Strandestøyl (Bykle gnr 17/62)
Strandestøyl | |
---|---|
Strandestøyl 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | omkr. 1950 |
Utskilt: | 1974 |
Stad: | Trydal |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 17 |
Bnr: | 62 |
Type: | Bustadeigedom |
Strandestøyl i Trydal ligg midt på Trydalsstrondi, mellom Kåvehagjen og Bergsflottåkeren. Det var Salve O. Trydal, eldste son åt Olav S. Trydal på Strondi, bnr 5, som sette seg opp hus her kring 1950. Tomta gjekk ut frå Storstein då, men vart ikkje matrikulert fyrr i 1974, derav det høge bruksnummeret.
- Salve O. Trydal, f 1923, d 1965
- g 1951 m Marta Nilsine Løyte, f 1925, d 1999. Born:
Marta Nilsine kom frå Gjerstad. Ho var dotter åt Ole Olsen Løyte og kona, Anne Kristine Ommundsdotter.
Salve O. Trydal dreiv drosjeforretning i alle år. I 1951 overtok han Storstein, bnr 3, etter farbroren Eivind Såvesson. Sonen overtok huset her etter at mora døydde.
- Eivind S. Trydal, f 17. oktober 1960, død 14. november 2014[1]
- g 1998 m Kari Glomsaker, f 1968. Born:
- Martha, f 2000
I yrkeslivet vekslar Eivind mellom skulebusskøyring og snikkararbeid. Kari er lærar, og arbeider i Valle. Ho er frå Evje, og dotter åt Svanhild og Roald Magne Glomsaker
Eivind eig også Storstein, bnr 3, som han overtok frå faren i 1974.
Referansar
Strandestøyl (Bykle gnr 17/62) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |