Malmvegen 16 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 16
Utskilt: 1979
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 2
Bnr: 462
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 16 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset i nedre Stussli vart oppsett i 1975 av familien Larsen:

Bent Larsen, f 1948

g m Wenche, f 1952. Born:
  • May Brit, f 1973, IT-konsulent, g m Einar Brobakke, busett Bergen.
  • Ronny, f 1974, skipsassurandør, busett Oslo.

Bent Larsen er frå Herning i Danmark. Han er kokk, og arbeidde på Triangel Sportell i perioden 1972-79. I det sistnemnde året flutte han og familien or bygda. Han og Wenche er nå (2004) busette i Ullensvang. Huset sitt her selde dei til Bykle kommune.

Kven som var her i den nestfylgjande perioden, veit me ikkje, men me kjenner til dei som budde her frå hausten 1982:

Knut Mosand, f 1958

sb (g 1993) m May Britt Fallet, f 1959. Born, sjå nedanfor:

Knut er frå Berkåk. Han var musikklærar og korpsdirigent på Hovden, og har halde fram i dei yrka etter at han og May Britt flutte til Rauland i 1984. Sidan fekk dei borna Mari, f 1988; Jørgen, f 1990 og Anne Siri, f 1992. May Britt er frå Folldal. Etter at dei flutte frå Hovden har ho teke lærarutdaning.

Då familien Mosand flutte åt Rauland, flutte familien Hinna inn her. Dei var her i to vintrar, inntil dei i 1986 kaupte eit anna hus i Stussli, og flutte dit. Me har plassert hovudomtalen av dei i bolken om den verestaden, Blesterkroken 1, bnr 351. Kven som budde her i åra som fylgde, har me ikkje fått greie på.

I 1989 selde kommunen huset til Astri Rysstad, som då flutte hit frå ein av bustadane på byggjefeltet i Bykle.

Astri Rysstad.
Foto: Setesdølen

Astri Rysstad, f 1952

g 1979-83 m Ragnar Frimann Nordgreen, f 1946, busett Lillehammer, jfr. Grønli, gnr 15, bnr 60. Born:
  • Lars, f 1982, p t (2004) busett Oslo, under utdaning

Astri er frå Garatun Rysstad, gnr 68, bnr 29, og dotter åt Lars Jonsson Rysstad og kona Birgit Olsdotter, fødd Heggtveit. Ho har kulturadministrativ utdaning, og er kulturkonsulent i Bykle kommune sidan 1980. Ho representerer SV i fylkestinget.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 16 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 15-17 • Neste bolk: Malmvegen 18

Koordinater: 59.55766° N 7.36193° Ø