Myggbo (Bykle gnr 15/77)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myggbo
Gjerden 62d.jpg
Huset til Pål Georg Ryningen pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1980
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 77
Type: Bustadeigedom

Myggbo gjekk ut frå bnr 11 i 1979. Året etter sette Bykle kommune opp huset.

Dei som budde her fyrst var den nye, tekniske sjefen i kommunen og familien hans.

  • Magne Staalstrøm, f 1951
g m Elin Valborgland, f 1960. Born:
  • Bjarne, f 1979
  • Nina, f 1983
  • Andreas, f 1999

Elin er frå Grimstad, og dotter åt Gerd og Harald Valborgland. Ho har arbeidd som sekretær i Sørlandsbanken og Nordea, men etter at ho fekk yngste sonen har ho vore husmor.

Magne vaks opp i Mjøndalen som son åt Bjarne og Astrid Staalstrøm. Han er bygg- og anleggsingeniør, og var teknisk sjef i Bykle kommune 1980-84. Sidan har han vore teknisk sjef i Hisøy (1984-1992) og bygningssjef i Arendal (1992-2001). For tida (2003) arbeider han i firmaet Block-Wathne. Huslyden har vore busett i Grimstad sidan hausten 1984.

Ettermannen til Staalstrøm i huset og i jobben var Ole Gunnar Gauslå. Også han er bygg- og anleggsingeniør. Han og familien hans budde fyrst eit år eller to her, inntil dei flutte til Solvang bnr 93 i Sarvskroken. Der budde dei så til 1990, då dei kaupte huset her hjå kommunen, og flutte attende hit. Etter dette budde dei her til våren 2002.

Me kjem straks attende til Gauslå, men fyrst lyt me få med ein kar som var innom her på slutten av 1980-talet.

  • Knut Sanden, f 1957, ug

Knut kjem frå Vrådal, og er son åt Lillemor og Ottar Sanden. Han arbeidde med arealplanleggjing i Bykle kommune frå sumaren 1988 og eit par år frametter. Sidan flutte han til Skien, og der bur han framleis (2006).

Då kjem me til 1990, då kommunen selde huset. Som me var inne på ovanfor var kauparen Ole Gunnar Gauslå.

  • Ole Gunnar Gauslå, f 1948
sb m e Torunn Johanne Tråsdahl, f 1941. Born:
  • Kim André, f 1979, p t (2003) under utd.
  • Dan Børge, f 1982, p t (2003) under utd.

Ole Gunnar kjem frå Herefoss i Birkenes, og er son åt Tordis og Asbjørn Gauslå. Han var teknisk sjef i Bykle kommune frå 1984 til 2002. I det sistnemnde året gjekk han over til ei ingeniørstilling i Grimstad kommune. Han selde då huset her, og flutte til Birkenes.

Torunn Tråsdahl kjem i utgangspunktet frå Helgeland, foreldra heitte Sigrid og Rolf Larsen. Ho var gift med Jarle Tråsdahl, og budde med han i Målselv til han døydde i 1968. Frå dette ekteskapet har ho borna Harald, fødd 1961; Rolf Arne, fødd 1963 og Merete, fødd 1967. Av desse held Rolf Arne til på Gjøvik, men Harald og Merete bur her i bygda. Harald er omtala i bolken om Bjårlii 1, bnr 110, Merete i bolken om Bjårlii 7, bnr 115.

Den nye eigaren av huset frå 2002 er son åt Torgeir A. Ryningen og kona Ulla, fødd Hanssen, som er omtala i bolken om Ryningen, bnr 37.

  • Pål Georg Ryningen, f 1974
sb m Marianne Hagen, f 1972. Born:
  • Gro, f 1998
  • Ingrid, f 2002, tvill.
  • Odd Tarjei, f 2002, tvill.

Marianne Hagen er frå i Telemark, og dotter åt Harald og Gro Hagen. Ho har 2003 omsorgspermisjon frå ei stilling som barneog ungdomsarbeidar i kommunen.

Pål er forretningsmann, og har fleire ballar i lufta. Ma. driv han eit firma som heiter Brøyteservice a/s, og utleigeverksemda Hovden Hybelbygg ANS som eig bustadhus både i Bykle og på Hovden.

Me veit også namn og tidspunkt for nokre som har hatt hybelen i sokkeletasjen i dette huset. Liv Flateland Flaa var her frå hausten 1988, Gro Lande frå hausten 1991 og Åse Uleberg frå nest fyre jol 1993. Den fyrstnemnde er nærare omtala i bolken om Bjårlii 12-14, bnr 125 her, men dei to andre har me ikkje etterspora.


0941 Bykle komm.png Myggbo (Bykle gnr 15/77) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lyngli • Neste bolk: Furubo