Reindrift

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tamrein»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Reingjeting i Nord-Sverige
Foto: Mats Andersson

Reindrift er ei grein av husdyrbruk som særlig er vanlig blant samar i Skandinavia og naboområda. Reinsdyra kan vera tamme og/eller halvtamme, og driftsformer inkluderer stasjonær, intensiv reindrift (sjå nedafor) så vel som nomadisk, anten intensiv eller ekstensiv reindrift.

Intensiv reindrift

Intensiv reindrift er ei driftsform som oftast er basert på eit lite tal dyr, som til gjengjeld blir meir inngåande utnytta, inkludert systematisk mjølking av simlene. Denne driftsforma har vore vanlig blant skogssamane i Sverige og Finland så vel som blant sjøsamar og bufinnar i Noreg.

Ekstensiv reindrift

Reingjetarar med flokk på vandring. (Johan Turi)

Ekstensiv reindrift er basert på større tal dyr og er stort sett alltid nomadisk. Mjølking skjer anten ikkje i det heile tatt eller berre av eit mindre tal av dyra. Denne driftsforma er vanligast blant fjellsamar.

Galleri

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.