Gjerstad prestegjeld
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gjerstad prestegjeld i Aust-Agder var eit av prestegjelda i Aust-Nedenes prosti. Det besto opphavleg av hovudsoknet Gjerstad sokn og annekssokna Vegårshei, Søndeled og Risør. I 1742 blei Risør prestegjeld oppretta, og i 1745 blei Søndeled sokn overført dit.
Ved avviklinga av prestegjelda i 2000-åra besto Gjerstad framleis av dei to sokna Gjerstad og Vegårshei, og var då i utstrekning identisk med kommunane Gjerstad og Vegårshei.
Sokneprestar
Lista har så langt ingen opplysningar frå katolsk tid, og har heller ikkje med dei seinaste sokneprestane i Gjerstad.
- Peder Jensen Holt, sokneprest 1578–1607.
- Laurits Nielsen, sokneprest 1614–1620.
- Erik Fredriksen Lindland (d. 1657), sokneprest 1621–1657, prost i Nedenes 1625–1630.
- Bent Pedersen Amdal (1621–1695), sokneprest 1657–1695.
- Hans Pedersen Høllen (d. 1708), sokneprest 1695–1708.
- Henrick Lauritsen Scavenius (f. 1666), sokneprest 1709–1716.
- Peder Olsen Horster (1684–1745), sokneprest 1716–1745. Busett i Risør frå 1736.
- Johan Markmann, sokneprest 1745–1750.
- Lars Larsen Eskildsen (1713–1783), sokneprest 1750–1783.
- Hans Mathias Abel (1738–1803), sokneprest 1783–1803.
- Søren Georg Abel (1772–1820), sokneprest 1804–1820. Tidlegare sokneprest til Finnøy.
- John Aas (1793–1867), sokneprest 1820–1867. Prost i Austre Nedenes frå 1846.
- Lorentz Ditlev Krog, sokneprest 1867–1872.
- Jørgen Christian Andreas Grøner, sokneprest 1873–1890.
- George Pharo, sokneprest 1890–1899.
- Knud Christian Jarl Møller, sokneprest 1899–1910.
- Ragnvald Cornelius Knudsen, sokneprest 1910–1912.
- Henrick Lehmann, sokneprest 1913–1930.
- Ivar Glette, sokneprest 1930–1954.
- Gunnar B. Gundersen, sokneprest 1954–1959.
Litteratur / kjelder
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Prestegjeld og sokn i Aust-Agder på Digitalarkivet
- Kveim, Torleif. Gjerstad : av bygdesoga. 1. Utg. Laget. Gjerstad. 1962. Digital versjon på Nettbiblioteket..