Kjetil A. Flatin (1881–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. feb. 2020 kl. 21:56 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Ny side: Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) var folkeminnesamlar og lærar. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehgskule. Han vikarierte i nokre år i ymse lærarpostar og vart fast tilsett so…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) var folkeminnesamlar og lærar. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehgskule. Han vikarierte i nokre år i ymse lærarpostar og vart fast tilsett som lærar i Seljord 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda Seljord frå 1913 til han døydde i 1916. [2]

Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Først vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker. Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova. [3] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil. Han var bror til folkeminnesamlaren Tov Flatin.

  1. Norsk biografisk leksikon, bd. 4-1929, s. 158
  2. Tov Flatin; Seljord, bd. 1
  3. https://snl.no/Kjetil_Aslaksson_Flatin