Knud Knudsen (1812–1895)

Knud Knudsen (fødd 1812 i Holt (nå Tvedestrand), død 1895 i Kristiania), skulemann og språkreformator. Foreldra var husmann og omgangsskulelærar Knud Reiersen og Marte Stiansdotter. Ugift. Knud Knudsen er gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han har fått ein plass oppkalla etter seg ved St. Hanshaugen i Oslo.

Han vart cand.philol. i 1840, adjunkt og overlærar ved Christiania Kathedralskole 1846–80.

I skulen arbeidde han frå fyrste stund mot den klassiske retninga i opplæringa, han var gripen av Grundtvigs idear og ville at undervisninga fyrst og fremst skulle ha historie og morsmål som grunnlag. Gjennom dette kom han alt i 1840-åra inn i arbeidet for ei norsk språkreform. Han ville reformere det danske skriftspråket i Noreg med mønster i det han kalla "den dannede landsgyldige tale", og kan reknast for opphavsmannen til fornorskingsrørla i bokmålet, der hovudprinsippet hans – at skrifta skal rette seg etter talen – etter kvart har vunne fram.

Knudsen var dessutan purist og arbeidde for at framandord skulle skiftast ut med norske avløysarord. Han var dessutan mellom føregangsmennene i striden for norsk uttale i det dansk-norske scenespråket. Han stod ofte åleine i striden, men fekk stor innverknad på t.d. Aasen, Vinje, Ibsen og Bjørnson. Hovudverket hans er den store fornorskingsordboka Unorsk og norsk (1881). Ein kan òg nemne Haandbog i dansk-norsk Sproglære (1856; ny utgåve 2000).

Didrik Arup Seip gav ut Knudsens barndoms- og ungdomsminne i 1937. Reiseminna hans vart utgjevne i seks hefte 1980–2000, samla i eitt band i 2001. Knudsen lét etter seg 20.000 kroner til "det dansk-norske målstræv"; Bymålslaget vart skipa som eit resultat av dette i 1902.

Kjelder og litteratur

  • Oftedal, Magne: artikkel i Norsk allkunnebok band VII. Oslo 1957.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!