Solheim (Bykle gnr 14/36)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solheim
Byklum 125.jpg
Solheim 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1945
Utskilt: 1964
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 36
Type: Bustadeigedom

Solheim, som ligg ved vegen omlag 300 m vestom Bykle kyrkje, vart matrikulert og utskilt frå Utistog i 1964, men huset her kom opp i 1945. Det er i 2 fulle høgder og har ei grunnflate på 96 m².

Han som bygde her, var Kjetil Løyning. Foreldra hans var Sigbjørn Knutsson Løyning og kona, Marta Sjursdotter (sjå Løyning, gnr 6, bnr 4).

  • Kjetil Sigbjørnsson Løyning, f 1914, d 1990
g 1946 m Birgit Arnesdtr. Bjørgum, f 1922. Born:
  • Ingrid, f 1951, g 1985 m Bernt Einar Berntsen, sjå Kyrkjelii 4, gnr 13, bnr 33

Birgit Arnesdotter var fødd og oppvakse på Rysstad. Foreldra hennes var Arne Torleivsson Bjørgum og kona, Ingebjørg Torsdotter Hovet (jfr. Valle II, 42).

Kjetil arbeidde med å køyre eigen lastebil. Då dottera og mannen hennes hadde ferdig huset sitt i Kyrkjelii i 1988, flutte Kjetil og Birgit til dei. Kjetil døydde der i 1990. Huset her vart i 1989 selt til Martin Andreas Olsen frå Mandal.

  • Martin Andreas Olsen, f 1949, slaktar
g 1970 m Jorunn Knutsdotter Stavenes, f 1952, d 1998. Born:
  • Albert Andreas, f 1971, g m Siv Jorunn Skrevje, sjå Listog, gnr 14, bnr 54
  • Knut Jørg, f 1974, elektr., ug., busett Mandal
  • Agnes Helene, f 1981, førskulelærar, sidan miljøarb., sb m Geir Øyvind, busett Bærum

Jorunn var frå Systog Stavenes, og dotter åt Knut Bjørgulvsson Stavenes og kona, Eli Folkesdotter, fødd Nesland.

Etter at Jorunn døydde i 1998 har Solheim stått tomt. Martin Andreas Olsen bur i Mandal.

Kjetil Løyning ca 1946. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Birgit, Ingrid og Kjetil Løyning. Bilete frå Ingrid Løyning Berntsen.


0941 Bykle komm.png Solheim (Bykle gnr 14/36) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Evre Haugen • Neste bolk: Muren