Skogly (Bykle gnr 4/33)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogly
Rydda: 1960
Utskilt: 1976
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 4
Bnr: 33
Type: Bustadseigedom
Adresse: Løyningsvegen 17

Skogly er ein heim som ligg oppunder skogbrynet ovanfor tunet i Åsheim i Bykle kommune. Tomta, som gjekk ut ifrå bnr 7 (Øvre Åsheim), vart matrikulert i 1976, men etter det me får opplyst vart huset her bygt i 1959-60, slik at det sto ferdig då dei som budde her gifte seg.

Kona i denne huslyden er dotter åt Sigbjørn Eivindsson Åsheim og kona Ingebjørg Olavsdotter, fødd Vatnedalen. Mannen hennes kom frå Nordstog Stavenes og var son åt Knut Knutsson på det bruket og kona Hæge Knutsdotter, fødd Trydal.

Tone Åsheim ca 1940. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
  • Knut Knutsson Stavenes (y.) f 1914, d 1990
g 1960 m Tone S. Åsheim, f 1920. Born:
  • Helga, f 1961, d 1962

Knut arbeidde som bygningssnikkar og smed, ein god del av tida på anlegg. Tone tok også på seg ymist arbeid utanfor heimen, mellom anna var ho lenge heimehjelp og ei tid reinhaldar for I/S Øvre Otra.

Huset her vart i 1995 overdrege til brordotter åt Tone, Ingebjørg O. Åsheim i Oslo, som har det til fritidsbustad. Tone bur nå (2003) i ein kommunal eldrebustad i Bykle.


0941 Bykle komm.png Skogly (Bykle gnr 4/33) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Brugata 10 • Neste bolk: Hagestøyl (II)

Koordinater: 59.4558° N 7.3909° Ø