Bjåen (Bykle gnr 1/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Bjåen Sud i stoga»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjåen
Breive 50 - HFB I 104.jpg
«Bjaaen Turiststation» ca 1903. Mannen med det store skjegget er Knut B. Bjåen, til høgre for han står kona, Torbjørg S. Bjåen, og til venstre står Borgny Abrahamson frå Kristiansand, dotter åt August Abrahamson, han som tok biletet. Huset i bakgrunnen er Nor i stoga, det næraste er Su i stoga, som var turiststasjonen. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Alt. namn: Sud i stoga
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 3

Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.

Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):

Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar.

Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale». I denne boka nyttar me i alle høve Bjåen som gardsnamn, rett og slett avdi det berre er den forma som har vorte nytta i skrift, både på kartet og alle andre stader.

Endå skal me taka med litt meir filologi, for når me fyrst er inne på den låma, tykkjest det vera eit poeng å få fram ei noko meir presis forklaring: Det gamalnorske grunnordet er bŒr (bø), som tyder 'gard'. Bjár er genitivsforma av dette ordet. Den mest endeframme tydinga av denne forma skulle vera «garden sitt» eller «som høyrer garden til». Men så har det i neste omgang kome opp eit sjølvstendig hokjønnsord Bjár med utgangspunkt i genitivsforma, og det ordet tyder ikkje gard eller engslette, men støyl, eller kanskje meir presist støylsvoll (jfr. Hans Ross: Norsk Ordbog, 1895). Denne tydinga høver då også framifrå på vårt Bjåen, ettersom desse eigedomane lenge tykkjest ha lege som støylar og beite for Breive, inntil dei i nyare tid vart sjølvstendige gardsbruk.

Arkeologane har ikkje funne spor etter korndyrking her, som dei gjorde i Breive, men også i og kring Bjåen var det jernvinne frå 800-talet og frametter mot Svartedauden, og denne aktiviteten har rimelegvis også her ført heilårsbusetnad med seg. Endå mange hundreår seinare kan ein greitt sjå spor i terrenget, og mellom dei som gauma på såvore var Svein Hovden (Jansen og Berg, 1991, 131): «Mellom Bjåen og Hovden har vore svært tjukt bygt i gamle dagar. Her er så uhorveleg mange husstader. Jern har dei brent mangestad».

Den store mengda med fornfunn tyder altså på busetnad i fyrrhistorisk tid. Men spør ein etter alderen på den busetnaden me kjenner i dag, går han ikkje lenger attende enn til fyrste tiåret av 1800-talet. Det fyrste Bjåen-bruket vart utskilt frå alle Breive-gardane og matrikulert i 1843. Den som sto for dette var Knut Knutsson i Breive Der sø, som same året hadde kaupt dei partane i Bjåen som høyrde til Der inne og Utistoga hjå ervingane etter Øystein Sandåk og Aslak Botne i Vinje, og la parten åt Der sø attåt den nye matrikkeleininga, som vart «lnr 1 c; 2c» under Breive, og seinare fekk bnr 3. Men då dette vart gjort, hadde her alt vore folk i nokså mange år.

Dei fyrste me veit om budde her er Åmund Aslaksson Gunvaldjord og familien hans. Nett kva tid dei kom er ukjent, men me veit at dei var plassfolk på Flothyl under Gunvaldjord i 1801, og at dei budde i Bjåen i 1807. Åmund var son åt Aslak Tallaksson Gunvaldjord og kona, Gunhild Åmundsdotter, som skal ha vore frå Mosokn. Om Åmund har Rikard Berge den fylgjande passasjen (Vinje og Rauland, II, 519):

Aamund het den eldste av gutane, det var endaa slik ein dyreskyttar det med; framifraa veidarar alle dei gunvaldjordane, mann etter mann. Aamund gjekk fullt god kar so liten han var, berre ein liten puff, ser du, men hovudet sveiv nedi herdane paa honom, han tottest ikkje hava noko halsbein. Aamund låg ute i ufreden, han gjorde vel ferdi med til Kvistrum. Lonarane fraa Hjartdal og aamnesane fraa Sauland og Jon Loftsgarden av Rauland gjekk i same flokken. Det barst ein gong upp ei bratt brekke; daa bar Aamund tri gevær upp og gjekk like kjøn. «Men eg krabba, eg», sa Aamnesen. Daa Aamund kom heim att [fraa ufreden], tok han Gunhild Neridsdotter. Dei sat paa Gunnvaldjord det fyrste, so flutte dei til Bjaaen, og budde der lenge. Gunhild, dotter deira, fekk'n Olav Midbø paa Byrte fyrste venda, og so fekk ho'n Hallvord Bjaaen.

Det kjende slaget ved Kvistrum skanse i Båhuslen, der norske troppar under Karl von Hessen tok til fange eit svensk armékorps på 800 mann, sto i 1788, i den krigen som sidan vart kalla Tyttebærkrigen, så det det stemmer tolleg bra med tida at Åmund gifte seg då han kom heim frå hærtenesta.

Åmund Aslaksson Gunvaldjord, f 1756, d etter 1839

g 1793 m Gunhild Nerisdtr.Tveiten, f 1765, d 1824. Born, iallfall:
  • Torbjørn f ca 1791, til stades 1801, seinare lagnad ukj.
  • Gunhild, f 1799, g 1. 1824 m Olav Jonsson Midbø, g 2. 1854 m Hallvard Gunnarsson Nedgarden, sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1803, d 1868, ug, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1807, g 1836 m Kjetil Olavsson Molland, Hjartdal, busett m.a. Moen under Røysland, sjå Valle VI, 489

Gunhild Nerisdotter var frå Sudigard Tveiten i Grungedal, dotter åt Neri Torjusson på det bruket og kona, Margit Vetlesdotter, som var frå Uppigard Edland. Ein bror åt Gunhild heitte Vetle, og gjekk under kallenamnet «Vie-Vetle». Han er det fortalt om i bolken om Nordgarden. Åmund og Gunhild var husmannsfolk i Bjåen til 1822, då dei flutte til Oddeskar under Løyland. Der døydde Gunhild i 1824, medan Åmund framleis livde i 1839, står det i Vallesoga (VI, 64).

Vallesoga fortel også at dottera Sigrid i 1836 fekk sonen Aslak med ein hjartdøl som heitte Søren Olavsson Håtveit. Aslak fekk i 1853 attest hjå presten i Valle for å ha reist til Stavanger to år tidegare. I 1865 er han ingen stad å finne, så om han ikkje var død då, har han vel emigrert.

Då Åmund og Gunhild flutte åt Oddeskar i 1822, kom det ein midaldrande kar med kjering og fire born frå Vinje, og overtok som brukar i Bjåen. Denne mannen heitte Hallvard Gunnarsson, var son åt Gunnar Olavsson Nedgarden (Neire Nordstoga), og runnen or Vesås-ætta i Smørklepp. Hallvard var ein særmerkt person på mange vis, og difor eitt av dei einskildmenneska det er fortalt mest om i Gamalt or Sætesdal (GoS I, 123-139). Me kjem attende til sumt av dette stoffet, men fyrst skal me setje opp eit familieoversyn:

Hallvard Gunnarsson Nedgarden, f 1774, d 1867

g 1. 1803 m Gyrid Tarjeisdtr., f 1778, d 1847. Born, iallfall:
  • Tarjei, f 1804, d 8.3.1834, g 1832 m Birgit Augundsdtr. Smestad, , f ca 1807, born:
  • Gyrid, f 1832, g 1857 m Halvor Åsmundsson Våmartveit
  • Tarjei, f 9.3.1834, d 7 veker gml, sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1807, d etter 1875, fyre 1891, sjå nedanfor
  • Olav, f 1810, d 1889, ug, vanfør, sjå nedanfor
  • Ragnhild, f 1820, d 1888, g 1845 m Olav Øysteinsson Sjøtveit, Tinn, sjå nedanfor
g 2. 1854 m e Gunhild Åmundsdtr. Midbø, f 1799, d 1875, ikkje born

Gyrid Tarjeisdotter var dotter åt Tarjei Bjørgulvsson Romtveit frå Arabygdi og kona, Ragnhild Ånundsdotter, fødd Loftsgarden. Tarjei drukna i Totak fyre dottera vart fødd, og Ragnhild gifte seg i 1779 omatt med enkemannen Gunnar Sigbjørnsson Gøytil. I 1801 finn me desse som bruksfolk på Smørklepp-Rui, og Gyrid var då hjå dei. Eit par år seinare gifte ho seg med Hallvard Gunnarsson.

Det kan ikkje nytte å gjeva att her alt det Svein Hovden fortalde om Hallvard, og Johannes Skar skreiv opp etter Svein. Det fyller innpå 16 sider i bok, så me lyt nøye oss med nokre hovudpunkt:

«[...] ingen visste so mykje som Hallvor; han visste allting, plent». Mellom dei ting han kunne var gamle viser: «[...] han kunde so mange, [og] kvad helst det som var munnlært, og han hadde so utifrå eit mål til å kveda.» Vidare var han «likso fæl ein sogemann som han var songmeister. Han kjende si ætt og andre ætter bygdene yver. Han kunde reikna upp alt, både lite og mykje, alt frå fyndeheimen av.» Mykje av det Svein sjølv kunne av viser og soger og anna gamalt, det hadde han etter Hallvard, fortel han.

Då Hallvard var i sin brage, sto han seg godt økonomisk, og hadde ei tid 14 kyr på båsen, fortel Svein vidare. Men borna hadde han motgang med:

Olav og Gunnar og Ragnhild, dei var so tuskelege alle. Olav var krypling;[...]. Og han visste so lite der attåt.[...]. Då far hans fór, måtte bygdi taka han, so fór han på legg i 21 år. Han døydde i Ørnefjødd 78 år gamal. Gunnar var på eit anna vis [...], men vart ikkje noko til mann han heller. Det var ikkje det at han var doven, han gjorde seg so nyttug han kunde [...] Men han kunde ikkje skipa seg, og sveiv i armod heile si tid. Tilslutt kunde han ikkje klara seg sjølv, og dei la han noko til. Men der var slikt ærevit, han vilde heller svelta enn å taka legg. Då fann dei på ei råd; dei sette han til å krevja tilleggskornet, og gav han ei løn. So tenkte Gunnar han livde av sitt eige. Ragnhild var det lite um på alle vis. Ho vart gift med ein austmann het Olav.

Olav var frå Tinn. Det fulle namnet hans var Olav Øysteinsson Sjøtveit, og han var son åt husmannen Øystein Gunnulvsson på plassen Madserud under Sjøtveit. Svein Hovden fortel at det var Gyrid som sto attom giftemålet åt Ragnhild. Olav var slåttekar på Bjåen ein sumar, og «var so ven ein kar». Gifte seg med Ragnhild var han i utgangspunktet lite huga på, men då mor hennes trakterte han drusteleg med mat og drikke, og dertil lova han fire gilde kyr i heimanfylgje, slo han likevel til.

Eit bil etterpå [ - to år var det - ] døydde Gyrid, og Olav hadde ikkje fenge heimanfylgja. So kom han og kravde. Men Hallvord visa han av; han kunde ikkje og vilde ikkje hava åbyrgsel på det, som Gyrid hadde lova og aldri spurt han. Olav maka seg upp på dette, og tid på tid kom han att og kravde. Men same kor arg og påståeleg han var, like lite nytta det, og enden på heimanfylgjevisa vart at Olav og Ragnhild fekk reise til Tinn med borna sine, men utan kyr. Olav trega sidan, og sa at «Nei, so galen som då eg tok dettan trolle i Bjå-a, hev eg alli vor' i verden!», men gifte var dei, og gifte vart dei verande.

I Tinn budde dei fyrst på plassen Tangen under Sjøtveit, granneplass til Madserud, der Olav var ifrå, og sidan på ein tredje Sjøtveitplass, som heitte Rasbylt. Dei hadde det meir enn smått, så Ragnhild fekk det ikkje godt. Tinndølane kalla henne «Bjåa»: «Dei hadde mange born, og var so fatige at Bjåa måtte fara ikring bygdi og beda om mat for seg og sine», står det i Tinn-soga (II, 45).

Av borna veit me om Ingebjørg (f i Bjåen 1846), Gyrid (f i Bjåen 1847), Hallvard ( f ca 1855), Elen (f ca 1857) og Gunnulv (f ca 1862). Dei tre sistnemnde var hjå foreldra på Rasbylt-plassen i 1865. Dertil vil me rekne med at det kom to eller tre born til i åra mellom 1847 og 1855, men nokre døydde små eller unge, og nokre har vel reist ut. Den einaste bygdeboka frå Tinn har registrert som busett der i bygda som vaksen er eldstejenta, Ingebjørg. Ho gifte seg med ein husmann som heitte Øystein Knutsson Myre, og dei kaupte seinare garden Nordre Skavlebø i Attrå (Tinn-soga II, 259). Dei hadde berre ei dotter, Barbro, fødd 1897. Barbro Skavlebø døydde ugift på bygdeheimen i Tinn i 1966. Ho etterlet seg ei rosemåla kiste med typisk setesdalsmåling, som nå står på Tinn bygdemuseum.

Dermed har me ikkje meir om Ragnhild og folket hennes, og kan gå over til Tarjei. Me gjev då atter ordet til Svein Hovden (i Johannes Skar si utforming):

Men so var det Targeir, eldste son hans Hallvord, han var ikkje syskini lik; det var ovkar plent; han var etter hans [farens] ynde i alt.

Targeir fraus ute på heidi, då han var 30 år gamall. Det var 8 år fyrr eg var fødd.

Targeir var gift mann. Eingong kona hans skulde hava sengjeferd, laut han eit ærend ned til Vinje - det var ein vev og ein dunk brennevin han skulde hava til barnsøls. I Smørklepp var drykkjelag, og han drakk og slost um notti. Tidleg um morgonen tok han heimigjenom. Men han var utidig, og vilde ikkje eta, og han hadde tri mil yver heidi. Han rakk heimatt mestom. Då trota han. Med austare enden av Sæsvatn, der fann dei han ihelfrosen. Han hadde løypt ned ein liten bakke, So hadde han vendt, og grave seg ned innunder bakken. Veven hadde han rekt upp, og veivla noko av han ikring seg frå herdane og nedetter. Med han heldt på med det, klaka han. [...]. Kona hans fødde same notti som han fraus i hel.

Som det går fram i familieoversynet ovanfor, er det rett som Svein Hovden fortel, at Birgit Augundsdotter, kona åt Tarjei, fekk eit barn samstundes som han fraus i hel, men det barnet var ikkje liv laga. Birgit gifte seg i 1840 omatt med enkemannen Halvor Olavsson Bekkhus frå Smørklepp. Ho døydde i Bekkhus i 1867.

Gyrid Tarjeisdotter vaks opp, og gifte seg i 1852 med Hallvard Åsmundsson frå Våmartveit. I 1865 sat ho som enke med tre born, som heitte Tarjei, Birgit og Halvor, på plassen Raunelii under Kjetjusland. Kvar det sidan vart av dei, er ikkje utgreidd.

Som rimeleg kunne vera tok Hallvard ulukka åt sonen tungt, jamvel om han «lest vera like desten». Over 20 år seinare sa han: «Då eg kom ti Bjåen va eg mota på alt; de va dei stakkars bonni, men Targjei va spræk å kry; me va goe i fjødd å finne; me totte ingen ting umogeleg. Då fór han; då va de ute med alt.»

Men han trøysta seg så godt han kunne, og i 1854, 7 år etter at han hadde vorte enkemann, gifte han seg omatt med Gunhild Åmundsdotter Midbø frå Mosokn, enka etter Olav Jonsson Midbø. Som det går fram ovanfor, var ho oppvakse i Bjåen, så ein må tru at ho visste omlag kva ho flutte til. Rikard Berge vil ha det til at «Det var ikkje nokor lukke med det [ekteskapet]» (Vinje og Rauland IV, 401), men på det punktet er Svein Hovden uvanleg diskret, så det er ikkje så godt å vita. Iallfall var Hallvard 79 år, og gjekk med stav, då han gifte seg andre venda, medan brura hans var «fin og ferm og mykje yngre [...], ikkje meir enn 50 år «. Mykje yngre var ho, men i røynda var ho då 55, og Svein bommar også ørlite når han vidare fortel at dei fekk 15 år ilag, men det vart 13.

Hallvard Gunnarsson leigde Bjåen på livetida, fyrst etter muntleg avtale med Øystein Sandåk og Aslak Botne frå 1822, sidan med Knut Knutsson i Der sø frå 1843, og endeleg etter tinglyst kontrakt med Bjørgulv Knutsson frå 1859. Ein kan undre seg over at Bjørgulv, som sjølv sidan flutte åt Bjåen, nya oppatt livstidsfestet åt Hallvard med det same han hadde fått skøyte på eigedomen i 1859. Men det gjorde han, endå Hallvard då var 85 år, og ikkje hadde kunna drive Bjåen utan lutbruksmann på meir enn 10 år. Men Bjørgulv heldt ved dette leitet til på Vrålid i Vrådal, Kviteseid, og me merker oss også at det han sette bort til Hallvard ikkje var heile Bjåen, men tredjeparten av bruket, slik at her var rom for fleire.

Det er elles fleire interessante drag i kontrakta frå 1859: I tillegg til tredjeparten av Bjåen leigde Hallvard halvparten av Breivassflotti, og for dette til saman skulle han ikkje yte anna 1/2 bismarpund (7, 7 kg) smør i året, noko som var nærast ufatteleg billeg. Breivingane må ha tykt mykje mon i Hallvard Bjåen, og på slutten av 1850-åra hadde han vel heller ikkje økonomi til å yte større for verestaden sin. Då han i 1853 skifte ifrå seg, for å få høve til å gifte seg på nytt, hadde han berre 3 kyr og 4 sauer, og nettomidelen var 44 speciar.

Med det same etter at Gyrid var borte i 1847 flutte Knut Sigvaldsson Haugåsmo (sjå Hovden, Der nede, gnr 2, bnr 1) til Bjåen for å vera lutbrukar for Halvor. «Der var tvo våningar i Bjåen, og Hallvord hadde den eine», fortalde Svein Knutsson. Vidare sa han at far hans var på Bjåen i 3 år, men han må ha vore her lenger, om han då ikkje flutte til og frå fleire vender. Iallfall er det greitt at han budde her då Hallvard gifte seg andre venda (1854), han hadde jamvel oppdraget med å vera belegut for gamlingen. I den gamle gards- og ættesoga (198) les me at Knut «kom til slutt til Bjåen, til Halvor», og det må vel skjønast slik at Knut budde på Bjåen då han døydde (i 1860), men etter kyrkjeboka vart han gravlagd frå Hovden, og me meiner at det er det rette.

Gamal mjølkerynje i Henriksen-samlinga, reg.nr MOR 0051. Lagg med jernhank og jerngjorder. Breidde 25 cm, høgde 20 cm, volum 10 pottar eller 9,6 liter. Foto frå Setesdalsmuseet.

Kring 1860 flutte den nye eigaren, Bjørgulv Knutsson, til Bjåen. I 1865 ser me at han er oppskriven som «Gaardmand og Selveier», medan Hallvard Gunnarsson har fått status i folketeljinga som «Gaardbruger, Forpagter», og det er visseleg i samsvar med røyndomen. Likevel ser me at Hallvard vert nemnd som «Gaardmand» då han døydde i 1867, medan Gunhild, då ho døydde i 1875, er kalla «Husmandsenke». Såleis er det litt ugreie i kjeldene, men i alle høve var då Bjørgulv Knutsson gardbrukar her både saman med Hallvard Gunnarsson og etter han:

Bjørgulv Knutsson Breive, f 1833, d 1878

g 1856 m Ingebjørg Såvesdtr. Felland, f 1835, d 1907. Born:
  • Knut, f 1857, g 1. 1887 m Tone Torbjørnsdtr. Breive, g 2. 1900 m Torbjørg Sjursdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Såve, f 1859, g 1884 m Margit Aslaksdtr. Øverland, sjå Nor i stoga, bnr 17
  • Jon, f 1862, d 1863
  • Åshild, f 1864, d 1945, g 1889 m Gunnar Gunnarsson Lio, busett Nigard Åse, Mo, born:
  • Ingebjørg, f 1892
  • Tarjei, f 1898
  • Jorunn, f 1903, jfr. Mo bygdebok, I, 243, sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1866, d 1934, ug, sjå nedanfor
  • Tårånd, f 1869, d Nigard Åse, Mo, 1924, ug, jfr. Mo bygdebok II, 536
  • Åsne, f 1871, d 1954, ug, sjå nedanfor
  • Jon, f 1875, d 1928, ug

Ingebjørg Såvesdotter var frå Nigard Felland i Mo, dotter åt Såve Jonsson Felland på det bruket, og kona, Sigrid Gunnarsdotter, fødd Haugland (jfr. Mo bygdebok I, 511).

Bjørgulv og Ingebjørg sat i 1865 med hest, 7 kyr, 13 sauer og 11 geiter. Hallvard Gunnarsson hadde samstundes 5 kyr, 18 sauer og 6 geiter, så til saman vart det ein nokså drusteleg buskap. Korn hadde dei ikkje, men her skal ha vore ein jordepleåker der dei kunne setje ei tunne. Ti år seinare tykkjest dei ha kutta ut geitehaldet, men hadde hest, 8 kyr, 3 ungnaut og 22 sauer. Framleis dyrka dei jordeple, 2 tunner sette dei ut i 1875.

Alt i Bjørgulvs tid byrja dei å gjera seg ei næring av å taka imot gjester på Bjåen. Det hadde alltid vore ein god del ferdsle over heiane frå Vinje til og frå Bykle og Valle, og vestover til og frå Suldal. Mange av ferdafolka kunne trengje til ein stad å få seg mat, kvile ut og kanskje overnatte, fyrr dei for vidare, og då høvde Bjåen godt. Ein viktig del av arbeidet med dei som var ute og reiste var elles å ro folk over Breivatn, og å ferje over elva. Folk som gjekk frå Hovden tente bål uti enden av vatnet, og dei som kom frå Haukeli nørde opp på Kvikkevollen på nordsida av elva. Dette var då signal om at dei måtte hentast.

Åshild Bjørgulvsdotter var, som det går fram ovanfor, gift med Gunnar G. Lio på Nigard Åse i Mo frå 1889. Gunnar fortalde sidan at han fyrste venda gådde åt den vene fjelljenta ein gong ho gjekk av båten ved bryggja på Dalen, og at det då for gjennom hovudet på han: «Anten henne, eller ingen». Og slik vart det altså.

Sigrid Bjørgulvdotter finn me i 1900 som «logerende» hjå Knut Haraldsson på Gunvaldjord i Haukeli. Ho var ugift, og arbeidde som skreddar og bakar, fortel folketeljinga. Ho var framleis i Haukeli då ho døydde i 1934.

Åsne Bjørgulvsdotter var i 1900 heime på Bjåen. Ho var ugift og «gaar i brød sammen med sin mor», heiter det om henne. Ho var ikkje i Bykle i 1910, så det spørst om ho alt då hadde flutt til skyldfolka i Haukeli. Iallfall budde ho sidan der, og vart gravlagd ved Grungedal kyrkje. Dette var så seint som i 1954, så ho vart den av syskena som nådde den høgste alderen. Dei dreiv garden ilag frå faren døydde i 1878 og frametter, men det gjekk meir enn 30 år fyrr det vart tinglyst noko om eigedomsretten, det skjedde fyrst i 1910. Då hadde dei late det slø så lenge med kommuneskattane at garden hamna på tvangsauksjon, noko som sikkert må ha fortona seg som nokså skummelt. Men då brørne Knut og Såve møtte på auksjonen, fekk dei tilslaget for berre 500 kr. Dermed hadde dei også råd til å sikre seg Breivassflotti, som var under hamaren på same auksjonen. Den eigedomen kom på 300 kr, så det kan ikkje ha vore særleg hard bodgjeving. I 1843 hadde som fyrr fortalt godfar deira gjeve 500 speciar for to tredjepartar av Bjåen og 400 for Breivassflotti. Om ein ser bort frå inflasjonen, og berre reknar om etter nominell kurs, skulle det svara til 4600 kr for heile Bjåen og Breivassflotti etter 1875.

Frå 1910 hadde då Knut og Såve tinglyst heimel på Bjåen og Breivassflotti saman. I røynda hadde dei dela eigedomen i to bruk lenge fyre dette, kort etter at Såve gifte seg i 1884. Frå dette tidspunktet hadde då Såve Nor i stoga, medan Knut hadde bruket her.

I 1880 var Knut B. Bjåen (1857-1944) og Jon B. Hovden (1857-1883) i det militære i Kristiansand. Dette biletet, der Knut står til venstre, vart teke då. Me fekk låne det hjå Ingebjørg Vegestog.
Knut B. Bjåen (1857-1944) og andre kona, Torbjørg Sjursdotter, fødd Vatnedalen (1879-1961). Dette er brudlaupsbiletet deira frå 1900, og kjem frå Ingebjørg Vegestog.
På biletet, som er teke av August Abrahamson, står det notert: "Bjaaen. Ingebjørg med den mindste Aar 1913". Men kona i Bjåen heitte altså Torbjørg, og det er ho som vart fotografert. Barnet er Jon Knutsson. Biletet kjem frå Setesdalsmuseet.

Knut Bjørgulvsson Bjåen, f 1857, d 1944

g 1. 1887 m Tone Torbjørnsdtr. Breive, f 1857, d 1897
  • Bjørgulv, f 1888, g 1932 m Sigrid Hallvardsdtr. Bjørgum, sjå nedanfor
  • Torbjørn, f 1890, d 1974, gbr., g m Sigrid Oddsdtr. Nigard Edland, f 1900, d 1993, busett Uppigard Edland, born:
  • Ingjerd, f 1926, d 1980, g m Halvor Haugen, busett Edland
  • Tone, f 1928, d 1973, g m Sigurd Hagen, Røldal, busett Edland
  • Knut, f 1930, d 1999, g m Kari Indrelid, busett Uppigard Edland
  • Oddny, f 1932, d 1939; Åsne, f 1936, g m Arne Fjalestad, Nissedal, busett Kristiansand
  • Oddny, f 1940, g m Tjøstolv Haugen, busett Edland
  • Knut, f 1892, d 1911
  • Jorunn, f 1894, d 1965, heimeverande, ug
g 2 1900 m Torbjørg Sjursdtr. Vatnedalen f. 1879, 1961. Born:
  • Margit, f 1900, d 1992 ug, dreiv turisthytte på Hartevasstøyl, sjå Malmvegen 1, gnr 2, bnr 358
  • Ingebjørg, f 1902, d 1990, gardkone., g 1925 m Herjus Knutsson Berg, f 1888, busett [[Dynestøl (Valle gnr 26/3), gnr 26, bnr 3, Øvrebø, jfr. Valle II, 292, born:
  • Knut, f 1926, g m Gerd Bækkevoll
  • Torvald, f 1928, busett Australia frå ca 1960, g der
  • Torbjørg, f 1930, d 1989, busett Nord-Noreg, g, 3 born
  • Joraan, f 1932, g m Alf Jeiskelid, busett Kristiansand, 3 born
  • Sigrid, f 1937, g m Villy Gylvik, busett Kristiansand
  • Olav f 1939, d 1998, g, busett Kristiansand
  • Åshild, f 1907, landpostbod, ug, sjå gnr 2, bnr 37, Fjellheim («Hjå Åshild»)
  • Sjur, f 1909, d 2000, ug., sjå nedanfor, jfr Malmvegen 1, gnr 2, bnr 358
  • Torjus, f 1911, d 1996, arkitekt, busett Horten, g m Elsa Pettersen
  • Jon, f 1913, d 1993, militær, busett Asker, g m Gro Tallaksdtr. Hoslemo, f 1928, sjå nedanfor, born:
  • Anne Torild, f 1957
  • Kristin, f 1958
  • Trine Margareth, f 1963
  • Sigrid, f 1917, gardkone, g 1944 m Knut Helleiksson Jeiskelid, sjå Nordli, gnr 3, bnr 18
  • Knut, f 1920, d 2001, militær, busett Asker, sjå nedanfor, g 1. m Erna Weber, Oslo, g 2.m Lill-Ann Velund, Halden, born (i 2. ekteskap):
  • Sjur, f 1956
  • Wenche, f 1958
  • Ingunn, f 1960

Tone Torbjørnsdotter var frå Der inne, dotter åt Torbjørn Alvsson Breive og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Kyrvestad. Torbjørg Sjursdotter var frå Der sø i Vatnedalen, dotter åt Sjur Sjurson K. Bjåen(1902-1990, g m Herjus Breive og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Kyrvestad.

I 1930 vart Breive Reinsdyrsamlag, som hadde gått inn i 1928, reorganisert under namnet Byklehei Reinsamlag. Her ser ein tamreinflokken til laget samla på Breivvatn 17.4. 1930. Mannen fremst til venstre er Knut B. Bjåen, og den fremste i rekkja på høgresida skal vera Knut O. Breive. I bakgrunnen ser ein Bjåen-gardane.

Knut dreiv garden, jakta og fiska, og dreiv driftehandel med krøter, som dei alltid hadde gjort i Bjåen. Vidare dreiv han med tamrein, og i tillegg heldt han fram med å taka imot turistar og andre reisande folk om sumaren, slik faren hadde gjort. Det var i Knuts tid dei byrja dei å taka i bruk namnet Bjåen turiststasjon. I 1892 bygde han ny stogebygning Denne var på 56 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1911 bygde han lopt, og mot slutten av husbondstida hans, i 1933, vart det gamle uthuset rive og nytt oppsett.

Sønene var fjellmenn, jegerar og fiskarar, og under krigen var dei med i heimefronten. I samband med rassiaen i Jøssingbu i 1943 laut tre av dei røme, og Sjur og Jon hamna då i England, medan Knut vart verande i Sverige. I 1946-47 var dei tre pelsjegerar på Svalbard. Det kjem me litt attende til nedanfor.

Jon Knutsson hadde seg m.a. ein sesong på kvalfangst i Sørishavet etter Svalbardopphaldet i 1946-47. Frå 1953 vart han yrkesmilitær, og på slutten budde han i Asker. Fyre krigen tok han del i arbeidet i Bjåen ilag med brørne, og hadde nok mange opplivingar med turistane. M.a. har han fortalt den fylgjande soga, som me her tek etter brorsonen Knut:

Ein gong fyre det vart køyreveg (1938) var det eit ungt par som var på brudlaupsreise med motorsykkel. Dei kom nedantil dalen, og hadde einkorleis greidd å kara seg fram på sykkelen frå Hovden til Breivatn. Jon hadde henta dei med båt, og rodd dei til Bjåen, der dei overnatta, og neste morgon ville dei plent vidare over heia til Vinje. Jon åtvara dei, og sa at det kunne aldri gå vel, men dei sto på sitt, og gav seg ikkje før Jon hadde sett både dei og motorsykkelen over til Kvikkevollen. Dei kom 300 m opp i lia, men då vart det bom stopp, så dei kom korkje fram eller attende. Bjåen-karane laut då hjelpe dei med å demontere sykkelen, og bera han i delar over heia til Flothyl.

Knut Knutsson hadde underoffisersskulen frå 1937-38, var med i striden i 1940 og sidan i Heimefronten, inntil han laut røme i 1943. Etter deltaking i dei norske polititroppane i Sverige til 1945, kom han til å halde fram i det militære til pensjonsalderen, men hadde eit friår frå forsvaret i 1946-47.

Det var Sjur, Jon og Knut og syskenbarnet Olav Såvesson frå Nor i stoga som var på Svalbard og jakta sesongen 1946-47. Dei gjorde det dugeleg godt der oppe, og skaut m.a. 168 isbjørnar, noko Tromsø Museum har registrert som verdsrekord for eit jaktlag på ein sesong. Dette var siste sesongen det gjekk an å drive isbjørnjakt, året etter vart bjørnen freda.

Her ser ein Knut og Torbjørg Bjåen på eit bilete frå kring 1940, som me har fått hjå Setesdalsmuseet.
Gyrid K. Bjåen (1903-1996), g m Eiliv Grave, busett Bø i Telemark. Ein legg merke til at båe jentene (sjå neste bilete) har den såkalla Fjellgardsdrakta, som kom frå Telemark på 1890-talet. Bileta av jentene er tekne kring 1925, og kjem frå Ingebjørg Vegestog.
Ingebjørg K. Bjåen(1902-1990, g m Herjus Berg, busett Øverbø. Sjå også forklaring til fyrre bilete.

Då dei kom heim hadde Olav og Knut med seg 9 isbjørnungar, 8 av dei hamna med tida i dyrehagar i Danmark. Ein av dei var tamare enn hine, og Knut gjekk med han i band då han steig av båten i Tromsø. Så hadde han ærend åt Vinmonopolet, og bjørnen fylgde med. På Polet var det lang kø framom disken, då Knut og bjørnen kom, men den forsvant fort då folk gådde kva slags dyr han hadde med seg, så han fekk skjot ekspedering. Denne bjørnen hadde dei tidlegare hatt nærast som huskatt på Svalbard. Han var stort sett snill i huset, men ein gong Knut sat og spela på mandolin, kom bjørnen og smadra instrumentet, han lika ikkje musikk. Ein annan bjørn var så sinna at han måtte avlivast. Dei trekte lodd om han, og Olav vann. I dag står han i utstappa form i huset hjå Sondov Bjåen i Kvæven.

Kring 1960 skaffa Sjur seg gravemaskin, og arbeidde sidan mest med denne, men han var også ein god del hjå systera Margit på Hartevassbu, og hjelpte med turistverksemda hennes. Frå 1978 budde han i lag med henne i huset hennes i Stussli på Hovden. I 1938 overdrog Knut Bjørgulvsson eigedomane sine til dei to eldste sønene med ein halvpart på kvar. Han åtte halve Bjåen, halve Breivassflotti og halve Halsebeitet i Vinje, og Bjørgulv og Torbjørn vart då sitjande med kvar sin fjerdepart. Som det har gått fram ovanfor, budde Torbjørn i Edland i Vinje. Sonesonen, som også heiter Torbjørn Knutsson Bjåen, og bur i Edland, ervde eigedomane etter far sin i 1999. Han sit med ein ideell fjerdepart i bnr 3, 16 og 17 under Breive (dvs. Sud i stoga, Kvæven og Nor i stoga), og sameleis i Halsebeitet, men Breivassflotti har vorte fysisk dela, slik at Torbjørn eig gnr 2, bnr 3, medan oppsitjarane i Bjåen har bnr 9 i sameige.

Knut Bjåen (1920-2001) på underoffisersskolen i Kristiansand 1938. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Sjur Bjåen etter heimkoma frå England i 1945. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bjørgulv vart neste oppsitjar i Sud i stoga:

Bjørgulv Knutsson Bjåen, f 1888, d 1962

g 1932 m Sigrid Hallvardsdtr. Bjørgum, f 1908, d 1940. Born:
  • Knut, f 1933, formingslærar, g m Gunnhild Mikkelson, sjå nedanfor
  • Anne, f 1936, sjukepleiar, overjordmor, busett Drammen, ug, sjå Malmvegen 1, gnr 2, bnr 358

Sigrid var frå KyrkjemoBjørgum, Hylestad. Foreldra hennes var Hallvard Jonsson Bjørgum og kona, Anne Asbjørnsdotter, fødd Rysstad (jfr. Valle II, 67). Attåt gardsdrifta dreiv Bjørgulv med tamrein, driftehandel og turisme, slik faren hadde gjort. Driftehandelen tok slutt etter krigen, siste drifta var i 1945, men turismen auka, ikkje minst som fylgje av bilvegen frå Tallaksbru til Bykle, som hadde vorte opna i 1938. Vegen førde også til at det tok slutt med båtskjussinga, som inntil då hadde vore eit fast innslag i arbeidslivet på Bjåen sumarstid. I samband med at Bjørgulv overtok garden vart det sett opp kårbustad på oversida av vegen, der Knut og Torbjørg flutte inn. Denne overtok sidan Torjus, Knut og Jon Knutssøner til feriebustad.

Sonen overtok bruket frå andre halvparten av 1950-åra og utetter:

Knut B. Bjåen som postmann, bilete frå 1986, funne i kommunearkivet.

Knut Bjørgulvsson Bjåen, f 1933

g 1962 m Gunnhild Ingebjørg Mikkelson, f 1932. Born:
  • Bjørgulv, f 1965, journalist, busett Oslo, g m Anne Kristin Bjerga, farmasøyt, Sauherad, born:
  • Knut Axel, f 1994
  • Tormund, f 1997
  • Mikal, f 1968, fysioterapeut, busett Seim, Lindås, g m Margaret Rydland, sjukepleiar, Lindås, born:
  • Daniel, f 1992
  • Silja Ingeborg f 1995
  • Ruben, f 1998

Gunnhild Bjåen er frå Forsand i Ryfylke og dotter åt Anna Alice og Mikal Mikkelson.

I 1958 reiv Knut den gamle stoga etter godfaren, og sette opp nytt hus på same tufta. I samband med denne operasjonen skifte Bjåen turiststasjon namn til Breivatn høgfjellsstoge. Her dreiv då Knut som gardbrukar og turistvert liksom faren hadde vore. Men i motsetnad til tidlegare, då dei berre hadde teke imot turistar om sumaren, vart det nå både sumar- og vinterturisme. I tillegg arbeidde Knut frå 1961 som landpostbod.

Knut og Gunhild tok imot turistar i full pensjon til 1975, sidan vart turistverksemda avgrensa til berre overnatting. Av kretur sat dei dei til å byrje med hest, 3 kyr, 12 sauer, nokre høns og ein gris. Frå omlag 1970 vart det omleggjing til rein sauedrift, med kring 50 vinterfora dyr. Hausten 1998 tok det slutt med dyrehaldet i Sud i stoga.

Primærkjelder


0941 Bykle komm.png Bjåen (Bykle gnr 1/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solbakken • Neste bolk: Kvæven

Koordinater: 59.63992° N 7.4399° Ø