Nordstog (Bykle gnr 9/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstog
Bratteland 8.jpg
I Nordstog Bratteland ein gong i åra 1903-1910. Bak: Ingebjørg H. Bratteland g. Lien og Gunnar Dag Abrahamson. Framme: Olav K. Mosdøl, Borghild A. Bratteland, Ragna Abrahamson, Helleik A. Bratteland. Foto: August Abrahamson, frå samlinga til Setesdalsmuseet.
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 9
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Nordstog er ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. På bakgrunn av det som er fortalt i boken om den udela garden vart Bjørgulv Tarjeisson Bratteland oppskriven som «gaardmand» då han gifte seg i 1859, medan Odd, broren måtte nøyast med å verta kalla «gaardbruger», for han bruka annan manns jord. Av folketeljinga frå 1865 ser me at Odd då framleis budde i Nordstog, men då hadde han vorte «gaardbruger og selveier», står det. Han må då einkorleis ha greidd å skaffe midlar til å løyse ut bruket. Olav G. Dysje døydde i 1863, og me reknar med at det var ervingane hans som selde attende til Odd.

Bjørgulv Tarjeisson og familien hans reiste til Amerika i 1866. Odd vart buande i Nordstog endå nokre år.

  • Odd Tarjeisson Bratteland, f 1835, til Amerika med kone og dotter 1880
g 1859 m Gro Bjugsdtr. Åkre, f 1829. Born:
  • Tarjei, f 1864, d 1864
  • Tarjei, f 1865, d 1871
  • Gunhild, f 1870, n 1880
  • Tarjei, f 1873, d 1874

Foreldra åt Gro Bjugsdotter var Bjug Torleivsson Åkre og kona, Gyro Hallvardsdotter, fødd Harstad (Valle IV, 105). I panteregisteret står det at Odd Tarjeisson kaupte Attistog Gjerden av Knut Torleivsson Homme i 1872, og selde det bruket vidare til Åsmund Olavsson Gjerden [Stavenes] i 1876. Båe desse handlane er røynlege nok, men me trur at dei fann stad fleire år fyre det vart skrive og tinglyst noko skøyte om dei. For Knut Torleivsson flutte seinast til Stavanger i 1864, ettersom han hadde ein son til dåpen der det året, og Åsmund Olavsson var iallfall på plass i Attistog i 1865, ser me i folketeljinga frå det året. På denne bakgrunnen vil me rekne med at Odd selde bruket vidare med det same han hadde fått hand om det, og at han ikkje budde i Gjerden i det heile, endå om han formelt sett sto som eigar nokre år, og endå om han er oppførd som oppsitjar der i den gamle gards- og ættesoga (120).

Derimot er det tvillaust rett, slik den gamle boka opplyser (85), at Odd Tarjeisson sidan selde Bratteland-bruket sitt til Borghild Eivindsdotter Stigamidjom eller Hisdal, enka etter Auver Helleiksson Glidbjørg, men heller ikkje dette salet er tinglyst, og me veit ikkje nett kva tid det gjekk fyre seg.

I 1880 fekk Odd, kona hans og dottera Gunhild, attest for utflytjing til Nedstrand i Ryfylke. Men i røyda hadde dei reist dit nokre år tidlegare, vel helst med det same etter at den tredje sonen i familien døydde i 1874. Dette byggjer på at me i 1875-folketeljinga finn dei oppførde som busetar i Ryningen, men dei var ikkje til stades der. Dei var «fraværende» og heldt til i Nedstrand, står det, men hadde altså endå ikkje meldt flytjing eller skaffa seg flytjeattest. Dei som sat i Nordstog Bratteland hausten 1875 var Borghild Eivindsdotter og borna hennar.

Me vil då meine at Borghild kaupte garden i 1874, og at Odd og folket hans budde i Ryfylke frå det same tidspunktet. Når han fekk seg attest for flytjinga i 1880, ligg det nær å tenkje at han hadde eit særskilt fyremål med dette. Han trong tydelegvis ikkje prestepapir for å vera i Nedstrand, men etter kva den gamle gards og ættesoga veit å fortelje, reiste Odd og familien hans til Amerika, og fyrr ein drog så langt avstad var det vanleg å skaffe seg attest frå presten i heimbygda. At dei at dei reiste ut vert stadfest av Tellef B. Nesland i manuskriptet hans om Nesland-slekta, og me har også funne dei att i amerikanskje folketeljingar. Då 1880-teljinga vart oppteke budde dei i Minneapolis, der dei vart noterte som «Odd Torgeson» med kona «Go» og dottera «Gunni».

Rett nok stemmer ikkje aldersoppgåvene særleg godt, men namna virkar likevel overtydande. Men Minneapolis var berre ei mellomlanding fyrr dei kom seg ut på landsbygda og fekk seg homestead. I folketeljingane frå 1900 og 1920 er dei oppskrivne med korrekte namn og aldersoppgåver, dei budde då på ein farm i Eagle Lake Township, Otter Tail County. Av desse teljingane går det også fram at dottera Gunhild i 1893 gifte seg med ein Svein Bestad, og budde med han på ein farm like ved foreldra hennes. Dei hadde 3 døtrer, som alle var gifte, og har born etter seg. Odd og Gro døydde båe i 1920.

Som ovanfor fortalt kaupte Borghild Eivindsdotter bruket, helst i 1874. Ho og familien hennes er i denne boka omtala under Hisdal, der alle borna var fødde, og der Auver Helleiksson Glidbjørg, mannen hennes, døydde i 1868.

Helleik Auversson, eldste sonen åt Borghild og Auver, vart neste oppsitjar i Nordstog. Heller ikkje han fekk tinglyst skøyte på eigedomen, men me reknar med at han overtok ein gong i fyrste helvta av 1880-åra.

Borghild E.Hisdal er den sitjande, eldre kvinna på dette biletet. Til venstre for henne står sonen Helleik Auversson og kona, Sigrid Tarjeisdotter. Til høgre står Auver Helleiksson. Biletet er teke av August Abrahamson , truleg mellom 1903 og 1910. Bilete frå Vegestog-samlinga.
  • Helleik Auversson Bratteland, f 1858, d 1936
g 1883 m Sigrid Tarjeisdtr. Skolås, f 1856, d 1941. Born:
  • Borghild, f 1884, d 1902, ug. tæring
  • Auver, f 1886, g 1912 m Ingebjørg Olavsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1889, g 1912 m Olav Arnesson Byklum, sjå Lii, gnr 14, bnr 3
  • Tarjei, f 1894, g 1922 m Ingebjørg Hallvardsdtr. Berg, sjå Evre Dysje, gnr 8, bnr 1
  • Eivind, f 1896, d 1980, emigrert 1929, g m Ingrid Marie Løberg, f 1908, d 1996, busett Hythe, Alberta, Canada, born:
  • Harold Peder, f 1945

Tarjei Olavsson Dysje på Skolås og fyrste kona, Ingebjørg Arnesdotter Berdalen, var foreldra av Sigrid Tarjeisdotter. Dei er omtala i bolken om Skolås.

I 1907 vart Helleik samd med grannen Knut Aslaksson i Systog, om at dei skulle selje heiteigen Aurdalsbeitet for 3200 kr til ein eigedomsspekulant som heitte Ole Haraldsæt. Denne teigen vart bnr 4 under Bratteland, og skyldsett til 0,46 mark. Året etter selde Haraldsæt han vidare til Thv. Heiberg, slik at han kom til å gå inn eigedomskomplekset hans, det som sidan vart kalla Njardarheim.

Same året som han hadde selt Aurdalsbeitet ifrå kaupte Helleik Evre Dysje av Ånund Ånundsson Tveiten, og kort etter flutte han og huslyden hans dit. Inntil vidare heldt han likevel fast på Bratteland-bruket, og i 1912 eller derikring overlet han det til eldste sonen. Også dette generasjonsskiftet på bruket gjekk fyre seg utan å verta registrert i nokon offentleg protokoll, men at det fann stad ved dette leitet er sikkert nok.

Ingebjørg O. Bratteland, f. Trydal (1890-1985) og Auver H. Bratteland (1886-1926) gifte seg i 1912. Bileta her tykkjest båe vera studioproduksjonar, men truleg ikkje frå same fotografstudio eller same byturen. Helst var dei båe ugifte då dei let seg taka av.Båe bileta kjem frå Ingebjørg Vegestog.
Sjå tekst til venstre.
Olav A. Bratteland er her fotografert saman med kameraten Leiv Holte ein gong på 1950-talet (Olav til høgre).
  • Auver Helleiksson Bratteland, f 1886, d 1926
g 1912 m Ingebjørg O. Trydal, f 1890, d 1975, frå 1955 busett Kristiansand. Born:
  • Ingrid, f 1951, d 1993, g m Henry Mogstad, Malm, busett Snåsa
  • Ingar, f 1956, g m May Britt Andersson, Malm, busett Snåsa
  • Olav, f 1916, snikkar, bygningsmann, busett Kristiansand frå 1955, ug
  • Borghild, f 1918, d 1981, gardkone, g m Lars Gramstad, Sandnes, born:
  • Ann Irene, f 1951, g m Keld Nilsen, Danmark, busett Sandnes
  • Randi, f 1953, g m Arne Kalberg, busett Kverneland
  • Elna, f 1956, g 1. m Jon Erling Risa, g 2. m Odd Espedal, busett Sandnes
  • Berit, f 1959, g m Audun Steinsvik, busett Sandnes
  • Tore, f 1920, d 1995, gardkone, g m Lars Suleskard, Sirdal, born:
  • Kirsten, f 1942, g m Andreas Braut, busett Klepp
  • Kåre, f 1945, d 1988, ug
  • Arne, f 1949, g m Britt Andersen, busett Sirdal
  • Ingebjørg, f 1953, g m Tor Arvid Braut, busett Klepp
  • Arild, f 1952, busett Oslo
  • Torbjørg, f 1924, husmor, g m Erling Maurhaugen, busett Kristiansand, born
  • Laila, f 1955, g m Rolf A. Kristiansen, busett Greipstad
  • Solveig, f 1961, g m Kai Solberg, busett Greipstad
  • Anne Grethe, f 1956
  • Ole Kåre, f 1960

Ingebjørg Olavsdotter kom frå Systog Trydal. Olav Tarjeisson Trydal og kona, Gunvor Ånundsdotter, fødd Berdalen, var foreldra hennes. Mor åt Gunvor att var Ingebjørg Arnesdotter Berdalen d.y., syster åt Ingebjørg Arnesdotter (e.), som var mor åt Sigrid Tarjeisdotter, som atter var mor åt Auver Helleiksson. Då hadde både Auver og Ingebjørg Arne Olavsson i Berdalen Der uppe til oldefar, og dermed var desse ektefolka mao. tremenningar.

I 1918 sette Auver opp ny uthusbygning på garden. I 1924 kaupte han det utskilde bruket Skolås innåt Nordstog att. Seljaren var Olav Auversson Trydal og prisen var 3000 kr.

Kort etter dette vart han sjuk av «beintæring», og denne sjukdomen døydde han av i januar 1926. Familien hans vart buande. Sumaren 1926 sette Ingebjørg i gang med turiststasjon i samarbeid med Kristiansand og Oplands Turistforening. På denne tid var her berre eit lite hus med stoge, to kammers, loft og kjøken.

Om sumaren låg huslyden anten på støylen eller i løa for å gjeva rom til turistane. I 1939 vart huset bygd ut med sengeplass for 14 turistar på 5 rom. Grunnflata i det ombygde huset var 72 m². Utvendes å sjå til var det ei tradisjonell setesdalsstoge i to høgder med ark over det frambygde inngangspartiet.

I 1946 overdrog Ingebjørg både Nordstog og Skolås til Olav for 4000 kr, foddog for seg og Sigrid, «samt 5 ferdigmalte kommoder», står det i grunnboka. Forklaringa på den siste delen av vederlaget er at Olav attåt gardsbruket arbeidde som møbelsnikkar, og at Ingebjørg ville ha ei kommode til kvar av døtrene. Olav dreiv garden med hest, 3-4 kyr og omlag 20 sauer til våren 1955. Då tok han med seg mora og systera og flutte til Kristiansand. Der arbeidde han sidan som snikkar og bygningsmann til pensjonsalder.

I 1965 vart det tinglyst eit forlik om erstatning for neddemming av Nordstog Bratteland. I fylgje dette skulle I/S Øvre Otra yte 165 000 kr, og dertil ei årleg utbetaling på 1500. Fyre neddemminga tok Olav ned stoga på garden, og nytta noko av tømmeret til å setje opp ei hytte høgre opp i terrenget.

Olav sto som eigar til 1985. Då selde han Nordstog saman med Skolås til brørne Torgeir og Auver for 100 000 kr. Sidan då har dei to bruka mest fungert som fritidseigedomar, men frå 1979 og ein 20 års tid frametter hadde Randi Larsdotter Kalberg (sjå familieoversikta ovanfor) og Arne, mannen hennes, sauer på beite på Bratteland. Dei dreiv (og driv framleis, 2002) gard på KvernelandJæren, og frakta kvar vår saueflokken sin inn til Botnen med båt, og henta han ut att om hausten. Dette er så langt den siste jordbruksaktiviteten i dette området.


0941 Bykle komm.png Nordstog (Bykle gnr 9/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bratteland • Neste bolk: Systog