Uppistogs-Haugo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uppistogs-Haugo
Alt. namn: Haugo under Uppistog Byklum
Rydda: 1846
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Type: Husmannsplass

Uppistogs-Haugo, eller berre Haugo, låg på ein sete i den bratte lia oppom og austom tunet i Uppistog i Bykle, vart rudd og busett i 1846. Det var Gjermund Gunsteinsson Byklum som åtte Uppistog då, og sette bort plassen til Torleiv Torleivsson.

Husmannskontrakta er tinglyst, og fortel at plassmannen og kona hans fekk rydje plassen, og behalde han ut livetida til den av dei som livde lengst. Når dei båe var døde, skulle plassen «ryddiggjøres» og jorda gå attende til hovudbruket utan vederlag. Plassleiga vart sett til ei vekes arbeid i året og dertil ein speciedalar i pengar.

Torleiv var son åt Torleiv Hallvardsson Tveiten i Holen Der uppe og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Kvósåk.

  • Torleiv Torleivsson Holen, f 1804, d 1894
g 1830 m Margit Knutsdtr. Hisdal, f 1806, d 1874. Born:
  • Ingebjørg, f 1831, d 1831
  • Torleiv, f 1832, d 1832
  • Torleiv, f 1833, d 1833
  • Torleiv, f 1834, d 1910, ug., sjå Evre Haugen, gnr 14, bnr 30
  • Ingebjørg, f 1837, g 1858 m Olav Auversson Gjerden (y.), sjå Lii under Gjerden.
  • Jorunn, f 1841, d 1841
  • Knut, f 1842, d1842
  • Knut, f 1843, g 1881 m Birgit Ånundsdtr. Holen, sjå Neire Haugen, bnr 22
  • Hallvard, f 1848, g 1882 m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå Haugebakk
  • Jorunn, f 1851, d 1881, ug

Margit Knutsdotter var frå Lisle-Hisdal, dotter åt Knut Hallvardsson på den plassen og kona, Jorunn Kristensdotter.

Fyre han gifte seg hadde Torleiv eit par born attåt dei som er nemnde i lista ovanfor. Det var for det fyrste dottera Margit, som vart fødd I 1827. Mor hennes var enka Anne Sigurdsdotter Mosdøl. Margit Torleivsdotter livde opp, og gifte seg i 1850 med Tarjei Torsson Tveiten (jfr. Valle III, 305). Elles står det noko lite meir å lesa om både henne og mor hennes i bolken om Berget, Mosdøl, bnr 2. For det andre hadde Torleiv sonen Olav, som kom til verda i 1830. Mor hans heitte Ingebjørg og var dotter åt Olav Drengsson (y.) i Innistog, bnr 1. Det lisle me elles har å melde om Ingebjørg og son hennes står å lesa i bolken om det sistnemnde bruket.

Husa Torleiv sette opp var stoge, løe og fjos, som var bygde i rekkje. Murane er framleis godt synlege, og viser at det var etter måten store hus, noko som truleg kan ha samanheng med at husmannen attåt jordbruket arbeidde som snikkar og tømmermann.

Torleiv og folket hans dyrka opp ein god del utmark til jamne og steinfrie åkrar og engteigar. Dei agelege rudningsrøysane i utkanten av jorda vitnar om det svære arbeidet som vart nedlagt i dyrkinga.

I 1859 drog Gjermund Gunsteinsson plassmannen for forlikskommisjonen, avdi han ikkje hadde betala plassleiga si på 3 år, hogge ned noko småfuru i Lauvtjønndalen, «og tillige for en Tid siden bortsolgt en Del af Pladsens Grøde». Saka vart forlikt slik at Torleiv batt seg til «herefter at holde sig Bygselcontracten efterrettelig i alle Dele», medan Gjermund ettergav ein del av gjelda, og avsto frå erstatning for furutrea.

Torleiv Torleivsson (y.), som var ugift, hadde medan foreldra livde sett seg opp ei lita stoge like nedanfor husa på plassen. Også etter denne er grunnmuren framleis godt synleg. Då faren døydde i 1894, gjekk kontrakta om plassen ut, og Torleiv flutte då ifrå. Han fekk overtaka ein annan parsell av Uppistog, som vart til småbruket Evre Haugen, tok ned dei gamle husa i Haugo og sette dei oppatt på det nye tunet sitt. Etterdi han vart sjølveigar i Evre Haugen, medan faren hadde vore husmann på plassen her, tykkjer me det er mest truleg at flytjinga var friviljug. Om det hadde vore så at Gunstein og Olav Gjermundsøner i Uppistog hadde hivt han ut frå Haugo, skulle dei vel snautt ha selt han ein betre verestad med det same etterpå, men det gjorde dei.

Etter at både folka og husa her var bortflutte, har det ikkje budd nokon i Uppistogs-Haugo.


0941 Bykle komm.png Uppistogs-Haugo er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Tveitvodd • Neste bolk: Hytta