Skoglund (Bykle gnr 15/63)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoglund
Gjerden 59c.jpg
Skoglund pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1982
Utskilt: 1980
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 63
Type: Bustadeigedom

Skoglund i Bykle ligg på ei høgde like attanfor Vang, bnr 14, og vart dela ifrå det bruket. Åmund Nesland fekk skøyte på henne hjå Torleiv og Olav Nesland i 1980, og flutte inn i nytt hus her 2 år seinare.

Åmund Nesland er son åt Asgjerd Nesland og Torbjørn Sordal. Foreldra skilde seg då Åmund var 3 år gamal, og han vaks opp på Nesland Der heime ilag med mora og brørne hennes.

  • Åmund Nesland, f 1957
g m Anita Sømme, f 1963. Born:

Anita kjem frå Søgne, og er dotter åt Nils Kjell og Liv Rita Sømme. Ho arbeider som heimehjelp i Bykle kommune. Åmund er dagleg leiar i entreprenørfirmaet Uleberg Maskin og Transport, der han også er medeigar. Olav Åmundson arbeider som maskinkøyrar for same firmaet. Olav har overteke Vang, gnr 15, bnr 14, og sameleis Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2.


0941 Bykle komm.png Skoglund (Bykle gnr 15/63) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Grønli • Neste bolk: Gosen