Hagestøyl (Bykle gnr 4/55)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagestøyl
Hoslemo 36.jpg
Huset til Birgit Haslemo 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1990
Utskilt: 1990
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 4
Type: Bustadseigedom

Hagestøyl i Hoslemo i Bykle kommune ligg like attanfor Hoslemo Camping, mellom den gamle og den nye riksvegen forbi Berdalsbru. Tufta gjekk ut ifrå Uppigard i 1990, då Birgit Haslemo og mannen hennes sette seg opp hus her. Birgit er dotter åt Sigbjørn Eivindsson Hoslemo og kona Jorunn Olavsdotter, fødd Nylund.

  • Birgit S. Haslemo, f 1953
g 1990 m Harald (Hansen) Haslemo, f 1958, d 2000. Born:
  • Sigbjørn, f 1990

Harald var frå Evje, og son åt Johannes Karsten Hansen og kona, Margit Rigmor Homdrom Hansen. Han arbeidde som oppmålingsingeniør i Bykle kommune frå 1986. Etter giftemålet skreiv han seg med etternamnet Haslemo.

Birgit er sekretær og tilsett i Bykle kommune sidan 1979.

Utanom bustaden her har ho også Hoslemo Camping, bnr 52, Hagestøyl, bnr 46, og dertil 5 bortfeste hyttetomter.


0941 Bykle komm.png Hagestøyl (Bykle gnr 4/55) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skogly • Neste bolk: Nigard Hoslemo

Koordinater: 59.42829° N 7.4034° Ø