Kyrkjelii 4 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii 4
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 33
Type: Bustadeigedom
Adresse: Kyrkjelii 4

Kyrkjelii 4 på byggjefeltet i Kyrkjelii har opphavleg gått ut frå Nystog (gnr 13, bnr 10), men vart skilt ut frå bnr 29 i 1986, då Bernt Einar Berntsen og kona, Ingrid, kaupte henne av kommunen. Huset deira her sto ferdig i 1988.

Bernt Einar er frå Bygland, og namna åt foreldra hans er Egil Arthur Berntsen og Signe, fødd Aakhus.

Bernt Einar og Ingrid med døtrene 17. mai 1999. Bilete frå Ingrid.
  • Bernt Einar Berntsen, f 1956

g 1985 m Ingrid Løyning, f 1951. Adoptivborn:

  • Marthe, f 1992 i Nanchang, Jiangxi, Kina
  • Anne, f 1996 i Yiyang, Hunan, Kina

Ingrid er byklar. Far hennes heitte Kjetil Sigbjørnsson Løyning, og mora heiter Birgit Arnesdotter og er fødd Bjørgum. Desse budde på Solheim, gnr 14, bnr 36. Då Bernt og Ingrid var ferdige med å byggje huset sitt, flutte Kjetil og Birgit hit til dei. Kjetil døydde i 1990, Birgit bur framleis (desember 2005) hjå dottera og versonen.

Dei to adoptivdøtrene kom hit frå Kina i desember 1993 og januar 1997. Einar og Ingrid er båe adjunktar, og arbeider på Bykle skule. Einar representerer Kristeleg Folkeparti i kommunestyret.


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii 4 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii 8 • Neste bolk: Kyrkjelii 10