Eiken kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiken kyrkje
Eiken kyrkje 01.JPG
Foto: Chris Nyborg (2019).
Stad: Eiken
Byggeår: 1818
Endringar: Påbygd 1922 og 1950.
Kyrkjegard: Eiken kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Lister
Prestegjeld: Lyngdal
Fellesråd: Hægebostad
Sokn: Eiken
Materiale: Tømmer
Altartavle: Måleri frå 1891, «Kristus på krossen» av Karl Ludvig Gjermoe. Snekra 1822 av Olav Aasland og Olav Bakken frå Åseral.
Orgel: 1971, frå Vestlandske orgelverkstad.
Sitteplassar: 300

Eiken kyrkje frå 1818 er soknekyrkje for Eiken sokn i Hægebostad kommune. Ho står på Kyrkjeodden ved Lygnevatnet, på ein eigedom utskild frå garden Øvre Eiken.

Korskyrkja i tømmer vart oppført som erstatning for ei eldre kyrkje, Eiken gamle kyrkje. Tufta frå denne ligg under dagens kyrkje, og ein del av tømmeret vart nytta i den nye. Første gang det er nemnd ei kyrkje på Øvre Eiken er i 1620, men tre krossar frå mellomalderen på kyrkjegarden tyder på at ho var ein god del eldre. Soknet er først nemnd i 1417.

I 1922 vart det bygd våpenhus, og i 1950 sakristi.

Døypefonten i tre er frå gamlekyrkja. Altartavla vart snekra i 1822 av Olav Aasland og Olav Bakken frå Åseral i 1822, og målt med motivet «Kristus på krossen» i 1891 av Karl Ludvig Gjermoe.

Av kyrkjesølv kan ein nemne ein kalk frå 1592, som opphavleg var i Kvinesdal kyrkje. Truleg er den laga i Skåne.

Kyrkjeklokka er støypt i 1734 av Johan Barthold Holtsmann i Danmark.

kyrkjegarden står eit minnesmerke på grava til Pål Eiken (1903–1944), som fall under andre verdskrigen. Der er òg fleire britiske krigsgraver og dei allereie nemnde krossane frå mellomalderen. Rett utafor kyrkjegarden er ein gravhaug med ein bauta.

Litteratur og kjelder