Hagen (Bykle gnr 3/247)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen
Rydda: 1999
Utskilt: 1999
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 247
Type: Bustadseigedom
Adresse: Berdalsvegen 5
Postnummer: 4754

Hagen er ein bustadseigedom i Berdalen i Bykle kommune. I bolken om Hagen, bnr 5, fortalde me at borna etter Anders og Turid Breive ervde Hagen saman. Ein av desse, Håkon O. Breive, overdrog med det same sin part til sonen. Han fekk dela ifrå denne tomta, og sette opp hus for seg her.

Han og sambuaren flytte inn her til påske 2003.

  • Geir Anders Breive, f 1964
sb m Unni Tvitekkja, f 1969. Born:
  • Nils Håkon, f 2000

Unni Tvitekkja er frå Møsstrond, og dotter åt Nils og Halldis Tvitekkja. Ho kom til Bykle i 1996. Av yrke er ho produksjonsarbeidar på vindaugsfabrikken. Geir Anders er anleggsarbeidar og maskinkøyrar.

Han har også dottera Cecilie Haugen Breive, fødd 6.1.1986. Mora heiter Anne Berit Haugen, og bur på Haugen i Hylestad (jfr. Valle I, 130). Cecilie går for tida (våren 2004) på Hovden VGS, og bur hjå faren.


0941 Bykle komm.png Hagen (Bykle gnr 3/247) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordli Lien (II) • Neste bolk: Maurstad (II)

Koordinater: 59.44957° N 7.42037° Ø