Systog Grasbrokke (Bykle gnr 17/15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog Grasbrokke
Trydal 49.jpg
Systog Grasbrokke 20.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1870
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 15
Type: Småbruk

Systog Grasbrokke er eit bruk på Trydal i Bykle kommune. Dei fyrste som budde på denne staden, sette seg ned som husmannsfolk her litt fyre 1870. Dette var Åvoll Torleivsson Trydal og kona, Tore Eivindsdotter. Åvoll var son åt Torleiv Åsmundsson Stavenes i Nordstog Trydal og kona, Tore Åvollsdotter, medan Tore var dotter åt Eivind Ånundsson på Storstein og kona, Turid Kjetilsdotter.

I bolken om Nordstog Trydal er det fortalt at Knut Hallvardsson Hisdal i Der inne i 1867 fekk hand om det bruket, og at alle dei som hadde budd der etter dette laut finne seg ein annan verestad. Mellom desse var også Åvoll og Tore, som hadde budd som busetar og medbrukarar i Nordstog sidan dei gifte seg i 1857. Ettersom Åvoll vert kalla husmann då sonen Arne vart døypt i 1870, vil me tru at dei var på plass i Grasbrokke då.

Folketeljinga frå 1875 tyder også på at dei det året ikkje kan ha vore heilt nye på plassen, ettersom dei hadde ein sånad på 2 1/2 tunner jordeple og 5 kvartel bygg, noko som skulle svara til omlag 4 mål åker. Attåt stoga, som dei budde i, hadde dei i 1875 også rokke å få på plass eit uthus, ettersom dei sat med ei kyr, 4 sauer og 5 geiter.

  • Åvoll Torleivsson Trydal, f 1824, d 1878
g 1857 m Tore Eivindsdotter Trydal, f 1832, til Amerika 1900. Born:
  • Torleiv, f 1858, g 1879 m Gunvor Kjetilsdtr. Berdalen. Sjå nedanfor.
  • Eivind, f 1859, d 1861
  • Eivind, f 1862, d 1880, ug
  • Arne, f 1864, d 1865
  • Dødfødd jente, 1867
  • Arne, f 1870, til Amerika 1893
  • Tore, f 1874, til Amerika 1894

Tore Eivindsdotter budde som enke på plassen til 1900. Då heisa ho seg, 67 år gamal, til, og reiste til Amerika, der dei to yngste borna hennes var busette.

Eldstesonen Torleiv gifte seg året etter at faren var borte:

Torleiv Åvollsson Trydal, f 1858, d 1903

g 1879 m Gunvor Kjetilsdtr. Berdalen, f 1855, d 1925. Born:
  • Anne, f 1879, trill., d 1879
  • Åvoll, f 1879, trill., d 1879
  • Kjetil, f 1879, trill., d 1879
  • Tore, f 1882, til Trøgstad 1946, ug
  • Åvoll, f 1884, g 1915 m Ingebjørg Knutsdtr. Skarberg, sjå nedanfor
  • Kjetil, f 1888, d 1888
  • Kjetil, f 1891, g 1922 m Ingebjørg Olavsdtr. Holen, sjå Nordstog Grasbrokke
  • Anne, f 1894, d 1894
  • Eivind, f 1895, tvill., d 1896
  • Helleik, f 1895, tvill. d 1896
  • Anne, f 1898, g til Trøgstad 1946

Foreldra av Gunvor Kjetilsdotter var Kjetil Helleiksson Glidbjørg i Berdalen Der nede og andre kona Anne Asbjørnsdtr., fødd Berdalen.

Torleiv og familien flutte ikkje så lite ikring, ein gong mellom 1879 og 1882 flutte dei til Bjones, ein gong mellom 1896 og 1898 drog dei vidare til Hisdal, i 1900 budde dei i Bjørnarå, men då mora reiste til Amerika, overtok Torleiv truleg husmannskontrakta hennes. Iallfall flutte han då hit.

Rett nok opplyser kyrkjeboka at han var «selveier» då han døydde, men dette trur me helst er gale, for då sonen Åvoll gifte seg i 1915 vert han kalla «brugsmandssøn» , og i 1919 kaupte han bruket sitt hjå Tarjei Olsson i Systog for 600 kr og foddog. At Tarjei skulle ha foddogsytingar i Grasbrokke kan tykkjast rart, men såleis står det i overdragingsdokumentet. Etter at dette var tinglyst var det iallfall ingen tvil om at den yngre Åvoll Torleivsson var sjølveigar i Systog Grasbrokke, men så var han då også tredje generasjon her. Me vil tenkje at sjølve kaupet i røynda gjekk fyre seg i 1914 eller 1915, og at tinglysinga vart utsett nokre år. Men når den gamle gards- og ættesoga (17) seier at Åvoll «fekk bruket etter faren», er det altså litt for enkelt.

  • Åvoll Torleivsson Trydal f 1884, d 1974
g 1915 m Ingebjørg Knutsdtr. Skarberg, f 1896, d 1970. Born:
  • Torleiv, f 1916, g 1943 m Anna Marie Nevstad, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1918, d 1992, g 1946 m Helge Kristoffer Gulsrud, f 1918, d 1992, busett Østre Modum, born:
  • Knut, f 1920, d 1986, sjømann, sidan ind.arb., g m Agnes Sandbekk, f 1920, d 2003, busett Kristiansand
  • Ånund, f 1922, d 2006, g m Gudrun Urdal, f 1927, busett Lillesand, ikkje born
  • Torbjørg, f 1925, d 1986, heimeverande, ug
  • Hallvard, f 1928, d 2002, handelsstyrar, g m Ruth Ågedal, sjå Skogly, gnr 17, bnr 37

Knut Ånundsson Skarberg og kona, Torbjørg Hallvardsdotter var foreldra av Ingebjørg Knutsdotter (sjå Stigamidjom, gnr 17, bnr 20 og Skarberg, gnr 9, bnr 3).

I 1933 bygde Åvoll og Ingebjørg nytt våningshus. Utvendes er det laga som eit tradisjonelt setesdalshus i to fulle høgder.

Noko fyre Åvoll sette opp nytt hus vart det bygt ei stoge like ovanfor tomta hans for systera Tore (f 1882). Ho var vanfør, og det var kommunen som bygde for henne. Systera Anne (f 1898) budde saman med Tore. Dei hadde eit lite uthus der dei hadde ei ku og ein gris. I 1946 gifte Anne seg til Trøgstad, og det vart til at Tore flutte med henne dit, og døydde der eit par år seinare. Brorsonen, Hallvard Åvollsson, overtok huset og tomta etter dei (jfr. Skogly, bnr 37).

Omlag samstundes overtok broren, Torleiv Åvollsson, bruket her hjå faren.

  • Torleiv Åvollsson Trydal, f 1916
g 1943 m Anna Marie Nevstad, f 1916, d 1991. Born:
  • Arne Ingolv, f 1943, mekanikar, busett Gjerdrum, g m Anne Lise Solberg
  • Erling Arnt, f 1944, d 1990, ing., busett Asker, g m Anne, born:
  • Øyvind, f 1969
  • Sveinung, f 1973
  • Ingebjørg Ellinor, f 1950, g 1968 m Harald Olsson Rysstad, d 1998, busett Rysstad, jfr. Valle 1, 395, born:
  • Lillian, f 1969
  • Siv, f 1971
  • Torleiv, f 1977

Anna Marie var dotter åt Emma og Anders O. Nevstad i Evje.

Torleiv har vore vegarbeidar, men han og Inger Marie har også drive jordbruk, og i 1954 bygde dei seg nytt uthus. På den tida hadde dei 2 kyr og 1 kalv, 2 griser og ei handfull sauer.

I 1974 overtok Arne Ingolv bruket. Han er busett i Gjerdrum. Han og kona, Anne Lise, f Solberg 1949, har to søner: Gunnar, f 1969, og Bjørn, f 1971.

I seinare tid (pr. 2006) har Torleiv tidvis budd hjå dottera på Rysstad, og tidvis på Bykle bygdeheim.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Systog Grasbrokke (Bykle gnr 17/15) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog Grasbrokke • Neste bolk: Tykkholt