Malmvegen 20 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 20
Utskilt: 1977
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 325
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 20 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Huset her vart oppsett av Laila og Einar Egeland (sjå Blesterkroken 1, bnr 351) i 1977. I 1983 vart det overteke av Gunvor Brokke.

Gunvor Brokke, f 1935, d 1998

g m Hallvard Gunnarsson Brokke, f 1921, d 1982. Born:
  • Grete Lillian, f 1958, frisør, g 1. m Petter Eldor Olsen, born:
  • Veronica, 1987
g 2 m Magne Lundebrekke, busett Ålesund, born:
  • Daniel Hallvard, f 1993
  • Wenche Jorunn, f 1962, sjå Belglii 2, bnr 561
  • Gunhild Vigdis, f 1967, sjå Belglii 28, bnr 473
  • Lars Gunnar, f 1974, sjå nedanfor

Gunvor og Hallvard hadde budd på Storemyr, Brokke, gnr 62, bnr 11 (jfr. Valle II, 392), men då Gunvor flutte hit, hadde dei skilt lag. Hallvard var son åt Gunnar Hallvardsson Brokke og kona Gunhild Taraldsdotter, fødd Hovet. Desse er det fortalt om i bolken om Brotteli, gnr 7. I yrkeslivet var Hallvard snikkar og anleggsarbeidar. Gunvor var dotter åt Lars Bjørns son Kåvenes og kona, Gunhild Olsdotter, fødd Sordal. På 1970-talet hadde ho arbeidd som husmorvikar og kokke fleire stader. Etter at ho kom hit byrja ho som assistent på bygdeheimen i Bykle. I 1998 overtok sonen huset.

Lars Gunnar Brokke, f 1974, ug

Lars Gunnar er maskinførar i Uleberg Transport og Maskin.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 20 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 19 • Neste bolk: Malmvegen 21

Koordinater: 59.55831° N 7.36154° Ø