Solvang (Bykle gnr 17/43)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Solvang | |
---|---|
Solvang 1.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1970 |
Utskilt: | 1972 |
Stad: | Trydal |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 17 |
Bnr: | 43 |
Type: | Bustadeigedom |
Solvang i Trydal ligg ved bygdevegen sør for Strondi, bnr 5. Huset vart oppsett i 1970, på ei tomt som Eivind O. Trydal fekk hjå faren Olav S. Trydal på Strondi. Tomta vart matrikulert i 1972.
- Eivind O. Trydal, f 1934, d 1991
- g m Ingfrid Nelly Gunvaldsen, f 1939. Born:
- Roy Olav, f 1959, sjømann, g m Bente Pedersen, sjå Roybo, bnr 61
- Leif Henry, f 1965, busett Flatelandsmoen, Valle, oljearb., g m Jorunn Tveiten, born:
- Birgit, f 1995
Ingfrid N. Trydal kjem frå Ådland på Karmøy, og er dotter åt Louis og Helga Gunvaldsen.
Eivind dreiv ei tid drosjeforretning, men gjekk sidan over til å køyre buss, og dei siste 10-15 åra han livde, arbeidde han på renseanlegget på Hovden. Ingfrid arbeider (haust 2004) på bygdeheimen i Bykle.
Solvang (Bykle gnr 17/43) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |