Bergtun (Bykle gnr 5/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergtun
Hoslemo 47.jpg
Bergtun 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1950
Utskilt: 1952
Stad: Berdalsbru
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 5
Bnr: 2
Type: Bustadseigedom
Adresse: Berdalsbruvegen 8
Tone og Olav Nesland. Tone har Vest-Telemarksbunad. Foto frå Gro A. Nesland.

Bergtun ved Berdalsbru i Bykle kommune vart oppsett av Olav A. Nesland i 1951. Han og kona flutte inn her våren etter. Olav var son åt Arne Mikkelsson Rygnestad på Sygard Nesland og kona Gunvor Ånundsdotter, fødd Hoslemo.

  • Olav Arneson Nesland, f 1909, d 1989.
g 1949 m Tone Olavsdtr. Vatnedalen, f 1924. Born:
  • Gunvor f 1951, barnevernspedagog, sb m Rolf Breivik, busett Oslo, born:
  • Trine, f 1983
  • Fredrik, f 1980
  • Olga, f 1955, cand. mag., salskonsulent, g m Sven Ose, Bygland, 2003 busett Kristiansand, born:
  • Knut, f 1984
  • Tone, f 1987;
  • Olav, f 1990
  • Gro, f 1957, stortingsreferent, g m Kenneth Kybo, 2003 busett Bærum, born:
  • Marianne, f 1988
  • Astrid, f 1960, forretningsdrivande, g m Odd Rune Simonsen, 2003 busett Nordkisa, Ullensaker, born:
  • Olav Johan, f 1988

Tone kom frå Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. Foreldra hennes var Olav Olavson (Åsen) Vatnedalen og kona Ingrid Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Olav hadde arbeidd ei tid som jaktoppsynsmann i Njardarheim for Thv. Heiberg, men sidan dreiv han i gruva på Evje, og året etter at han gifte seg i 1949 fekk han stillinga som tilsynsmann på kraftstasjonen som Aust-Agder Kraftverk hadde bygt ved Berdalsbru. Dette var bakgrunnen for at han flutte hit, og vart verande her enda om han frå 1950 også var eigar av Sygard, gnr 10, bnr 3. Omstenda kring dette er nærare utgreidde i bolken om det bruket. Elles var han sterkt engasjert i politikken. Han representerte Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i mange år, og var ordførar i Bykle 1976-1983.

Tone bur (2005) framleis i huset frå 1951.


0941 Bykle komm.png Bergtun (Bykle gnr 5/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nigard • Neste bolk: Fossheim

Koordinater: 59.44539° N 7.41478° Ø