Kjetil A. Flatin (1881–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil A. Flatin Foto: Ragnvald Nyblin

Kjetil Aslaksson Flatin (født 11. juli 1881, død 16. juni 1916) var folkeminnesamlar, lærar og gardbrukar frå Seljord.[1][2] Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule.Etter å ha vikariert i nokre år i ymse lærarpostar, vart han fast tilsett som lærar i heimbygda i 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda i Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[3]

Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[4] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova og Ættir fraa Selgjord.[4][1] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil».[1]

Kjetil A. Flatin vart gift med Dordi Hallvardsdotter Aadalen i 1909. Dei hadde fire born.[1][5] Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[4]

Referansar

Litteratur og kjelder