Eiken kyrkjegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein av dei tre krossane frå mellomalderen.
Foto: Chris Nyborg (2019).

Eiken kyrkjegard ligg ved Eiken kyrkje i Hægebostad kommune. Kyrkjegarden har ei historie som går attende til mellomalderen, og er framleis i bruk. Første gong sokne er nemnd er i 1417, og da hadde det truleg allereie vært kyrkje og kyrkjegard her ei tid. Tre steinkrossar frå mellomalderen står på kyrkjegarden, og ein eldre gravhaug rett utafor vitnar om at òg i førkristen tid vart folk gravlagde her.

Kyrkjegarden vart utvida med kring 50 kvadratmeter i det nordvestre hjørnet i 1860, og med kring 1000 kvadratmeter mot sør i åra 1899–1900.

Gravminnet over Pål Eiken, som fall under andre verdskrigen, er utforma meir som eit krigsminnesmerke enn eit gravminne.

Krigsgraver

Det er tre graver for soldater frå Samveldet på kyrkjegarden. Dei omkom då flyet deira gjekk ned 21. desember 1944. Dei falne er:

  • Flying officer William Robert Sinclair, 21 år, Royal Australian Air Force.
  • Pilot officer George Herbert Kendall, navigatør, Royal Canadian Air Force.
  • Flight sergeant Thomas David Cremins, radiooperatør og skyttar, Royal Air Force.

Dei tre har standardgravminner frå Commonwealth War Graves Commission, og Sinclair har òg eit privat oppsett gravminne rett ved sidan av det offisielle.

Galleri

Litteratur og kjelder