Val til Riksforsamlinga 1814 i Herefoss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Valet til Riksforsamlinga i Herefoss sokn i Råbyggjelagets amt vart gjennomført i Herefoss kyrkje den 19. mars 1814. Kyrkja som valet vart halde i står ikkje lenger. Herefoss ligg no i Birkenes kommune. Adressa frå soknet har ei lang innleiing som uttrykker sorg over at bandet til Danmark er reve over, og eit krast åtak på svenskane, «vor ligesaa feige, som listige Naboe». Det er også ein sterk forsikring om at dei vil våge liv og blod for Norges sjølvstende.

Dei som var valde som valmenn frå soknet var (med opphavleg skrivemåte):

Thomas Bryn vart på amtsforsamlinga vald som ein av representantane frå Råbyggjelaget.

Dei som underteikna adressa var (også dei med opphavleg skrivemåte):

  • T. Bryn, Sorenskriver
  • H.C. Reiersen, Capellan pro Persona for Hommedahls Præstegield
  • Gunder S. Kaaveland (m.p.p.)
  • F.G. Hoppe, Districts-Læge
  • Christen Pedersen Næss (m.p.p)
  • Anders Osuldsen Løvaasen (m.p.p)
  • Kittel Nilsen Wæding (m.p.p)
  • Tellef Jonsen Stie (m.p.p)
  • Lars Christensen Biorvatten (m.p.p)
  • Gunder Salvesen Kaaveland (m.p.p)
  • Christen Rasmussen Borvatten
  • Knut Torgiusen Omle
  • Mads Knudsen Ombli
  • S.K. Heigrefoss
  • Halvor Olsen Biorvatten
  • G.K. Retterstøl

Kjelder