Ytre Moen under Trydal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytre Moen
Alt. namn: Ytre Moen under Trydal Der inne
Stigamoen under Trydal Der inne
Rydda: 1855
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 17
Type: Husmannsplass

Ytre Moen under Trydal Der inne i Bykle kommune vart seinare busett enn enn Øvre Moen. Her var ingen i 1801, og dei fyrste me kan vita budde her er Sigurd Kristensson Hisdal og huslyden hans, som var her frå våren 1828.

Sigurd fekk husmannskontrakt her hjå Hallvard Knutsson Hisdal i 1831, men berre for eitt år om gongen, og «han skal opgive Pladsen naar forlanges». Om dette nokon gong vart forlanga, eller kva tid det i så fall var, veit me ikkje. Det me kan slå fast er berre at Sigurd med tida flutte attende til Hisdal, og budde der då kona hans døydde i 1850. Det me elles har å melde om han og familien han står i bolken om Hisdal Der uppe, bnr 3.

Noko seinare kjenner me til eit anna ektepar som budde her. Dei kan kanskje ha flutt hit som busetar alt medan Sigurd Kristenssson var her. Iallfall var dei her då mannen døydde:

  • Mikkel Knutsson Maurlii, f 1774, d 1842
g 1808 m Gunhild Olavsdtr. Strandestøyl, f 1766, d 1847, ikkje born.

Mikkel var son åt Knut Mikkelsson Mosdøl i Maurlii og kona, Hæge Åsmundsdotter, fødd Berdalen. Gunhild var dotter åt Olav Åsmundsson Berdalen og kona, Ingebjørg Jonsdotter, fødd Brotteli. I 1804 hadde ho fått ei dotter, som vart kalla Eli, med Alv Tovsson Mosdøl, han som seinare budde i Holen. Men barnet døydde etter 3 månader, og sidan fekk ho ikkje fleire.

Mikkel og Gunhild var båe på Moen då han døydde i 1842. Han vart då oppskriven som fatiglem. Då Gunhild døydde 5 år seinare, var ho framleis i Trydal, men ettersom ho då vert kalla legdslem, er det uvisst kvar ho budde.

Dei neste me kan vita heldt til her er Folke Øyulvsson Brokka og folket hans, som flutte hit kring midten av 1850-åra. Me har fortalt om Folke og huslyden hans i bolken om Der inne. Det som her skal leggjast til er ikkje stort meir enn det me finn i folketeljinga frå 1865. Men for samanhengens skuld lyt me likevel fyrst taka med at Folke hadde vore bruksmann i Der inne i omlag 30 år, då han i 1855 vart sinnssjuk og laut umyndiggjerast. Vidare høyrer det med at Knut Hallvardsson Der inne ytte kår til bestefaren frå han overtok bruket sitt i 1856, og at retten til å sitje fritt i Ytre Moen så lenge Folke eller Birgit, kona hans, livde, var ein del av dette kåret.

I 1865 finn me difor Folke og Birgit på Moen. Han er då ein «husmand med jord» på 71 år med tilleggsmerkelappen «sindssvag fra sit 61. år». Med seg til hjelp hadde det gamle ekteparet både den endå ugifte dottera Gunhild, den gifte dottera Ingebjørg og Gunnar Olsson, mannen hennes. Dei sistnemnde kjem me litt attende til nedanfor.

Av kretur var her det året 6 kyr, 16 sauer og 9 geiter. Dei sådde 1 1/2 tunne bygg og sette 3 1/2 tunner jordeple, noko som med folltal på 5 for bygg og 6 for poteter, som dei rekna med i sørenden av Bykle på denne tid, skulle gjeva ei nettoavling på 6 tunner korn og 18 tunner jordeple. Dette livde dei truleg nokså bra av. Me skal prøve å grunngjeva denne påstanden med nokre enkle reknestykke.

Tradisjonelt meinte dei i Bykle (og mange andre stader ) at det trongst 3 tunner korn pr år pr person, noko som etter vår tids reknemåte vil gjeva ca 2500 kcal pr person og dag. Me kan då setje kornbehovet på Ytre Moen i 1865 til 15 tunner i året, og næringsverdien av jordepletunna svara grovt rekna til tredjeparten av korntunna. Etter dette skulle dei med den oppgjevne sånaden få eit grjonunderskot på omlag 3 tunner byggverdi i året, som i 1865 skulle koste 15 speciar. Men med den buskapen dei fødde skulle dei kunna selje smør, ost og slaktedyr for minst 25 dalar i året, og endå ha suvl att til eige bruk. Dermed skulle der vera eit lite overskot for huslyden i Moen, kanskje nok til nokre tobakksrullar og eit brennevinsanker eller to i året. Til å vera på ein husmannsplass i Bykle må dette oppfattast som gode vilkår, og om Folke og Birgit i tillegg fekk korn og andre matvarer hjå Knut Hallvardsson, som dei må ha hatt krav på, må ein tenkje dei hadde det etter måten romsamt.

Etter at Folke Øyulvsson var død i 1873 veit me ikkje om at det budde nokon på Ytre Moen fyrr Ingebjørg, dotter hans, og ektemaken, Gunnar Olsson Hoslemo, kom flytjande hit kring 1880, dei hadde då budd ei tid einkvarstad i Mosokn. Kor lenge dei vart verande på plassen er også uvisst, men det er visst at dei budde her i 1882 og 1884. På 1890-talet sat dei i Åsdokk, og dei er difor noko omrødde der, men hovudomtalen av dei er plassert i bolken om Heggjeslettune under Byklum, dei der heldt til i 1875.

Nett kva tid Ingebjørg og Gunnar flytte frå Ytre Moen og til Åsdokk har me ikkje funne ut, men om me seier 1890, kan det ikkje vera mykje gale. Hallvard Knutsson frå der inne tykkjest ha budd her frå 1897. Som me har gjort greie for i bolken om Der inne, vart Ytre Moen frå dette leitet og frametter tyngdepunktet i det nye Moen, bnr 8, der fyrst Hallvard Knutsson og sidan Tor, bror hans, var oppsitjarar.


0941 Bykle komm.png Ytre Moen under Trydal er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Øvre Moen • Neste bolk: Moen