Grønli (Bykle gnr 15/60)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønli
Gjerden 59b.jpg
Grønli pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 60
Type: Bustadeigedom

Grønli er tomt nr 4 på byggjefeltet i Øvre Sarv i Bykle. Her er ei hovudleilighet og ei hybelleilighet. Huset vart oppsett av Bykle kommune i 1978, tomta vart matrikulert og utskilt frå bnr 11 same året.

Dei som flutte inn i hovudleiligheta her då huset var nytt var Helge Grønli og Elin Solgaard Grønli. Helge hadde då budd eit års tid i sokkeletasjen hjå Knut Gjerden i Asparås, bnr 32. Då huset her var klart, flutte kona hans inn her saman med han.

  • Helge S. Grønli, f 1942
g hv m Eli Solgaard, f 1943. Born:
  • Natasha, f 1967

Helge var sosialsjef i Bykle 1977-79. Eli arbeidde som keramikar. Då dei reiste herifrå, flutte dei til Høvåg, der dei sidan har bygd opp ei verksemd der som heiter «Bronseplassen. Vikingtid - Bronsealder».

Han som budde her etter Grønli/Solgaard var den nye sosialsjefen:

  • Simen Pedersen, f 1916, d 1987

Simen Pedersen var frå Tana. Etter at han gjekk av med pensjon flutte han attende dit, og døydde nokre år seinare.

I åra 1980-83 budde Astri Rysstad og Ragnar Nordgreen her. Ettersom dette er den einaste staden Ragnar budde i Bykle kommune lyt me omtala han her.

  • Astri Rysstad, f 1952, busett Hovden, sjå Malmvegen 16, bnr 462
g 1979-83 m Ragnar Frimann Nordgreen f 1946, 2005 busett Lillehammer. Born:
  • Lars, f 1982

Ragnar er frå Bergen, og son åt Rolf Beyer Nordgreen og kona, Gustava, fødd Frimann. Han er siviløkonom, og arbeidde som tiltakssjef i Bykle i perioden 1980-83. Etter at Ragnar flutte ut, budde Astri og sonen nokre år i Solvang, bnr 93, men i 1989 kaupte ho seg hus på Hovden og flutte dit. Me har valt å presentere henne nærare i bolken om den verestaden, Malmvegen 16.

Sidan vantar me oppgåver om kven som har halde til i huset her fram til perioden 1987-1989, men då var det læraren Olaug Nernæs. Ho gifte seg her i bygda i 1989, og bur nå med huslyden sin i Furubo, bnr 68. Ein kan lese litt meir om henne der.

Etter Olaug Nernæs fylgde ein annan lærar, Børge Harald Eggesbø. Han var her berr eitt år, bur 2002 i Lillesand, og er ugift.

Den neste til å bu her var hjelpepleiaren Linda Marie Halvorsen. Ho var her i 1992-93. Sidan var no nokre år i Kyrkjelii 34 b (gnr 13, bnr 29), inntil ho og Beate Madsen sette seg opp sitt eige hus i Bjårlii, Bjårlii 20, bnr 123. Det står noko lite meir om dei i bolken om den verestaden.

Dinest fylgde Arne Juel Vangen og familien hans. Dei var her i åra 1993-95.

  • Arne Juel Vangen, f 1963
g m Pia Torill Nilsen, f 1957. Born:
  • Jonas, f 1993
  • Amund, f 1995

Arne er frå Lillehammer. Her i bygda var han tiltakskonsulent, fyrst i det som heitte Bykle nærings- og utviklingselskap i åra 1990-92, og sidan i Bykle kommune 1993-95. I den fyrste av dei to periodane budde han i et par kommunale husvære på Hovden. I 1995 flutte dei attende til Lillehammer.

Etter familien Vangen fylgde bibliotekaren Anny Mandt, som budde her 1996-97. Ho er også nemnd under Gegabu, bnr 94 og Solvang, bnr 93.

Året etter budde Borghild Løver her. Ho er lærar, og er nå busett i Sør-Audnedal. Etter henne fylgde ein annan lærar, Sigrunn Skare heiter ho, som budde her i skuleåret 1997-98. Sidan har ho vore på Hovden, og budd i Austmannlii. Ho vert nærare presentert i avsnittet om verestaden sin der, Belglii 59, bnr 540.

Den fyrste me kjenner til budde i sokkeletasjen her er ho som var den fyrste styraren på Bygdeheimen.

  • Gyda Bjorå, f 1918, d 1986, ug

Gyda Bjorå var frå Evje, og dotter åt Jens Olsson Bjorå og kona, Gyro, fødd Vassend. Då ho kom til Bykle, hadde ho ei lang sjukepleiarkarriere attom seg, mellom anna hadde ho vore styrar på Kvales Minde i Kristiansand og på Strai aldersheim. At ho søkte seg hit på sine eldre dagar, hadde truleg samanheng med at far hennes i si tid hadde vore sterkt interessert i liv og lagnad i Bykle, og i mellomkrigstida hadde skipa til eit legat for byklarar, den såkalla «Bjorå-gåva».

Gyda var her i bygda frå ca 1980 til 1984, og det meste av tida budde ho i huset her, som låg i høveleg gangavstand frå bygdeheimen. Då ho vart pensjonist, flutte ho nedatt til Evje, og eit par år seinare døydde ho.

Etter Gyda Bjorå har me eit hol i kronologien i dette husværet, og veit ikkje om fleire som budde her fyre Solveig Torstveit flutte hit til nyttår 1989. Solveig budde her eit par års tid, og flutte i 1992 heimatt til Torstveit, Trydal. Ho vert nærmare presentert der.

Nestemann i husværet var her berre nokre månader i 1995.

  • Odin Refsnes, f 1966

Han er frå Åseral, men hadde tidlegare budd i Bykle i perioden 1990-93. Han arbeidde med oppmåling for Bykle kommune om sumaren, og køyrde opp løyper for Hovden Ferie om vinteren. I denne tida budde han mest i eit husvære han leigde hjå Sigrid Jeiskeli. I 1995 hadde han vore ei tid i Bømlo, og mellomlanda nokre månader i Bykle att fyrr han flutte heim til Åseral, der han nå bur (2006).

Året etter var her ein musikar innom ei stund.

  • Oddvar Tveiten, f 1972

Tveiten var musikklærar og organist i Bykle frå 1.9.1996 til 31.7.1997, men hadde husværet her berre i byrjinga av denne perioden. Sidan hadde han ei leilighet i Kyrkjelii. I dag bur han i Øygarden utanfor Bergen.

Seinare i 1996 kom ein kar frå Mykland og budde her:

  • Oddmund Mjåland, f 1968

Han er ingeniør, og arbeidde i Bykle kommune frå seinhaustes 1996 og eitt år frametter. Han er frå Mykland, og bur der i dag (2006).

Hausten 1997 flutte her inn ei jente frå Kristiansand:

  • Kathrine Nevestad, f 1975

Ho var lærar i Bykle skule eitt skuleår, og flutte heim til Kristiansand sumaren 1998.

Den neste til å flytje hit var ei jente frå Evje:

  • Nanny Camilla Karlsen, f 1978

Ho arbeidde som assistent på sosialkontoret og bygdeheimen frå hausten 1998 til hausten 2000. Frå Bykle flutte ho til Sandnes, og arbeidde der eit par år. Sidan har ho flutt til Bergen for å utdannne seg vidare.

Endeleg kjem me til den siste me veit om har budd her.

  • Mette Aadnevik Salvesen, f 1950

Ho er hjelpepleiar av yrke, og busett i Kristiansand. Opphaldet hennes i Bykle var eit 9 månaders vikariat på bygdeheimen i 2002. Ho lika seg så godt her oppe, at ho skreiv i Setesdølen og takka for tida si i bygda.


0941 Bykle komm.png Grønli (Bykle gnr 15/60) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Legebustad • Neste bolk: Skoglund