Asparås (Bykle gnr 15/32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Asparås
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 32
Type: Bustadeigedom

Asparås i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1968. Seljaren var Tarald Sveinsson Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut Gjerden. Han og kona, Gro, flutte kort etter overtakinga av tomta til Akkerhaugen, der dei sidan har budd, men dei bygde seg likevel hus her i 1972. Dei har nytta hovudetasjen her til sumarsbustad, medan sokkeletasjen, iallfall i periodevis, har vore bortleigd til Bykle kommune.

Knut Gjerden var frå Nordstog, og son åt Pål Torleivsson Gjerden og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Byklum.

Gro og Knut Gjerden med sønene Pål og Tarald 17. mai 1965.
Foto: Gerd Fosse Hovden

g 1954 m Gro Taraldsdotter Nomeland, f 1927. Born:

  • Pål, f 1956, lækjar, busett Skien, g 1 m Siren Marie Skogstrand, Bergen, born:
  • Marte Gro, f 1983
  • Knut, f 1985
  • Kjetil, f 1994
  • Marie, f 1999
  • g 2 m Torbjørg Straand, Skien, 2007
  • Tarald, f 1962, ingeniør, busett Akkerhaugen, g m Loredana Çerban, Romania, born:
  • Knut, f 1994
  • Gro, f 1996
  • Vebjørn, f 2001

Gro er frå Innistog Steinsland i Valle, gnr 48, bnr 15, og dotter åt Tarald Kjetilsson Nomeland på det bruket, og kona, Sigrid Pålsdotter, fødd Dale (jfr. Valle III, 602).

Knut og Gro var båe lærarar og arbeidde fyrst i Bykle (jfr. Notun, gnr 15, bnr 20), og sidan i Sauherad. Knut var dertil sterkt engasjert i lokalhistorisk arbeid, og har gjeve ut Gards- og ættesoge for Bykle (1966 saman med Bjørgulv G. Holen), Folk og fjell. Daglegliv på fjellviddene i Hardanger, Telemark og Setesdal (1989 saman med Trygve Fosstveit,) og Bykle kultursoge (red. 1993), forutan ei lang rekkje artiklar. Gro deler det lokalhistoriske engasjementet åt Knut, og har skrive bolken om «Gamle mattradisjonar» i Kultursoga. Ho har dessutan gjeve ut minneboka Mitt liv, Setesdalsforlaget 2004.

Me nemnde at sokkelsetasjen i huset har vore bortleigd til Bykle kommune. Nokre av dei kommunetilsette som budde her var Arne Tronsen, Helge S. Grønli, og Mari Ellen Olsson. Tronsen var her frå hausten 1975 til hausten 1977, Grønli frå hausten 1977 til hausten 1978, og Olsson frå hausten 1978 til hausten 1979.


0941 Bykle komm.png Asparås (Bykle gnr 15/32) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sarvskroken • Neste bolk: Sollid