Åsdokk (Bykle gnr 17/21)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsdokk
Trydal 68.jpg
Åsdokk 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: omkr. 1871
Utskilt: 1935
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 21
Type: Småbruk

Åsdokk er eit småbruk sunnanfor sjølve Trydalskvelven i Bykle kommune, omlag i breidd med Grasbrokke, men på vestsida av Smidjehylen. Kvifor bruket i den gamle gards- og ættesoga (18) vert omtala som Åstog er uvisst, ingen andre kjelder kjenner den namneforma, og at Åsdokk er det rette vert stadfest av stadnamna på austsida, Kvernhusåsen og Åsdekkane.

Som så mange av småbruka i Bykle har også dette opphavet sitt i ein husmannsplass, og Åsdokk var plass under Nordstog. Her budde ingen i 1865, men i 1875 var her både rudd og busett. Det viktigaste som skjedde med Nordstog Trydal i tida mellom 1865 og 1875 var at Knut Hallvardsson Hisdal i 1867 fekk hand om garden. Knut Hallvardsson var son åt Gunvor Folkesdotter, som var syster av Åse Folkesdotter, kona åt Olav Salmundsson, som var fyrste oppsitjaren me veit om i Åsdokk.

Olav og huslyden hans hadde i årevis fyrr dei kom hit flakka og flutt som bruksfolk (medbrukarar) frå den eine garden til den andre. På denne bakgrunnen kunne ein halde det for truleg at Knut Hallvardsson, straks han fekk tak i Nordstog, sette bort Åsdokk til morsystera og mannen hennes. Husmannskontrakt fekk dei også, «paa lengstlevendes levetid», som det heitte, men den vart ikkje skrive fyrr nokre år seinare, i 1875, då plassen var ferdig etablert.

Dette resonnementet er likevel berre nesten korrekt, når det gjeld årstalet for flytjinga. Grunnen til at me kan vita dette, er at dottera Birgit vart konfirmert frå Gjerden sumaren 1871, så då har dei nok ikkje kome hit fyrr tidlegast om hausten det året.

I 1875 hadde i alle høve plassen fått stoge og eit lite fjos med 9 geiter. Vidare var her åker til å så 1 1/2 tunne bygg og setje 3 tunner jordeple. Denne sånaden svarar til omlag 5 mål åker.

  • Olav Salmundsson Tveiten, f 1819, d 1886
g m Åse Folkesdtr. Trydal f 1827, d 1886. Born:
  • Salmund, f 1847, d 1927, ug, sjå nedanfor
  • Folke, f 1849, busett Kristiansand, d 1915, sjå nedanfor, g 1879 m Anne Dorthea Danielsdtr, f 1846, dødsår ukj., born, iallfall:
  • Olav, f 1883
  • Dagny, f 1885
  • Fredrik August, f 1887
  • Aagot, f 1890
  • Ingebjørg, f 1891
  • Gunnar, f 1852, g 1877 m Jorunn Eivindsdotter Trydal, til Amerika 1877, sjå nedanfor
  • Margit, f 1854, g 1887 m Arne Knutsson Byklum, sjå Lii, gnr 14, bnr 3
  • Birgit, f 1856, g 1881 m Åsmund Tarjeisson Trydal., til Amerika 1882, sjå nedanfor
  • Tore, f 1859, til Amerika 1882, g m Gunnar Snærisson Tveiten, 1894 busett Polk County, Minnesota
  • Torleiv, f 1861, d 1862
  • Torleiv, f 1864, d 1894, ug
  • Tone, f 1867, g 1889 m Olav Kjetilsson Berdalen, sjå Bykilsmoen, gnr 13, bnr 8

Olav var son åt Salmund Snærisson Ryningen og kona, Margit Olsdotter, fødd Stoplestog.

Folke Øyulvsson og kona, Birgit Knutsdotter, som budde i Trydal Der inne og sidan i Ytre Moen, var foreldra av av Åse Folkesdotter.

Folke Olavsson hamna i Kristiansand. Anna Dorthea, kona hans, var fødd der i byen som dotter åt ein Daniel Åsuldsen. I folketeljinga frå 1900 finn me Folke som «portner» ved Eg asyl. Då han døydde i 1915, hadde han framleis det yrket. Borna hans veit me ikkje meir om enn det som står i den nemnde folketeljinga, og det er nesten berre namn og alder, men om sonen Olav vert det opplyst at han var «Røgtobaksarbeider». Oppgåvene om giftemålet og dødsfallet åt Folke har Reidar Vollen funne i ei kyrkjebok frå Kristiansand.

Birgit Olavsdotter gifte seg 26.2.1881 med Åsmund Tarjeisson Trydal frå Systog. Dagen etter døypte dei ei dotter, Birgit, som var fødd i Stavenes 11.12.1880. I 1882 budde dei hjå foreldra hans i Systog, og 3.6. det året fekk dei dottera Åse. Ein månad seinare reiste dei til Amerika, ser me i emigrantprotokollen frå Kristiansand. På skiftet etter Tore O. Trydal, farsyster åt Åsmund, som vart halde i 1890, vart det opplyst at dei det året hadde adresse i MacIntosh, Polk County, Minnesota.

Den same adressa vart 4 år seinare oppgjeve for systera, Tore, som i Amerika hadde gift seg med syskenbarnet Gunnar Snæresson Tveiten. Gunnar, veit me, hadde fylgt foreldra til Amerika så tidleg som i 1868. Dei er nærare omtala under Ryningen.

Gunnar Olsson og kona, Jorunn Eivindsdotter, tok ut til Amerika med eit emigrantskip frå Kristiansand i 1877.

Torleiv Olavsson døydde, som det går fram ovanfor, ugift i 1894. Han «falt fra Byklestigen ut i elven og druknet», fortel kyrkjeboka.

Salmund Olavsson vert ihugkomen som bjørnejeger og storfiskar. Han vart lenge verande i Åsdokk etter at foreldra var døde og syskena utflutte. Eingong fyre 1900 har han truleg sett seg utveg til å kaupe plassen, ettersom folketeljinga frå det året kallar han «jordbrugsarbeider og selveier». Etter den same kjelda budde han då åleine på bruket.

  • Salmund Olavsson Trydal, f 1847, d 1927, ug

Salmund var framleis i Åsdokk i 1913, då han vitna i ei rettssak. Mot slutten av livet budde han mest hjå ymse skyldfolk, og etter det Margit K. Trydal har fortalt, døydde han hjå systerdottera Sigrid Arnesdotter i Hagen, Byklum, der han budde på skjeldtilet, og dette stemmer med kyrkjeboka, som viser at han vart gravlagd frå Byklum. Det var i 1927, og Margit var då 7 år gamal, men frå ho var lita hugsa ho godt at han stundom kom heim til foreldra hennes i Sollid med store fiskehenker.

I den gamle gards- og ættesoga (19) les me at Olav Gunnarsson Hoslemo (f 1872) «bruka ein del av Åstog [les: Åsdokk] nokre år». Dette meiner me er gale, ettersom me har tolleg god oversikt over kvar Olav Gunnarsson heldt seg, og i det livslaupet er det ikkje rom for at han kan ha ha hatt fast tilhald her. Derimot budde han lenge i ei stoge i Der aust i Bjørnarå, som vart kalla Åstog. Me har omtala Olav og familien hans nærare i bolken om Bjørnarå Der nede, gnr 18, bnr 4.

Birgit Gunnarsdotter, f 1879, var fødd på Reini i Mo som dotter åt Gunnar Olsson Hoslemo, som i denne boka er handsama i bolken om Heggjesletta. Då ho gifte seg med Olav Kjetilsson Flateland i 1902, budde ho i Åsdokk, og vart difor oppskrive i kyrkjeboka med etternamn Trydal. Biletet her er eit ateliefoto av F. Køhn i Kristiansand. Me vil tru at det er teke fyre ho gifte seg. Frå samlinga til Setesdalsmuseet.

Men om ikkje Olav Gunnarsson budde i Åsdokk, er det på det reine at foreldra hans, Gunnar Olsson Hoslemo og kona, Ingebjørg Folkesdotter, gjorde det. Me har omtala dei nærare i bolken om Heggjeslettune under Byklum, der dei heldt til i 1875, men dei bia sjeldan lenge nokon stad, og i folketeljinga frå 1891 finn me dei her saman med dottera Birgit og sonen Folke. Borna flutte etter kvart ut, men Gunnar og Ingebjørg budde her båe til dei døydde, ho i 1897, han i 1899. Etter det Margit K. Trydal kunne fortelje, var det eit heller kleint hus dei hadde, ei lita tømre med jordgolv. Denne stoga sto på same tufta som der huset til Hallvard, son hennes, står nå.

Etter at Salmund Olavsson slutta å bu fast i Åsdokk, får me eit tomrom fyrr me finn neste oppsitjar. Dette varer til Olav Hallvardsson Trydal frå Der inne i 1935 tok avgjerd om å setje i gang med bureising på den gamle plassen, og same året fekk skøyte av faren Hallvard Knutsson. Dersom Salmund, slik folketeljinga frå 1900 tyder på, hadde kaupt bruket, må han ha selt det attende til Hallvard Knutsson. I så fall har desse transaksjonane gått fyre seg utan tinglysing, men då Salmund døydde, vart han oppskriven som foddogsmann, ser me, og me veit ikkje om at han kunne ha voner om foddog frå andre kjelder.

I alle høve starta Olav meir og mindre frå nyo på bruket, som difor fekk status som bureisingsbruk. Det måtte både byggjast hus, og brytast åker og jorde. Uthusbygningen med fjos, stall og løe sto ferdig i 1938, og året etter var det nye stogehuset på plass.

  • Olav Hallvardsson Trydal, f 1913, d 2001
g 1942 m Margit Knutsdotter Sollid, f 1920. Born:
  • Borghild, f 1943, sjukepl. g 1970 m Hans Hugo Elverland, f 1943, busett Tromsø, born:
  • Hanne og Marit, tvill, f 1970
  • Siri, f 1974
  • Hallvard f 1945, g m Randi Arntsen, sjå nedanfor
  • Tone Karina, f 1948, hj.pl., busett Songdalen, g 1971 m Sveinung Esperås, Kristiansand, f 1947, born:
  • Hilde f 1974
  • Irene, f 1977
  • Tor Arild, f 1984
  • Torhild, f 1952, barnehageass, busett Rysstad, g 1975 m Einar Olsson Brokke, f 1951, born:
  • Olav Inge, f 1976
  • Sigrunn, f 1980, jfr Valle II, 401
  • Kristine, f 1963, helsesekretær, busett Kristiansand, g m Per Inge Rønsberg, f 1956, born:
  • Tina, f 1990
  • Ingrid, f 1993

Knut Bjugsson Homme og Margit Olavsdotter, fødd Hagen, var foreldra av Margit Knutsdotter. Desse kan ein lesa om i bolken om Sollid, gnr 13, bnr 38.

I 1953 vart her registrert ein buskap på 1 hest, 2 kyr, 3 kalvar, 7 griser og 22 sauer. Ved sidan av bruket arbeidde Olav også ein del på anlegg, men jordbruket var hovudyrket. Kring 1960 hadde dei 4 kyr, kring 10 griser og ein del sauer. For å skaffe nok fór slo dei også i Bjørnarå og Hisdal. Olav skaffa seg traktor i 1960, men hadde likevel hest til 1964, for høyet frå Hisdal måtte køyrast på gamlemåten.

Hallvard Olavsson overtok bruket av faren i 1979.

Åsdokk pr 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes
  • Hallvard O. Trydal, f 1945
g 1973 m Randi Arntsen, f 1953. Born:
  • Tom Olav, f 1973, snikkar, sjå Soltun, gnr 15, bnr 28
  • Anette, f 1973, sjukepl, sjå Åsen, gnr 15, bnr 13
  • May Britt, f 1976, barnehageass., g hv m Ingemar Jegteberg, sjå Myri 1, gnr 14, bnr 66

Randi Trydal er frå Kristiansand, og dotter åt Asbjørn og Gerda Arntsen.

Hallvard og Randi flutte i 1975 inn i nytt hus eit stykke ovanfor tunet til foreldra. Hallvard arbeider som bygningssnikkar, medan Randi er hjelpepleiar på Bykle bygdeheim.

Bruket er i og for seg framleis i drift, for så vidt som May Britt har 10 sauer, som bestemor Margit hjelper henne å stulle. Totalarealet på eigdomen ligg på kring 1100 mål, av dette 23 mål dyrka mark.


0941 Bykle komm.png Åsdokk (Bykle gnr 17/21) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Stigamidjom • Neste bolk: Svingen