Tykkholt under Trydal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tykkholt
Alt. namn: Tykkholt under Trydal
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Type: Småbruk

Dei to tykkholtbruka ligg på sørsida av Trydalstjønni i Bykle kommune, mellom Strandestøyl og Strondi.

Dei fyrste me veit om budde i her, finn me oppskrivne i 1875-folketeljinga som fylgjer:

1 Gunhild Olsdtr Husmoder
Inderst
e Tjenestepige f 1814
2 Thone Osmundsdtr Datter ug do f 1840
3 Osmund Tellefsen Søn ug Tjenestekarl f 1854

Gunhild var enke etter Åsmund Torleivsson Stavenes og hadde tidlegare budd på Øvre Moen. Ein kan lesa meir om denne familien i bolken om det det bruket, der det ma. er fortalt at Gunhild flutte til Skarberg under Bratteland nokre år i samband med at ho fekk sonen Åsmund med Torleiv Asbjørnsson Berdalen i 1854, men sidan kom attende til Trydal ein gong mellom 1865 og 1875.

Då fekk ho leige Tykkholt av Ånund Eivindsson Trydal på Storstein. Husmannskontrakt hadde ho truleg ikkje, inga såvore er tinglyst, og hadde ho hatt husmannsstatus skulle ho heller ikkje vore kalla «inderst» i folketeljinga. Som ein ser er ho også nemnd som «tjenestepige» , så ho har vel tent fast einkvarstad. Men ho dreiv også litt jordbruk i Tykkholt, skjønar me, for etter folketeljinga i 1875 sat ho då med 3 sauer og 2 geiter, og hadde åker til å så 5 kvartel bygg og 1 tunne jordeple.

Etter det ein kan skjøne har Åsmund, son åt Gunhild, fått husmannskontrakt på plassen kort etter at han gifte seg i 1888. Iallfall nemner kyrkjeboka han fleire gonger som husmann, og det same gjer folketeljinga frå 1891. Året etter denne folketeljinga døydde han, framleis husmann.

  • Åsmund Torleivsen Trydal, f 1854, d 1892
g 1888 m Gyro Oddsdtr. Byklum, f 1867, d 1891. Born:
  • Gunhild, f 1889, g 1910 m Eivind Mikkelsson Hisdal, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1890, d 1891

Gyro Oddsdotter var dotter åt Odd Pålsson Byklum og kona, Gro Pålsdotter, fødd Skeidvollen.

Etter at Åsmund døydde i 1892 vart dottera buande i Tykkholt saman med mor hans og syster hans. Ein eller annan gong mellom 1892 og 1898 må Gunhild Olavsdotter ha fått kaupe plassen laus frå Storstein. Dette kaupet vart ikkje tinglyst, men at det må ha funne stad skjønar me av at Gunhild vart kalla «selveier» i kyrkjeboka då ho døydde i 1898, noko som vert stadfest av at dottera Tone vert nemnd på same måten i 1900-folketeljinga.

Tone Åsmundsdotter overtok altså bruket etter at mora var død i 1898. I 1910 gifte brordottera Gunhild seg med Eivind Mikkelsson Hisdal. Såvidt me kan oppfatte, var det som fylgje av dette giftemålet Tykkholt vart dela i to bruk, jamvel om ingenting vart tinglyst fyrr fleire år seinare. Tone vart buande i Uppistog, medan Eivind og Gunhild bygde nytt tun i Nistog.

Tone døydde i 1917. Det kom då fram at ho hadde skrive testamente, der ho hadde sett inn mannen av brordottera som eineerving. Me kjem straks til han, men ettersom han snautt ville fått bruket utan gjennom kona set me opp henne fyrst:

Gunhild Åsmundsdotter Trydal (1889–1914) og Eivind Mikkelsson Hisdal (1884-1967), då dei gifte seg i 1910. Bilete frå Birger Trydal.
  • Gunhild Åsmundsdotter Trydal, f 1889, d 1915
g 1910 m Eivind Mikkelsson Hisdal , f 1884, d 1967. Born:
  • Mikkel, f 1911, g 1935 m Torbjørg Hallvardsdtr. Skarberg, sjå Uppistog Tykkholt, bnr 16
  • Åsmund, f 1912, d 1995, sjå Uppistog, bnr 16
  • Gyro, f 1915, d 1915

Eivind Mikkelsson var son åt Mikkel Hallvardsson i Lisle-Hisdal og kona, Gyro Eivindsdotter Trydal frå Storstein.

Gunhild Åsmundsdotter døydde ung, berre 25 år gamal, og same dagen som henne døydde også den snautt 3 månader gamle dottera, Gyro.

Eivind Mikkelsson åtte også halve Lisle-Hisdal, som han hadde fått overdrege hjå faren i 1915. Der oppe hadde han støylsdrift om sumrane medan han budde i Tykkholt.

Som me har vore inne på, hadde det ikkje vorte tinglyst noko, deling, korkje då Gunhild Åsmundsdotter (e.) kaupte Tykkholt laus frå Storstein eller då Gunhild Åsmundsdotter (y.) og Eivind Mikkelsson fekk Nistog av Tone Åsmundsdotter. Men i 1919 fann Eivind ut at det var på tide å få ordna dette, så då vart det halde ei delings- og skyldsetjingsforretning der Nistog fekk bruksnummer 18 i Trydal og Uppistog bruksnummer 16.

Båe desse bruka, med ei skyld på 1 øre kvar, vart matrikulerte med Eivind Mikkelsson som eigar, og i praksis fungerte dei nok mest som eitt bruk til han let ifrå seg til neste generasjon. Åsmund overtok Nistog Tykkholt i 1937 medan Mikkel vart verande i Uppistog Tykkholt. Soga held fram under dei nemnde bruka.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Tykkholt under Trydal er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog Grasbrokke • Neste bolk: Uppistog Tykkholt