Byklestigen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byklestigen i 1974, før restaureringa.
Foto: Reidar Tveito

Byklestigen er ein del av den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. Det er eit farleg parti av vegen, som no er erstatta av riksveg 9 som går i tunnel her.

Ein veit ikkje når vegen fyrst vart opparbeida, men han byrja som ein bratt stig og er nemnt i 1780. Det vart sett opp rekkverk på begge sider av kleiva. Ein kunne ikkje ri opp stigen, og ein kunne heller ikkje ha kløv på hesten om ein var åleine. På vinteren var det særs farleg å nytte vegen, for vatn frå fjellet fraus til is. Fram til omkring 1770 var det få som torde å ta seg fram med hest her.

I 1879 vart vegen mellom Valle og Bykle utbetra, så ein kunne ta seg fram med hest og vogn nede langs elva. Byklestigen vart etter dette brukt mindre. I 1975 vart den delen som hadde vore nytta frå 1840-åra til den nye vegen kom i 1879 restaurert av Statens Vegvesen. Vegsjef Johannes B. Irgens var oppteken av å få restaurert den gamle vegen. Arbeidet vart utført av Tor Trydal og Knut Bjørnarå frå Bykle. Dei nytta gamle metodar, som trenaglar i staden for spiker i samanføyinga av tømmeret. Seinare har vegen lenger sør vorte restaurert. Langs elva har vegen frå 1879 vorte avstengt, og her restaurerte ein i 1992 ein eldre del av Byklestigen.

I 1997 vart stigen vald til Bykle kommune sitt kulturminne i kulturminneåret.

Kjelder

Koordinater: 59.32064° N 7.32288° Ø