Tveiti (Bykle gnr 11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveiti
Tveiten 1.jpg
Tveiti-gardane, med Heimtveiti lengst framme.
Rydda: Truleg folkevandringstida
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 11
Type: Gardsbruk

Tveitegardane ligg i austenden av Bossvatn i Bykle kommune. Mot vest grensar dei mot Nesland, i aust mot Mosdøl og i sør mot Holen. Nordetter er det hei og fjell inntil dei møter Vatnedalen og Hoslemo.

Matrikkelnamnet er Tveiten, men bygdemålsforma av namnet er Tveiti, avdi ordet tveit er hokjønn. Som etternamn eller familienamn har folk alltid skrive Tveiten, eller - i eldre tid - Tvedten. I framstillinga her har me freista å halde fast på dette mønsteret, slik at me nyttar Tveiti om garden, medan me har Tveiten som etternamn på dei som har namnet sitt herifrå.

Gardsnamnet Tveiti er eit typisk vikingtidsnamn, men garden må i minsto vera noko eldre enn som så. Grunnen til at me kan vita dette, er at her er gjort rike jordfunn frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.), og dertil jamvel steinalderfunn. Til saman gjer desse funna det truleg at her har vore meir eller mindre samanhengjande busetnad svært langt attover i tida.

Ordet tveit, f, skal etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog, 350a) m.a. tyde «et smalt Mellemrum, en Græsplet mellom Skov og Klipper». Som gardsnamn er tydinga likevel meir uviss, «maaske snarest et Sted hvor Træer er fældede», seier han. Oluf Rygh (Norske Gaardnavne: Indledning, 83) viser til Aasen sine tydingar, men set deretter namnet i samband med det angelsaksiske verbet þwitan, «afskjære, skjære i stykker», og ordet skulle då tyde tyde «udskilt part, for sig beliggende jordstykke.» Så langt ein kan leggje den sistnemnde tolkinga til grunn, skulle namnet peike i retning av at Tveiti ein gong i tida har gått ut frå ein eldre opphavsgard. Men er det då mogeleg å finne nokon såvoren?

Johannes Skar har gjeve att eit tradisjonsdrag der det fortelst at Skarg, som er ei nokså stor grasslette nedmed Bossvatn, heilt i austenden av vatnet, var den fyrste garden i Nordbygdi (Gamalt or Sætesdal, II, 8):

Heim i bygdi var fire gardar upprudde. Mugg Byklum rudde på Byklum, og hjurdingen i Jarinn. Av systrene hans rudde den eine i Mosdøl og den andre på Bjørnarå. I Nordbygdi var Skarg upprudd. Men husi brann ned med dei slo på heidi. Hjurdingen gjætte på Tveitefjødd då og såg koss det brann. Då lilla han i lurhorn:

«Kjyri ligg i dikje',
skrubben hev drep' 'an Svårt,
å de brenn'e husi
på Skargji»,

sa han. Då flutte dei husi upp under Tveitefjødd, og kalla garden Tveiten.

Såvorne tradisjonar er ofte lite å sæte på, men denne får medhald hjå arkeologane, som har berrlagt fleire tufter og dessutan to gravhaugar på Skarg. Den eine hustufta er nøye undersøkt, og arkeologen Perry Rolfsen meiner huset som har stått her «er anlagt i slutten av eldre jernalder - trolig på 500-tallet, og at det har vært bebodd gjennom yngre jernalder og sannsynligvis inn i tidlig middelalder» (Rolfsen, P.: «En fjellgård fra jernalderen i Bykle», Viking 1976, 97). Det er også funne eit par yngre tufter på Skarg, som arkeologane meiner kan vera etter dei husa som i fylgje segna skulle ha stått der fyrr dei flutte tunet åt Heimtveiti. Når arkeologien og bygdetradisjonen stør opp om kvarandre, lyt ein tru at opplysningane står sterkt.

Ålmenne vurderingar peikar i same lei som dei arkeologiske observasjonane. Alfred Ryningen (h.oppg. norsk, UiO, 1979, 60), har drege fram dei fylgjande momenta:

Etter tilhøvi i Bykle, og særskilt i Nordbygdi, var det store og fine jorde her, for største delen av [den 27 mål store] sletta, var dyrka. Herifrå var det stutt veg til heis der villreinen gjekk i flokkar, og fisk var det nok av i Bossvatn, som samstundes tente som ei viktig ferdselsåre, der ein lettvindt kunne kome mest halvonnor mil vestigjennom. I liane rundt reiste snøen tidleg, slik at det vart godt beite for buskapen, og kornet mogna au snøgt, iallfall sett i høve til høgdi over havet. Fleire

gamle ferdavegar gjekk herifrå, både vestover og mot aust.

Alt sett under eitt virkar det då høgst rimeleg at Skarg har vore ein stad der folk tidleg valde å slå seg ned.

I fylgje Svein Tveiten må dette biletet frå Skarg vera teke ein gong i åra 1967-1972. Elveløpet for Skarjesåne vart lagt om i 1965, og på biletet er det grave så mykje at det må ha gått minst eit par år etter dette. Vidare ser ein at det er hesjer på biletet, og siste året det vart slege i Heimtveiti var 1972. Fotografiet kan difor ikkje vera yngre enn 1972. Kven som har teke det er ikkje kjent, men hit kom det frå samlinga til Folke Nesland.

Den språklege tolkinga av namnet Skarg er vanskeleg. I den gamle gards- og ættesoga (s.220f) har Tarald Nomeland kome med eit framlegg til forklaring: «[...] ei bygdeform av substantivet ei skjergje, som tyder berr flekk [...] Namnet skulle då tyde: ein stad som tånar tidleg, ein stad der det snøgt vert berrflekker, tåflekker». Men Alfred Ryningen slår fast at «denne teorien har lite føre seg», avdi «den som er noko kjend i området, vil vite at Skarg er ein av dei stadene i Nordbygdi der snøen ligg lengst om våren» I staden dreg Ryningen fram ei indogermansk rot '(s)ker(g)', som har lege til grunn for ymse ord for 'innskrumpa, magert, karrigt' og liknande, og som i norønt ville få vokalskifte til (s)kar(g). Vidare skriv han:

Når det gjeld den ikkje-språklege sida av saka, kan det seiast at jordlaget på Skarg ikkje var særs tjukt, og det må vera grunn til å tru at det har vore endå tunnare for halvtanna tusen år sidan, då garden etter alt å døme vart rudd. Slik sett er det kanskje ikkje så urimeleg med ei tolking som går på noko magert og skrint jordkynde.

Dinest kjem me til spursmålet om Skarg (og dermed Tveiti) er eldre gard enn Nesland, og dermed eldste garden i Nordbygdi. Arkeologen Egil Mikkelsen meiner det, og kanskje har han rett. (Mikkelsen, E.: «Et gravfunn fra Folkevandringstiden ved Botsvatn, Bykle, Setesdal», Årsskrift for Agder historielag. 1972). Men svært stor avstand i tid er det nok likevel ikkje mellom dei to gardane. Helst har dei båe kome til som fast etablerte verestader i folkevandringstida, dvs. mellom åra 400 og 600 e. Kr.

Den fyrste husestaden i Tveiti, etter flytjinga frå Skarg, skal ha vore på Øytveit. Hit har tunet i Heimtveiti nå kome attende, etter at Svein Tveiten har sytt for å flytje det på nytt. Men det eldste tunet her vart etter tradisjonen øydelagt av eit jord- og steinras, som på grunnlag av måling av matjordlaget over rasmassene vert plassert til 1500-talet. Etter raset kom det opp eit nytt tun lenger ned mot vatnet.

Den samla skylda i Tveiti frå 1645 og frametter var 1 1/2 hud eller 18 kalveskinn. Dette er same skylda som Nesland vart redusert til i 1647, men me kjenner ikkje skylda i Tveiti tidlegare i 1600-åra (oppgåvene frå 1624 er ufullstendige), så me veit ikkje om det var nokon skyldreduksjon her.

Ei anna sak er at det ser ut til at Holen, som hadde ei skyld på 6 skinn, på 1500-talet låg under Tveiti. Om ein vil taka dette med i rekninga, får Tveiti ei gamal skyld på 2 huder, dvs. det same som Nesland.

På 1500-talet og eit stykke inn i 1600-åra tykkjest her ha vore berre eitt bruk og ein oppsitjar. Men frå 1645 og frametter mot slutten av 1700-åra finn ein jamt tre bruk med ei skyld på 6 skinn eller 1/2 hud kvar, det var Heimtveiti, Nordtveiti og Ryningen.

I 1838-matrikkelen er likevel berre oppført 2 bruk. Forklaringa på dette er at oppsitjarane i Heimtveiti sidan 1795 også hadde ått Nordtveiti. Etter den nye matrikkelskylda vart Heimtveiti/Nordtveiti rekna til 2 dalar 1 ort 4 skilling, medan Ryningen vart sett til 1 dalar 3 skilling, slik at den samla skylda på garden vart 3 dalar 1 ort 7 skill. Dermed sto Tveiti 21 skilling eller omlag 7 pst. høgre i skyld enn Nesland.

I 1877 vart eit skogstykke som i lange tider hadde høyrt til utanbygdes folk matrikulert for seg, og i 1882 vart Nordtveiti kløyvd ut frå Heimtveiti på nytt lag.

Ved matrikkelrevisjonen i 1886 var det etter dei nemnde delingane 4 Tveiti-bruk med ei samla skyld på 5,77 mark, mot Neslands 5,17. Det var for det fyrste Heimtveiti, som vart bnr 1 og fekk ei skyld på 2,53 mark. For det andre var det Nordtveiti, som fekk bnr 2 og 1,39 mark. For det tredje var det det ovannemnde skogstykket, som fekk bnr 3 og ei skyld på 4 øre, og for det fjerde var det Ryningen, som vart bnr 4 med ei skyld på 1,77 mark.

Litveit var ein parsell i austkanten av Ryningen, med tilhøyrande utmark på sørsida av vatnet, som vart dela ifrå til bureising i 1915. Dette bruket fekk bnr 5 og vart skyldsett til 16 øre. Men kort etter utskiljinga flutte bureisaren åt Kyrkjebygdi, og hadde då ikkje bruk for Litveit. Bruket gjekk difor attende til Ryningen i 1925.

I 1923 vart Lyngtveit på sørsida av Bossvatn matrikulert som eit eige bruk. Dette bureisingsbruket gjekk ut frå alle dei 3 eldre bruka, og vart skyldsett til 3 øre, som vart trekt ifrå med 1 øre frå kvart av Heimtveiti, Nordtveiti og Ryningen. Sidan Lyngtveit såleis gjekk ut frå 3 bruk, fekk det også 3 bnr, det var bnr 6, 7 og 8. I 1933 fekk oppsitjaren på Lyngtveit også kaupe bnr 3, den såkalla Rosenkildeskogen, og dermed vart Lyngtveit bnr 3, 6, 7 og 8.

I tillegg til dei matrikulerte bruka kjem også eit par verestader som aldri vart skyldsette for seg sjølve. Det er for det fyrste plassen Løyning, og for det andre småbruket Søtveiti. Løyning var ein husmannsplass som låg eit par km nordaust for Tveiti. Plassen låg under Ryningen, og vart difor også omtala som Ryningsløyning. Staden var busett frå midt på 1820-talet og til 1846. Søtveiti eksisterte som ein busett verestad for seg sjølv i åra frå 1917 til 1950. Bruket var ein part av Heimtveiti, som eigaren i 1916 tok av for seg og kona då han selde hovudbruket. Parten har sidan gått attende til Heimtveiti.

I åra frå 1991 til 1993 vart det halde jordskifte i Tveiti. I dette vart mykje gamalt eigedomshopehav avvikla. Men nordafor garden ligg det framleis eit stort fjell- og heiareal i sameige mellom alle bruka i Tveiti og Nesland. I dette området, som vert oppgjeve til å omfatte ialt 82 570 mål, har då kvart bruk eigedoms- og bruksrett i samhøve med landskylda. Alle dei 3 bruka har dertil sine særskilde utmarksområde både på nord- og sørsida av Bossvatn.

Fyrr me går vidare set me inn ei oppsummering av det som ovanfor har kome fram om bruksutviklinga på garden i tabellform:

Bruksutviklinga i gnr 11 Tveiten

Bnr Bruksnamn Etabl.år Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.-år Kategori, evt. merknader
1 Heimtveiti 400-600 253 1624 Hovudbøle
2 Nordtveiti Ca 1640 139 Heile gnr 11 1645 Gardsbruk
3 Rosenkildeskogen 1707 4 Bnr 1 og 4 1877 Skogstykke, lagt til bnr 6, 7 og 8 i 1933
4 Ryningen Ca 1640 177 Heile gnr 11 1645 Gardsbruk
Løyning ca 1825 Bnr 4 Ca 1825 Husmannsplass, vart lagt innatt i bnr 4 i 1846
5 Litveit 1915 16 Bnr 4 Ca. 1915 Småbruk, vart lagt innatt i bnr 4 i 1925
Søtveiti 1916 Bnr 1 Småbruk, vart lagt innatt i bnr 1 i 1950
3, 6-8 Lyngtveit 1923 3+4 Bnr 1, 2 og 4 1923 Småbruk, bnr 3 vart lagt innåt dette bruket i 1933

Dermed skulle me ha eit oversyn over bruka i garden, og kan gå over til å taka fyre oss dei einskilde einingane og dei som budde her. Fyrst kjem me då til den eldste eininga, som femnde over heile den nåverande matrikkelgarden.

Den udela garden

{thumb|Tveiten 2 b.jpg|Jamvel om gardane er fråflutte, er røtene framleis sterke.|Folke Nesland}} Torgrim Olavsson heitte ein mann. Han er den fyrste me kjenner til som me kan vera tolleg sikre på både åtte Tveiti og budde her. Forfedrane hadde også garden, og kan godt ha budd her, men utan at me kan vita visst kvar dei heldt til, men Torgrim var altså frå Tveiti. Han er nemnd i fleire brev frå 1541 og frametter. Siste venda me finn han omtala er så seint som i 1597, då han forlengst var død, men i dokumentet frå det året går det fram at far hans heitte Olav Gunnarsson, og at far hans att heitte Gunnar Roaldsson, som då lyt ha vore son av ein Roald.

Vidare skjønar me at Tveiti hadde gått i arv frå far til son frå og med Roald og til og med Torgrim. Reknar me generasjonane attover på vanleg måte, kjem me til at Roald må ha vore fødd ein gong i byrjinga av 1400-åra. Dette er då den eldste ættlekken me kjenner frå Bykle.

Men denne gamle odelsrekkja tok slutt då Torgrim Olavsson avhenda garden, og det på ein nokså uvanleg måte. Samanhengen var at Torgrim hadde gjort ein unge med Anlaug Arnesdotter Espetveit, og for den skuld kome i ugreie med far hennes, som heitte Arne Tjodgeirsson. Arne var tydelegvis imot at dottera skulle gifte seg med barnefaren, og for at han «maatte beholde hans Datter med Venskab til Egte», laut Torgrim gjeva han Tveiti. Torgrim og Anlaug kom sidan til å bu i Myrom i Valle (Jfr. Valle V, 59 ff).

Me veit ikkje nett kva tid dei omtala hendingane fann stad, men det må ha vore fyre 1541. For i det sistnemnde året selde Tallak Salmundsson garden til Salmund Aslaksson, far sin, og Tallak, står det, hadde kaupt han av ovannemnde Arne Tjodgeirsson.

Men Torgrim Olavsson var også part i handelen i 1541, for så vidt som at han samtykte i overdraginga, og dermed gav avkall på å nytte odelen sin til Tveiti. Grunnen til at me kjenner til alt dette er at sønene til Torgrim, Bjug og Askjell Myrom heitte dei, i 1597 prøva seg med eit odelssøksmål mot dei som då åtte Tveiti, det var Bjørgulv Nesland «og hans medbrødre», står det. Myrom-karane fekk ikkje medhald i at dei skulle taka over Tveiti, men retten fastsette at Bjørgulv Nesland og medeigarane hans skulle yte dei 22 dalar og ein hest til 6 dalar, så søksmålet var ikkje bortkasta.

Vidare fortel rettsreferatet frå 1597 at Holen gjekk med på handelen då Tveiti vart selt i 1541, og dette oppfattar me slik at Holen på 1500-talet var underbruk under Tveiti. Når eit såpass stort underbruk såleis kunne fylgje udela med i salet av hovudbølet, tek me det som teikn på at også Tveiti på denne tid var udela. Det var altså heile Tveiti som var på handel i 1541.

Denne gamle moksleden frå Heimtveiti er sjølvsagt ikkje frå 1500-talet. Men me torer vel tru at forma på såvorne køyregreie ikkje endra seg så mykje gjennom tida. Foto frå Setesdalsmuseet.

Eit brev om eit sal av «gaarden Tvet» frå 1595, som er referert i den gamle gards- og ættesoga (65), har me vanskeleg for å få til å ha noko med Tveiti i Bykle å gjera i det heile. Det handlar om at nokre Svenkessøner overdrog det omtala «Tvet» til borna av eldste bror sin. Men, som me har freista å gjera truleg i bolken om Nesland, var Bjørgulv Nesland, som åtte Tveiti i 1597, helst son av den Tallak Salmundsson som selde Tveiti til far sin i 1541, som me har fortalt om ovanfor (Tallak må då i neste omgang ha overteke garden på nytt lag etter at faren var borte.) Me kan då ikkje oppfatte det annleis enn at det omtala brevet frå 1595 lyt gjelde ein Tveit- eller Tveitengard i ei heilt anna bygd, kanskje helst Tveit i Bygland, der ein finn namnet Svenke i seinare tid.

Den neste eigaren av garden me veit om heitte Gunstein Hallvardsson Kyrvestad. Om det ikkje har kome andre i mellom, har han vel kaupt eigedomen av Bjørgulv Nesland «og hans medbrødre». Gunstein åtte garden, men budde her aldri. Han heldt til på Kyrvestad.

I eit udatert brev, som må vera frå fyrstninga av 1600-åra, går det fram at Gunstein Hallvardsson hadde bode sønene sine å kaupe 4 markebol i Tveiti, og me torer rekne med at desse 4 markebola ha vore heile garden. Gunsteinssønene heitte Auver, Tarjei og Orm. Tarjei og Orm ville gjerne at dei alle tre saman skulle taka over både Tveiti og Holen, men Auver var berre interessert i Holen. Alle fekk det som dei ville. Auver overtok Holen, og budde der kanskje ei tid, men flutte i så fall sidan attende til Kyrvestad, kanskje helst avdi Orm stelte til for mykje ugreie for han i Holen. Dette er nærare omtala under den garden (Jfr. Valle IV, 334).

Tarjei og Orm løyste ut Tveiti, men berre Orm flutte hit. Nett kva tid han overtok er litt uvisst: I eit brev frå 1630 vert det opplyst at han då hadde sete i Tveiti i 18 år, altså frå 1612, men ettersom han er oppført som oppsitjar her alt i landskattelista frå 1610, må han vel seinast ha flutt hit det året.

Kor mykje av garden Orm åtte er eit anna spursmål. Av eit brev frå 1616 går det fram at han då selde eit markebol i Kyrvestad til broren Tarjei. For dette fekk han 21 dalar og 1 mork i pengar, 2 «stadz bonett» som vog 16 lodd sylv (kan det ha vore brurelad?), 2 tunner og 2 laupar korn, og endå 40 dalar for eit hus han hadde bygt i Kyrvestad, men så skulle Orm få overtaka bruken av to markebol i Øvre Mosdøl (bnr 3), og dertil ein tredjepart i Tveiti «på Tarjeis vegner». Dette skjønar me slik at Tarjei åtte ein tredjepart i garden, og at Orm bruka denne. Orm sjølv kan då ved det leitet ikkje ha ått meir enn 2/3.

Men han var i alle høve den einaste som måtte svara straffeskatt for Tveiti i 1615. Då han møtte til straffeskattetinget i Rike hausten fyre, hadde han med seg dei fylgjande eignelutene for taksering (summane i parentes er verditakstane):

  • 1 pund kopar (3 rd)
  • 1 gamal tinnpotte (1 ort)
  • 1 øks (25 1/2 skill)
  • 2 halvslitne tjeld og 1 gamalt skinndekken (1 rd)
  • 1 takke (2 ort)
  • 1 lita børse (3 rd)
  • 1 kyr (3 rd)
  • 1 vetrungsstut (1 rd)
  • 1 vetrungskvige (1 rd)
  • 4 spekalvar (2 rd)

Dette kan greitt reknast i hop til 15 dalar 3 ort 1 1/2 skilling, men som han hadde for vane summerte sorenskrivaren gale, og slo av 3 ort.

Av eit udatert brev som truleg er litt yngre enn 1616 går det fram at Orm ikkje sto ved den sist omtala handelen, «och dog imod dit eiget Breff och 6 Mands Domb meth Vold och Ran innvelder dig paa Kyrvestad for at vilde bruge din Part». Korleis dette gjekk vidare er uvisst, men iallfall heldt ugreia fram. I eit brev frå 1618 les me at Orm også stelte til plunder kring den fyrrnemnde parten i Mosdøl: Denne nekta han for at han hadde ått eller bruka, og ville difor ikkje svara skatt for han. Fylgja av dette vart at futen kverrsette parten: «Formedelst saadan Underfundighed er Mosdøl forbrudt», heiter det, og etter dette måtte Tarjei «løse det igien fra Kongelig Mayeztet». Tarjei stemnde sidan Orm for å få han til å betale han innløysingssummen attende.

Heller ikkje denne rettssaka kjenner me endskapen på, men brørne tykkjest iallfall å ha hatt nok å krangle om. Betre vart det nok ikkje etter at Tarjei i 1624 kaupte ein part på 2 2/3 kyrlag i Tveiti hjå Knut Bjugsson Dalen i Lårdal (som må ha vore son åt Bjug Myrom). Her dreiv altså Tarjei og åt seg innpå Orm sin heimebane.

Året etter vart det ny rettssak. Denne venda gjaldt det noko «barnepengar» (dvs. ein ervelut som høyrde til eit umyndigt barn), som Gunstein Kyrvestad, far deira, i si tid hadde teke hand om, og i fylgje Tarjei lånt ut til Orm og systera Gunhild på Kjelleberg. Gunhild sa seg straks viljug til å punge ut, men Orm påsto at han forlengst hadde betala gjelda. Retten trudde ikkje noko på det, og dømde han til å betale.

I 1630 vart det tinglyst ei semje mellom Orm Tveiten og sønene hans på den eine sida og Tarjei Kyrvestad og son hans på den andre. Tarjei skulle ha eit halvt markebol i Kyrvestad som høyrde Orm til, og dertil få leige ein systerlut «som hannem tilstred», slik at det til saman vart eit markebol. Mot dette skulle Orm få to markebol i Tveiti i Bykle og eit såldsåd i Myrom. Dette var det fjerde forliket dei to hadde gjort med kvarandre i laupet av dei 18 åra Orm hadde sete i Tveiti, står det. Tarjei betala Orm 40 dalarar for dei husa han hadde sett opp i Kyrvestad, og for ein støyl i Stavedalen.

Vidare må me få med oss at brevet gjev opp namna på sønene av partane i avtala. Orm hadde to som heitte Olav og Knut står det, medan Tarjei hadde ein som heitte Gunnar. Nå er me nokså sikre på at iallfall Orm hadde fleire søner enn dei nemnde, men Olav og Knut var nok dei som var myndige då avtala vart gjort.

Eit udatert brev som me meiner kan vera frå 1630- eller fyrste halvparten av 1640-åra fortel at Orm Tveiten då hadde sett bort bruken av «sine to Parter udi Tveten» til Tarjei Auversson, og dertil «undet hannem at besidde oc niude den Trediepart i Tveten altid, som Torgie oc hans Søzkend eiger derudj». Tarjei Auversson var brorson av Orm, veit me (jfr Valle IV, 55), og son åt Auver Gunsteinsson Kyrvestad, som tidlegare hadde ått Holen, og kanskje også budde der eit bil. Me tolkar den refererte passasjen slik at Orm på den tid då brevet vart skrive åtte to tredjepartar av Tveiti, medan brorsonen og syskena hans hadde ervt den siste tredjeparten etter faren. Så har Tarjei bruka heile garden etter avtale med Orm, ser det ut til. Orm kan snautt ha budd i Tveiti då denne avtala vart gjort, og Tarjei fekk såleis etablert seg på garden, og henta årets avling i hus.

Men Orm var ikkje innstilt på å halde ord. På vinterdagen (dvs. 14. oktober) året fyre brevet om saka vart skrive, hadde han kome til Tveiti, jaga kyrne og småfeet av Tarjei or fjoset, og sett inn sine eigne kretur i staden. Høyet som Tarjei hadde fått i hus, bruka Orm til å fore sine eigne dyr. På denne bakgrunnen vende då Tarjei seg til sorenskrivaren og kravde sak og dom. Diverre kjenner me berre stemninga, og ikkje domen, så det er uvisst kva utgangen vart.

Men skattelistene gjev oss likevel ei peiling på korleis tilhøva var etter at saka vart pådømd. Frå 1645 viser koppskattelista at det då var tre oppsitjarar i Tveiti. Det var Orm «och hans quinde», Olav «och hans quinde» og endeleg Tarjei «och hans quinde».

Olav må vera den same Olav Ormsson som vart omtala i det fyrrnemnde brevet frå 1630, og Tarjei er framleis Tarjei Auversson, reknar me med. Etter den såkalla rosstenesteskattelista frå 1645 åtte Orm då 1 hud i garden, medan Tarjei åtte 1/2 hud. Om me har rett i at brevet om kvifor Tarjei laut setje sak mot Orm er eldre enn 1645, tyder dei refererte skattelistene på at eigedomstilhøva ikkje vart endra i og med rettssaka. Orm har nok kanskje måtta gjeva skadebot, men vart sitjande med to tredjepartar av garden. Me vil rekne med at Nordtveiti var den parten som vart fyrst frådela, og då er det mest rimeleg at Tarjei Auversson sat der, medan Orm hadde Heimtveiti og Ryningen.

I odelsskattemanntalet frå 1647 ser me at tilhøva i garden er ein god del endra sidan 1645. Orm Gunsteinsson er ikkje lenger med i rekninga, og me held fyre at han døydde mellom oppsetjinga av dei to skattelistene. Eit moment til som dreg i den leia er at eigartilhøva i 1647 er så oppsplitta og innfløkte, at det lyt liggje eit tolleg ferskt erveoppgjer attom dei.

Men reint fysisk var garden likevel framleis dela i tre bruk med 1/2 hud skyld på kvart, liksom to år tidlegare, og oppsitjarane på desse bruka heitte Gunstein, Ånund og Tarjei. Kven var så desse?

Gunstein var Gunstein Ormsson, så mykje er på det reine utifrå seinare kjelder, og Tarjei er visseleg den same Tarjei Auversson som hadde budd på garden tidlegare. Men kan også Ånund ha vore ein son åt Orm Gunsteinsson, og dermed bror åt Gunstein ? Me meiner at dette er det mest sannsynlege, og satsar på at det er rett, jamvel om me ikkje har noko direkte prov for det. Men ingen av brørne åt Orm, Tarjei og Auver på Kyrvestad, tykkjest ha hatt nokon son som heitte Ånund (Valle IV, 333f og 361), og at folka i denne nokså velståande ætta på denne tid skulle ha sett bort eller overdrege den gjævaste parten av garden til uskylde, virkar lite truleg. På denne bakgrunnen stiller me då opp det fylgjande familieoversynet:

  • Orm Gunsteinsson Kyrvestad, n 1610-1645
g m ukj. Born iallfall:
  • Olav, n 1630, 1645, g m ukj., sjå nedanfor
  • Knut, n 1630, 1645, sjå nedanfor
  • Ånund, g m Gunvor, n m.a. 1647, 1659, d fyre 1664, sjå Heimtveiti
  • Gunstein, f ca 1611, n 1647, 1679, g m Birgit Knutsdtr. Haugehåtveit, sjå Ryningen, jfr nedanfor

Kva kan me så vidare vita om ormssønene? Når det gjeld Olav, som me meiner var den eldste, reknar me med at han var myndig i 1630, og altså fødd fyre 1605. I 1645 var han gift, og bruka halve eigedomen til faren, slik me har vore inne på ovanfor. Sidan ser det ikkje ut til å vera meir å finne om han. Rett nok vert det nemnt ein Olav som oppsitjar på eit Tveiti-bruk i 1664 og 1665, men den Olav-en skal seinast ha vore fødd i 1624. Nå er aldersoppgåvene i manntala frå 1660-åra ofte noko misvisande, men viktigare er det at presten i manntalslista si kallar Olav i Tveiti i 1664 for Olav Jonsson.

Når me også får vita at Tarjei Auversson hadde ei dotter som heitte Johanne, og at ho var gift med Olav Jonsson Homme, som sidan vart eigar og oppsitjar i Mannspann Kyrvestad, bnr 1 (jfr. Valle IV, 332), vil me tru at det var han som sat på eit Tveiti-bruk i 1664-65, og at det bruket var Nordtveiti. Men då var det altså ikkje Olav Ormsson, og dermed har me ingen opplysningar om den mannen etter 1645. På denne bakgrunnen tykkjest det mest rimeleg at han har døytt kort etter dette året. Orm, faren, sat nok i Heimtveiti så lenge han livde. Om det er rett, slik me har tenkt oss, at Nordtveiti var det fyrste bruket som vart utskilt, og at Tarjei budde der, er det sannsynleg at Olav Ormsson budde i Ryningen. Som nemnt var han gift, men me har ikkje funne born omtala.

Knut Ormsson var også truleg myndig i 1630, og dermed fødd fyre 1605. Han er ikkje oppførd med nokon eigedomspart i garden. Rett nok dukkar det opp ein Knut som eigar og oppsitjar i eitt av bruka i Tveiti i 1660 og 1666, men me tvilar på om dette er Knut Ormsson, jamvel om den gamle gards- og ættesoga (61) vil ha det såleis. Knut i 1666 skal ha vore berre 34 år, og jamvel om denne aldersoppgåva godt kan vera misvisande, er det lite truleg at ho skulle vera oppimot 30 år feil. Me trur difor at Knut i Tveiti i 1666 må ha vore ein heilt annan, og Knut Ormsson vil me då tenkje var død eller utflytt fyre 1647.

Dei to yngre brørne av Knut Ormsson, Gunstein og Ånund, åtte etter odelsskattelista frå 1647 eit geiteskinn eller 1/4 hud i garden kvar, og det same gjorde farbroren, Tarjei Auversson. Resten av garden var på denne tid i eiga til «ervingane etter Tarjei Kyrvestad», står det, men «Targje ibid. raader bøxelen». Tarjei «ibid.» (dvs. «same staden») må etter samanhengen vera Tarjei Auversson. At Tarjei «rådde bygselen» tyder at det var opp til han å avgjera kven som skulle bruke eigedomen. Denne makta låg normalt hjå han som åtte mest, men når fleire eigarar åtte like mykje, skulle «den beste mannen» etter bygselrettsreglane vera bygselrådig. Kvifor Tarjei skulle vera «betre» enn hine er litt uvisst, men me trur det rett og slett kjem av at han var den eldste.

Som det vil ha gått fram har me dei fyrste tolleg sikre indikasjonane på at garden var dela frå 1640-talet. Dette tilseier at me straks skal gå over til å handsama dei tre bruka kvar for seg, men fyrst må me få med oss kva for bruk kvar av dei tre oppsitjarane i 1647 sat på. Tarjei hadde nok Nordtveiti, slik me har freista å grunngjeva ovanfor. Såvidt me kan skjøne utifrå korleis etterkomarane sidan fordelte seg i Tveitegardane, budde Gunstein Ormsson i Ryningen og Ånund Ormsson i Heimtveiti.


0941 Bykle komm.png Tveiti (Bykle gnr 11) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog Nesland • Neste bolk: Heimtveiti