Setesdølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdølen er ei lokalavis som vert gjeven ut i Bygland i Setesdal, og som dekkjer heile dalen og indre bygder på Agder. Ho vart grunnlagt i 1975, kjem ut tysdagar og fredagar, og er på nynorsk. Redaktør i 2013 er Sigurd Haugsgjerd. Han har sitte i redaktørstolen nesten heile tida sidan 1975, men i ein periode då han arbeidde i NRK delte Paal Vollen og Bjørn Mikal Lothe redaktøransvaret. 49 prosent av aksjane i avisa er eigd av kommunane i Setesdal, medan dei siste 51 prosentane er i privat eige.

Setesdølen har klart det kunststykkje å få meir enn 100 prosent dekning i utgjevingskommunen. Dette skuldast at mange hytteeigarar abonnerer eller kjøper avisa, så dei kan følgje med på kva som skjer i Setesdal. Avisa har óg stor dekningsprosent i dei andre kommunnane, og har hatt jamn opplagsauke.

Kjelder

Ekstern lenkje