Hestevelt (Bykle gnr 17/1.1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hestevelt
Trydal 90b.jpg
Hestevelt 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1998
Utskilt: 1998
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 17
Bnr: 1, fnr 1
Type: Bustadeigedom

Hestevelt i Trydal ligg på flaten mellom Vardebrokke og Det bratte åkfadde, ved sidan av Trydal skule.

Det var Trond Morgan Trydal, son åt Åsmund Mikkelsson frå Tykkholt, som feste denne tomta frå bnr 1 i 1998, og flutte inn i nytt hus her same året.

  • Trond Morgan Trydal, f 1971
sb m Heidi Løyland, f 1972. Born:
  • Martin, f 1997
  • Øyvind, f 1999

Heidi er dotter åt Øyvind Knutsson Løyland og kona, Grete, fødd Knudsen. Mora er enke sidan 1993, og bur på Hovden, Fjellhaug gnr 2, bnr 186. Syster åt Heidi heiter Gunn Oddveig, og er gift med Knut D. Trydal frå Der inne (sjå Ohmsbu, gnr 15, bnr 51).

Trond Morgan køyrer brøytebil, overtok forresten brøytinga etter onkelen, Hallvard M. Trydal. Dertil arbeider han på Bykle Vindu. Heidi er assistent i barnehagen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Hestevelt (Bykle gnr 17/1.1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Strandestøyl • Neste bolk: Bjørnarå