Woltsbu (Bykle gnr 15/48)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Woltsbu
Rydda: 1978
Utskilt: 1975
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 48
Type: Bustadeigedom

Woltsbu i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1975. Bykle kommune selde tomta i 1978 til I/S Øvre Otra, og kraftutbyggjaren førde opp ein tenestebustad her.

Dei som budde her fyrste tida var den fylgjande familien:

Bjørg Trydal og Ivar Håkon Bragge då dei gifte seg i 1972. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ivar Håkon Bragge, f 1945
g 1972 m Bjørg Trydal, f 1948. Born:
  • Henning, f 1973, seljar, busett Thailand, ug
  • Håkon, f 1976, grafisk designer, g 2003 m Trine.

Bjørg er frå Trydal Der inne og dotter åt Dreng Torsson Trydal og kona, Borghild Knutsdotter, fødd Trydal. Ivar Håkon er frå Oslo. Han er ingeniør og arbeidde i I/S Øvre Otra inntil han og familien flutte åt Nøtterøy i 1983. Bjørg er lærar.

Då familien Bragge flutte ut, leigde Håkon og Helene Fredly huset hjå kraftselskapet, og 10 år seinare kaupte dei det.

Helene Fredly, bilete funne i kommunearkivet.
  • Håkon Fredly, f 1952
g 1978 m Anne Helene Rigmor Øydne, f 1952. Born:
  • Torkel Reinert, f 1979, bedriftsøkonom, busett Hovden, sjå Malmvegen 4, gnr 2, bnr 293
  • Torstein Andreas, f 1982, sjå nedanfor
  • Anna Kristine, f 1989

Helene Fredly er frå Kvinesdal. Namna åt foreldra hennes er Sigurd og Anna Sofie Elisabeth Øydne. Ho er cand.mag. og har arbeidd i ungdoms- og vidaregåande skule, og dessutan på kulturkontoret i Bykle kommune. Elles er ho politisk engasjert, og har representert Venstre i komunestyre og formannskap. Håkon Fredly er frå Lindesnes. Namna åt foreldra hans er Sverre og Margit Kristine Fredly. Han er trygdesjef i Bykle.

Den yngste av sønene åt Håkon og Helene budde ei tid med sambuaren sin i ei av leilighetene i Fjellgardstun (gnr 2, bnr 20), men våren 2005 selde dei denne. Dei emnar på å byggje på Hovden, men ettersom det prosjektet i skrivande stund [sommar 2006] ikkje er igangsett, har me valt å setje dei opp i bolken om foreldreheimen hans, endå dei ikkje bur her.

  • Torstein Fredly, f 1982
sb m Heidi Lindfors, f 1978

Torstein er kokk, og han og kjærasten hans driv Skikroa ved Hovden Skisenter i skisesongen. Heidi er frå Lojo i Finland, og dotter åt Rolf og Maja Lindfors. Heidi har ei syster som heiter Hanna, som også bur i Bykle, sjå Glidbjørg, gnr 16, bnr 11.


0941 Bykle komm.png Woltsbu (Bykle gnr 15/48) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holen (Der uppe) • Neste bolk: Ohmsbu