Tveitvodd (Bykle gnr 14/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveitvodd
Byklum 70.jpg
Tveitvodd 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1886
Utskilt: 1905
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 9
Type: Småbruk / næringseigedom

Tveitvodd, som i utgangspunktet var berre ei hustuft med ein jordflekk innåt, ligg mellom den gamle og den nye riksvegen midt i Byklebygdi, like vestom og nedom kyrkja. Det kom til i 1886, då Mikkel Tarkjellsson Rygnestad på Sygard Nesland kaupte dette jordstykket av Gjermund Gunsteinsson i Uppistog. Kaupet vart ikkje tinglyst, men det er likevel sikkert nok at det har funne stad. Kjelda vår er lensmann Lund, som undersøkte eigartilhøva her i samband med ei rettssak i 1888.

Mikkel T. Rygnestad sette opp nokre gamle hus frå Nesland her, og sikta på å drive handel, noko han tidlegare hadde gjort både på Stigamoen og i Mosdøl. Men i staden vart det til at han dreiv gardsbruket sitt i Sygard Nesland, som han i 1885 hadde kaupt på auksjon i namnet åt sonen, Arne. Arne Mikkelsson på si side dreiv handel her i namnet åt faren. Meininga med denne skipnaden var truleg å sikre seg at dei fekk behalde garden, dersom handelsverksemda skulle gå over ende. Lensmann Lund tykte det var ei uryddig ordning, og kommenterte henne som fylgjer:

Hvorledes Forholdet er mellem Fader og Søn er ikke let at oplyse. Sønnen styrer Faderens Handel, og Faderen driver Sønnens Gaard. Jeg kan derfor ikke afgjøre paa hvem

Ansvaret for [...] Handelen paahviler.

Nå var det nok likevel ingen tvil om at det var Arne som hadde ansvaret for kråmbua. Etter det han sjølv opplyste i retten hadde han ei heilt sjølvstendig stilling som handelsstyrar. Det var han som tinga varene, selde dei att, og skreiv under på alle nødvendige papir. Når butikken sto i namnet åt faren, var det berre avdi det var han som hadde løyst handelsbrev, sa han.

Grunnen til at han måtte forklare seg i retten, var at han var tiltala for ulovleg brennevinshandel. Rettsreferata tyder ikkje på at han dreiv og selde sprit i smått, men stundom spanderte han tydelegvis ein dram eller fem på gode kundar, som var innom for å handle andre varer. Dette var også ulovleg, og bøtelagd vart han fleire vender. Om det var dette som etter kvart fekk han til å gjeva opp kaupmannskapet, skal vera usagt, men i 1894 selde han Tveitvodd til Olav Auversson Stavenes (y.), og flutte til Sygard Nesland for å vera gardbrukar. Den nærare omtalen av han og familien hans er plassert under det bruket.

Olav Auversson kom frå Systog Stavenes. Foreldra hans var Auver Olavsson Hoslemo og kona, Gunhild Olavsdotter, fødd Byklum.

Auver O. Stavenes og Gyro P. Brokka, brurebilete 1917, frå Setesdalsmuseet.
  • Olav Auversson Stavenes (y.), f 1859, d 1917
g 1888 m Helga Gjermundsdtr. Byklum, f 1867, d 1940. Born:
  • Olav, (1918-1997), g 1947 m Åsa Frivoll (1915-1998), busett Lyngdal
  • Helga (1920-1987), busett Kristiansand
  • Pål (1924-2005), g 1952 m Brita Dugstad, Voss, (1927-2006), busett Søgne (jfr. Valle VI, 256)
  • Gunhild, f 1891, d 1909
  • Gjermund, f 1894, d 1913
  • Margit (e.), f 1897, d 1971, husmor, g m Martin Enger, lenge busett Canada, døydde Kristiansand ,ikkje born.
  • Jorunn, f 1900, d 1911
  • Margit (y.), f 1902, d 1982, husmor, g 1930 m Ingvald Andersen (1904-1989), busett Kristiansand, born:
  • Olav, f 1905, g 1944 m Birgit Auversdtr. Flateland, sjå nedanfor
  • Helga, f 1907, d 1988, gardkone, g 1970 m Kristen Sundtjønn (1918-1987), busett Kristiansand, born:
  • Gunnar, f 1910, d 1910

Hæge Gjermundsdotter var dotter åt Gjermund Gunsteinsson i Uppistog og kona, Margit Olavsdotter, fødd Byklum.

Om Olav Auversson dreiv handel her frå den dagen han overtok Tveitvodd, torer me ikkje seia for visst, men fyrst i 1898 løyste han handelsbrev, og frå det året ser me at han vert omtala som «landhandler» i kyrkjeboka. Frå 1894 til 1898 vert han kalla «selveier», så det er vel rimeleg at han då har drive litt jordbruk. Om han livde av det, lyt han ha leigd tilleggsareal, for jorda på Tveitvodd var på denne tid berre omlag eitt mål. Men frå 1898 til 1913 dreiv han handel.

Om Olav bygde nye hus her, har me ingen opplysningar, men ettersom sonen sidan fornya alle bygningar på bruket, er det vel mest rimeleg at Olav nytta dei gamle husa etter Mikkel Rygnestad. Stoga hadde vorte flutt hit frå Sygard Nesland. Ho inneheldt forstoge, kråmbu og eit bustadrom, vert det opplyst. Her var også eit uthus, men det har me ikkje funne nærare opplysningar om.

I 1905 vart Tveitvodd-bruket formelt utskilt frå Uppistog. Det fekk bnr 9 og ei landskyld på 1 øre. I 1911 og 1915 kaupte Olav Auversson nokre jordstykke austanfor kyrkja av Olav Drengsson (y.) i Attistog Gjerden. Desse vart matrikulerte som bnr 4, 5 og 8 under Gjerden, alle tre stykka under namnet Flatemyr, men det namnet som var i dagleg bruk var Tveitvoddmyri. Olav dyrka opp myra, og nytta henne som slåttemark innåt Tveitvodd.

Etter at Olav Auversson var død i 1917, livde enka av gardsbruket. Etter kvart vaks den nest eldste sonen til og overtok. Skøyte fekk han fyrst i 1935, men då hadde han nok i praksis teke meir og meir over gjennom ei årrekkje. Mellom anna vert det opplyst at han bygde nytt fjos i 1925.

Olav O. Stavenes (1905-1993) og Birgit Auversdotter Flateland (1920-2003), brurebilete 1944.
  • Olav Olavsson Stavenes, f 1905, d 1993
g 1944 m Birgit Auversdtr. Flateland, f 1920, d 2003. Born:
  • Helga, f 1945, g m Øyvind Lemcke Alfheim, sjå nedanfor
  • Olav, f 1948, d 1970, sb m Thelma Kvassaker (Sæstad), born:

Birgit Auversdotter kom frå Åsen Flateland, bnr 18. Foreldra hennes var Auver Olavsson Trydal og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Bratteland.

Me nemnde at Olav sette opp nytt fjos i 1925. I 1936 bygde han også løe, og eit par år seinare bygde han om den gamle stoga og utvida henne. Etter dette hadde ho to fulle høgder med ei grunnflate på 82 m². Olav dreiv bruket med 2 kyr og 10 sauer, og arbeidde elles som heradskasserar og likningssjef. Kommunekontoret hadde han i andre høgda på Tveitvodd, og kjøkkenet fungerte som kommunalt venterom.

Olav O. Stavenes (y.) døydde i ei tragisk drukningsulukke under ein fisketur på Bykil i juli 1970, der også Olav Knutsson Byklum og Tarald Tarjeisson Stavenes miste livet. Olav O. (y.) var forlova, og dreiv og fyrebudde brudlaup, då han vart riven bort. I yrkeslivet var han røyrleggjarlærling.

Systera overtok eigedomen i 1976.

  • Helga Stavenes Alfheim, f 1945
g 1973 m Øyvind Lemcke Alfheim, f 1945. Born:
  • Hanne Birgit, f 1974, sjukepl., busett Oslo
  • Arild Olav, f 1978, politi, busett Oslo

Helga Stavenes Alfheim er miljøterapeut. Ho og mannen hennes bur i Andebu i Vestfold.

I 1978 overtok kommunen Tveitvoddmyri, dvs. ovanomtala bnr 4, 5 og 8 under Gjerden. Arealet der vart då oppmælt til 19 mål. Området vart disponert til tomter, og m.a. rådhuset, hotellet og bensinstasjonen vart bygde her.

Av Tveitvodd-bruket er nå berre det gamle tunet med våningshus og løe att, og ingen bur her (2006).


0941 Bykle komm.png Tveitvodd (Bykle gnr 14/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kultran • Neste bolk: Uppistogs-Haugo