Kjelklia industriområde

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2014 kl. 19:13 av Kiplesund (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kjelklia industriområde''' ligg i Aure kommuneNordmøre. Midt på 1970-talet vart området regulert til industriverksemd, etter at Aure kommune hadde kjøpt tomter a...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjelklia industriområde ligg i Aure kommuneNordmøre. Midt på 1970-talet vart området regulert til industriverksemd, etter at Aure kommune hadde kjøpt tomter av Lars Vaag. I dag finst det bl.a. bensinstasjon, trelastforretning, IT-firma, drosjesentral og transportfirma her. Det er avdekka fleire gamle gravrøyser i området.

Bensinstasjon

Arne Fjeldset var den første til å etablera seg på Kjelklia. Han bygde bensinstasjon (tilknytta oljeselskapet Fina) og maskinstasjon. På same tid vart det bygd ein vegstasjon i området. I 1998 kjøpte Ola Stormyr bensinstasjonen, som deretter gjekk over til oljeselskapet Shell.

Kjelder

  • Artiklar av Anne Vik i NV-nytt, 16. oktober 2014