Myri (Bykle gnr 3/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myri
Berdalen 29.jpg
Myri 5.8.2005
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1873
Utskilt: 1874
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Myri ligg austom Der nede, bnr 1, i Berdalen i Bykle kommune. Det kom til då Kjetil Helleiksson i Der uppe overlet ein part av garden til versonen Olav Oddsson Byklum sumaren 1873. Parten fekk ei landskyld på 4 skilling, som sidan vart omgjort til 6 øre.

Namnet kjem av at tunet vart lagt ved sidan av ei myr. Denne myra er sidan oppdyrka, og er nå ein del av jordet til bruket. Så kjem me til den fyrste oppsitjaren og familien hans:

Olav Oddson Byklum, f 1830, utfl. Mo ca 1880, d 1890

g 1871 m Torbjørg Kjetilsdtr. Berdalen, f 1848, d etter 1900. Born:
  • Birgit Johanne, f 1897
  • Teodor Olaves, f 1898
  • Jon, f 1900
  • Ingebjørg, f 1874, til stades Nigard Åmli, Mo, 1900, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Odd, f 1876, d 1924 (sykkelulukke), barn m Hæge Olavsdtr. Listøyl, Grungedal, Vinje (1875-1935):
  • Hæge (1906-1988), g 1931 m Kittil Slåtta, Bø (1902-1996), busett Vinje,4 born
Olav Oddsson g 1910 m Sigrid Tarjeisdtr. Felland, Mo, busett Tveito under Åse, Mo, nytta etternamn Tveito, born:
  • Olav, f 1911, lagnad ukj
  • Torbjørg (1915-1915)
  • Torbjørg, f 1916, g 1940 m Olav Bernhardsen Ødegaard
  • Jorunn, f 1919. lagnad ukj.
  • Knut f 1920, lagnad ukj.
  • Oscar, f 1923, tvill., lagnad ukj.
  • Margit, f 1923. tvill., lagnad ukj.
  • Kjetil, f 1879, lagnad ukj.
  • Knut, f 1882, omreisande lekpredikant, lagnad elles ukj.
  • Olav, f 1885, lagnad ukj.
  • Helleik, f 1888, d 1888
  • Helleik, f 1889, lagnad ukj.

Olav Oddsson kom frå Austistog, og var son åt Odd Tarjeisson Røysland på det bruket og kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Løyland. I 1875 sat Olav og Torbjørg med hest, 2 kyr, 2 kalvar, 4 sauer og 4 geiter. Dei sette 3 1/2 tunner jordeple, men hadde ikkje korn.

Som det går fram av familielista ovanfor, flutte denne huslyden til Mo. Me veit ikkje nett kva tid dei reiste, men Kjetil Olavsson vart fødd her, medan dei yngre syskena alle kom til i Mo. Olav og Torbjørg «var innerstar på mange plassar», står det i Mosoga (I, 463), som vidare opplyser at dei frå 1888 var bruksfolk på Rui under Lid, gnr 32, bnr 2.

Opplysingane ovanfor om borna er også i hovudsak dei same som dei ein finn i Mosoga (I, 252, 463, II 272, 374), men det som gjeld den eldste dottera, Hæge Oddsdotter, er henta or ei bok av Ole Gilje Dale: Smørklepp, ei grend i Vinje (1995, 72 f). Hæge Oddsdotter har ei lang rekkje etterkomarar, dei fleste i Vinje.

Olav Oddsson selde bruket sitt til Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen i Haugen, Hoslemo for 60 speciedalar. Skøytet vart skrive og tinglyst i 1890, men etterdi prisen vart oppskriven i dalar trur me helst at sjølve handelen hadde stått tidlegare.

Etter at Olav Oddsson reiste til Mo, var det ingen som budde fast her på mange år. Ånund Sigbjørnsson åtte bruket til 1899, då han overlet det til sonen Sigbjørn. Tilliks med faren budde Sigbjørn i Haugen Hoslemo. Både Ånund og Sigbjørn sat her med krøter om sumrane, ettersom her var meir beite, men budde i Hoslemo om vinteren. Likevel ser me at Sigbjørn husa opp bruket. I 1940-41 sette han opp nytt uthus, og i 1945 fylgde det nye våningshuset. Det er på 80 m2 i 1 1/2 høgd. I 1948 kom det eldhus på plass.

I 1927 vart det matrikulert ein parsell på 10 mål i kanten av eigedomen, som vart kalla Haugen, og fekk bnr 10. Dette var eit småbruk som Gyro Ånundsdotter Hoslemo hadde fått overtaka hjå broren nokre år tidlegare. Me kjem attende til dette.

I 1948 fekk Olav Sigbjørnsson Hoslemo skøyte på eigedomen her hjå faren, men han flutte ikkje hit fyrr langt seinare, det var kring 1970. Olav arbeidde som snikkar og bygningsmann, og dreiv ikkje gardsbruk.

Olav Sigbjørnsson Hoslemo, f 1917, d 1991, ug

I 1987 skøytte Olav eigedomen over på Knut (y.), den yngste av brørne sine. Knut budde på denne tid på Notodden, og arbeidde som planleggjar i Televerket, men etter overtakinga av bruket flutte han hit.

Knut Sigbjørnsson Hoslemo (y.), f 1933,

g hv m Solfrid Rønningen, Treungen, nå Notodden. Born:
  • Ole Svein, f 1966, sjå nedanfor
  • Helge, f 1970, g 1998 m Kari Hovden, sjå Sarvskroken 5, gnr 15, bnr 118

Knut bygde nytt sauefjos i 1995, og dreiv gardsbruket med kring 40 vinterfora sauer til i 2002. Han har også stelt opp våningshuset på bruket, og dyrka opp kring 15 mål med jorde. I 2001 skøytte han eigedomen over på eldste sonen.

Ole Svein Hoslemo, f 1966, ug

Ole Svein er bygningssnikkar, og har mest drive med hyttebyggjing.

Totalarealet på bruket vert oppgjeve til 3003 mål. Med dei 15 måla Knut dyrka kom innmarksarealet opp i kring 35.


0941 Bykle komm.png Myri (Bykle gnr 3/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jeiskeli • Neste bolk: Maurlii

Koordinater: 59.44776° N 7.43167° Ø