Soltun (Bykle gnr 15/28)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Soltun
Gjerden 42.jpg
Soltun pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1966
Utskilt: 1966
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 28
Type: Bustadeigedom

Tomta Soltun attmed Bykle samfunnshus vart utskilt frå Sarv, bnr 11, i 1966, då Anne Nesland kaupte henne hjå Tarald Rygnestad.

  • Anne Folkesdotter Nesland, f 1913, d 1999, ug

Anne var frå Nesland Der heime, og dotter åt Folke T. Stavenes på det bruket og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, fødd Nesland.

Då ho kaupte denne tomta og sette opp hus her, budde ho i Kristiansand, der ho hadde vore industriarbeidar i mange år. Huset ho sette opp her var stoga frå Søtveiti, som ho kaupte hjå Olav Ånundsson Tveiten, og flutte hit.

Etter nokre år i Bykle flutte Anne attende til Kristiansand. På slutten hamna ho på bygdeheimen her i bygda. Huset sitt her selde ho i 1970 til Knut O. Lyngtveit og kona, Gunhild Ånundsdotter, fødd Tveiten. Knut og Gunhild trong ein ny verestad ettersom Lyngtveit, gardsbruket deira, skulle demmast ned i samband med reguleringa av Bossvatn. Dei flutte hit i 1974. Knut døydde i 1981, Gunhild i 1995. Ein kan lesa meir om dei i bolken om Lyngtveit, gnr 11, bnr 3, 6, 7 og 8.

Etter at Knut og Gunhild båe var borte, ervde borna deira huset. Eitt av barneborna overtok det dinest. Det var i 1996.

Hildegunn Mosdøl ca 1980, bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Hildegunn Mosdøl, f 1961
sb m Tom Olav Trydal, f 1973

Hildegunn kjem frå Mosdøl, bnr 3, og er dotter åt Knut O. Mosdøl på det bruket og kona, Tore, fødd Lyngtveit. Hildegunn arbeider som sekretær i Bykle kommune.

Tom Olav er frå Åsdokk, gnr 17, bnr 21, og son åt Hallvard O. Trydal, og kona Randi, fødd Arntsen. Tom Olav arbeider som snikkar.


0941 Bykle komm.png Soltun (Bykle gnr 15/28) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fossheim • Neste bolk: Sarvskroken