| Om Setesdal
|
Valle frå Åmli. Foto: Siri Johannessen (2008) Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærmast uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.
Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Sanden 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Sanden, også kalla Eidsvollsbakken, låg innunder Sandefjellet, i bakkane ned mot den austre stranda av Bykil i Bykle kommune. Næraste grannen i sør var plassen Stigamidjom under Trydal, men Sanden gjekk ut frå Bjones, og fekk difor bruksnummer under Stavenes.
Staden vart busett kring 1875, og matrikulert som eige bruk i 1878. Landskylda vart i 1878 sett til 2 øre. Så vidt me kan sjå var Tarjei og Arne Tarjeissøner Bjones og huslydane deira dei fyrste som budde i Sanden. Me har plassert den nærare omtalen av Tarjei i bolken om Bjones, men Arne set me opp her:
- Arne Tarjeisson Bjones, f 1841, til Amerika med heile huslyden
- g 1871 m Eli Olavsdtr. Nesland, f 1833. Les mer …
Myri 1965. Foto: Fjellanger- Widerøe
Myri ligg i terrenget mellom Gjerdentunet og Kanada, beint sørom Lii-plassen, på motsett side av Jarevegen i høve til denne. Bruket vart ikkje matrikulert for seg sjølv fyrr i 1987, derav det høge bruksnummeret, men etter det me skjønar var det likevel sjølveigarbruk frå 1915, eller kanskje endå eitt år eller to lenger attende. Tidlegare var det plass under Attistog, og her budde folk frå 1858 eller 1859.
I den gamle gards- og ættesoga (130) les me at Olav Sveinsson Maurlii «truleg kom til Myri [...] og budde her», men me har ikkje sett noko i samtidskjeldene som kan stadfeste dette. Me veit at Olav Sveinsson budde i Maurlii i 1828 og sidan var busete einkvarstad i Byklum, der han heldt til iallfall i åra 1833, 1847, 1851 og 1853. Likevel er det kanskje mogeleg at han sat i Myri eit tak i andre helvta av 1850-åra, men me trur ikkje det.
Derimot er me heilt sikre på at son åt Olav Sveinsson budde her, og at han var her lenge, og me meiner også at det var han som rudde plassen, og sette opp dei fyrste husa her. Les mer …
Hus som ingen har bruk for vert etter kvart oppgnaga av tidartanna. Denne støylsbua frå Furestøyl under Sygard er eitt av mange døme på dette. Foto: Folke Nesland
Sygard er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som det er gjort greie for i framstillinga om hovudbølet, meiner me at den fyrste som hadde dette bruket som fast verestad var Vetle Gunnarsson. Han var son åt Gunnar Knutsson Der heime, og det ser ut til at han må ha fått overtaka 6 kalveskinn, dvs. halve farsgarden.
- Vetle Gunnarsson Nesland, f ca 1654, d ca 1720, ug
Vetle tykkjest ha sete i Sygard frå eingong på 1680-talet og til han døydde kring 1720. Etter at han var borte, fekk Åvold Knutsson i Der heime hand om også dette bruket. Truleg dreiv han båe som ein einskap inntil kona hans døydde i 1752. På skiftet etter henne vart Åvold sitjande med Sygard. Sonen Jon gifte seg i 1749, og budde truleg i Sygard frå det året. Me reknar med at han overtok heimelen til bruket her etter at faren var død i 1753.
- Jon Åvoldsson Nesland, f 1716, d 1786
- g 1749 m Tore Bjørgulvsdtr. Breive, f 1728, d 1812. Born:
- Torbjørg, f 1751, g 1779 m Knut Olavsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
- Åvold, f 1755, g 1805 m Hæge Kjetilsdtr. Løyning, sjå Neire Dysje, gnr 8, bnr 2
- Hæge, f 1758, g 1781 m Tallak Olavsson Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
- Borghild, f 1761, g 1797 m em Mikkel Tarjeisson Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl, gnr 13, bnr 1 Les mer …
På Strandestøyl ca 1960. Han som sit og spikkar er Olav G. Holen jr. Foto: Folke Nesland
Strandestøyl er ein støyl på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, austom Brotteli og like aust for Bosbekk, elva som renn or Brottelidalen. Her er steinut og bakkut med dyrka jordstykke ned mot Bossvatn. Staden var i bruk som husmannsplass i lange tider, men nett kor lenge det var folk her, er me usikre på. Dette heng i hop med at me ikkje kan vita heilt sikkert kven som var dei fyrste til å slå seg ned her, jamvel om me kan slå fast at det var den eine av to huslydar.
Likevel vil me halde ein knapp på Olav Åsmundsson frå Berdalen og Ingebjørg Jonsdotter frå Brotteli. Om det er rett at desse var dei fyrste, vart plassen busett på 1750-talet.
Det andre paret det kan vera tale om er Ånund Såvesson frå Vatnedalen og Torbjørg Tarjeisdotter frå Nesland. Om desse var dei fyrste på Strandestøyl, var her ikkje folk fyrr utpå 1770-talet.
Grunnen til at dette spørsmålet ikkje utan vidare kan avgjerast, og dermed treng noko drøfting, er kyrkjebokføringa. For prestane nytta sjeldan bruks- eller plassnamn som etternamn eller «adresse» i kyrkjeboka, men skreiv som regel opp folk med namnet på den matrikkelgarden dei høyrde under. Dertil kjem at det stundom var noko opp og ned med statusmarkeringane, slik at ein ikkje alltid kan sjå om vedkomande var husmann, innerst, bruksmann eller sjølveigar. Les mer …
A/S Hovden Høyfjellshotell vart skipa i 1935 av ei gruppe investorar frå Kristiansand, som meinte det burde vera god forretning å drive hotell på Hovden. Året etter kaupte selskapet ein parsell på 80 mål hjå A/S Sætersdalen, som på denne tid framleis åtte både bnr 1 og bnr 2 på Hovden. Her skulle hotellet byggjast. Så skjedde, og to år seinare sto det klart til å taka imot gjester.
Starten var prega av optimisme, og det vart m.a. satsa på å spreie vakre bilete av hotellet og omgjevnadene. Difor henta dei hit dei beste fotografane som var å finne, såleis m.a. A.B. Wilse. Men etter kvart synte det seg at det var vanskeleg å få tilstrekkeleg med hotellgjester til at drifta kunne løne seg. Den fyrste hotelldirektøren, som heitte Harald Køhn, slutta difor etter snaue 2 år. Ein ny sjef vart tilsett, men heller ikkje han fekk det til å gå skikkeleg rundt, og etter den tyske okkupasjonen vart det heilt umogeleg.
Frå 1942 var hotellet stengt til krigsslutt, då bortsett frå at tyske militære stundom bruka det. Dei var ikkje berre snille med huset. Les mer …
Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7). Foto: Gerd Fosse Hovden Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 moh., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er om lag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden.
Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Setesdal
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|