Ohmsbu (Bykle gnr 15/51)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ohmsbu
Gjerden 57b.jpg
Ohmsbu 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1976
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 51
Type: Bustadeigedom

Ohmsbu i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1976. Bykle kommune selde tomta til I/S Øvre Otra, som sette opp ein tenestebustad her same året.

Dei fyrste som budde her var familien Lindås:

  • Einar Lindås, f 1940, d 1987
g m Brita, f 1943. Born:
  • Julia, f 1969
  • Erik f 1971
  • Britt, f 1975

Einar var fødd i Lindås i Nordhordland, men oppvaksen i Fana. Han var ingeniør i I/S Øvre Otra i perioden 1976-82, og familien budde i huset her i denne tida. I 1982 flutte dei til Søgne, og Einar døydde der 5 år seinare.

Dei neste som flutte inn her var Reidar Trydal og familien hans. Dei leigde huset hjå kraftselskapet til 1989, då dei kaupte det.

  • Reidar Jonsson Trydal, f 1955
g 1983 m Ingebjørg Knutsdtr. Hoslemo, f 1958. Born:
  • Torbjørg, f 1983

Reidar kjem frå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8, og er son åt Jon Torsson Trydal og kona, Torbjørg Torjusdotter, fødd Stavenes. Han er ingeniør og arbeider i Agder Energi. Ingebjørg kjem frå Haugen Hoslemo, gnr 4, bnr 5, og er dotter åt Knut Sigbjørnsson Hoslemo og kona, Margit Steinsdotter, fødd Rygnestad. Ho er kontormedarbeidar i Bykle kommune.


0941 Bykle komm.png Ohmsbu (Bykle gnr 15/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Woltsbu • Neste bolk: Ampersbu