.

Olav Såvesson frå Storstein overtok som oppsitjar i 1918. Dersom Eivind H. Bø hadde selt til Eivind Såvesson som så i neste omgang let bruket vidare til Olav, ville det vore rett som den gamle gards- og ættesoga (20) seier at Olav «fekk bruket av broren», men i røynda kaupte Olav av Eivind Bø, opplyser sonen som har bruket i dag. Han kjem me straks til, men lat oss nå fyrst taka fyre oss den nye oppsitjaren frå 1918:

Olav S. Trydal, teke i Kanada i 1930. Bilete frå Sigurd O. Trydal i Valle via Setesdalsmuseet.
Ragnhild U. Trydal, truleg teke kring 1920. Bilete frå Sigurd O. Trydal i Valle via Setesdalsmuseet.
Olav Såvesson Trydal (1892-1976) og kona, Ragnhild Ulvsdotter, fødd Flateland (1896-1966) framfor stoga i Strondi i 1921. Bilete frå Sigurd O. Trydal i Valle via Setesdalsmuseet.
  • Olav Såvesson Trydal, f 1892, d 1976
g 1921 m Ragnhild Ulvsdtr. Flateland, f 1896, d 1966. Born:
  • Salve, f 1923, d 1965, g 1951 m Marta Olsdtr. Løyte, Gjerstad, sjå Strandestøyl, bnr 62
  • Sigurd, f 1925, dreiv drosje- og ambulansefirma i Valle, g 1960 m Helga Olsdtr. Jore, f 1931, busett Jore, Valle, (jfr. Valle IV, 600), born:
  • Targerd, f 1961
  • Bjørg Ragnhild, f 1966:
  • Ingunn, f 1969
  • Knut, f 1927, g 1953 Margit Bjørgulvsdtr. Hagen, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1932, d 2005, husmor, g hv m Finn Engelstad, Vikersund, busett Valle. Born:
  • Kai
  • Siv
  • Eivind, f 1934, d 1991, m.a. bussjåfør, g m Ingfrid Nelly Gunvaldsen, sjå Solvang, bnr 43
  • Ingebjørg, f 1935, husmor, busett Fevik, g 1958 m Kåre Bjørklund, Kristiansand, born:
  • Gunn Ragnhild
  • Rita
  • Ann Margret

Ragnhild Ulvsdotter kom frå Feddufs i Flateland, bnr 29. Ulv Olsson Flateland og kona, Ingebjørg Sigurdsdotter, var foreldra hennes (jfr. Valle VI, 258).

Olav og Ragnhild husa opp bruket fyrste åra dei var gifte. Både stogebygning og uthus sto ferdige i 1925. Utvendes ser stoga ut som eit tradisjonelt setesdalshus med ei grunnflate på 72 kvadrat i 1 1/2 høgd. Olav var ein tur i Kanada kring 1930, men kom nokså snøgt heimatt. Han vert omtala som småbrukar, og dreiv med ymist arbeid utanfor bruket, mest skogsarbeid, fortel etterkomarane. Storleiken på buskapen i 1953 peikar også i retning av inntektsbehov utover det jordbruket kunne yte: Dei sat då med ei kyr, eit par ungdyr og 10 sauer.

Medan syskena flutte ut, vart Knut buande på Strondi. Då foreldra var døde, overtok han heimelen til bruket. I yrkeslivet arbeidde han på kraftanlegg, mykje av tida som linjemontør.

Ei gamal jente som heitte Jorunn Mikkelsdotter Hisdal, f 1881, var syskenbarnet til Olav, ettersom ho var dotter åt Gyro Eivindsdotter Hisdal, fødd Storstein. Jorunn budde på Strondi til Ragnhild døydde i 1966. Då flutte ho til Torbjørg og Mikkel i Tykkholt, og var der til ho døydde.

Margit B. Hagen ca 1950. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Knut O. Trydal, f 1927, d 2016
g 1953 m Margit B. Hagen, f 1927, d 2004. Born:
  • Signy, f 1954, barnehageass., g 1974 m Tarald K. Brokke, f 1951, sjå Utsyn, gnr 15, bnr 70, jfr Valle V, 113
  • Reidun, f 1956, barnehageass., g 1976 m Halvor Bjorkjendal, born
  • Kurt Egil, f 1980
  • Kenneth, f 1983
  • Olga, f 1958, sekretær, g 1981 m Knut Olav Plassen, busett Byrtegrend, Tokke, born:
  • Kristine, f 1989
  • Ola Birger, f 1960, snikkar, g 1984 m Astrid Adele Jensen, sjå Strondi, gnr 17, bnr 55

Margit kom frå Hagen Byklum, gnr 14, bnr 24. Foreldra hennes var Bjørgulv Knutsson Nesland på det bruket og kona, Sigrid Arnesdotter, fødd Hagen.

Eigedomen skal vera på ein stad mellom 1200 og 1500 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Strondi (Bykle gnr 17/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Storstein • Neste bolk: Stigamoen