Solbakken (Bykle gnr 13/13)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Solbakken | |
---|---|
Bnr 13 Solbakken og bnr 27 Soltun 7.2.2006. Foto: Aa. Olsnes
| |
Rydda: | 1965 |
Utskilt: | 1964 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 13 |
Bnr: | 13 |
Type: | Bustadeigedom |
Hustufta Solbakken, som ligg på jordet sudvest for tunet i Lunden i Bykle kommune vart utskilt frå Evre Mosdøl, bnr 3, i 1964. Seljaren var Knut O. Mosdøl, og kauparen var Ånund, den yngste bror hans. Ånund flutte inn i det huset han bygde seg her i 1965.
- Ånund O. Mosdøl, f 1928
- g m Anne Gerd Haugen, f 1938. Born:
- Solveig Oline, f 1959, ekspeditør, g 1978 m Walter Gunnar Hanssen, Saltdal, f 1956, busett Evensgård, Røkland, Saltdal, born:
- Ann Tove, f 1978
- Vigdis, f 1980
- Tor Ånund, f 1985
- Geir Omar, f 1962, snikkar., g 1982 m Magnhild Nylend, sjå Soltun, gnr 13, bnr 27
Anne Gerd kjem frå Evje. Foreldra hennes heitte Olga Sofie og Gunnar Haugen.
Ånund har m.a. køyrt laste- og brøytebil og arbeidd på anlegg. Anne Gerd har vore sekretær i Bykle kommune.
Solbakken (Bykle gnr 13/13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |