Korleis skrive bygdebok?: Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
Justeringar
Ingen redigeringsforklaring
(Justeringar)
 
(3 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
Denne artikkelen er innhenta frå NLI sin nettstad lokalhistorie.no. I utgangspunktet er det instituttets svar på vanlege spørsmål som blir retta til NLI i samband med bygde-, by- og regionshistoriske boktiltak. Her på wikien inngår det i ambisjonen om å utvikle ein historikarskole på nett. Føremålet med å overføre stoffet til wikien, er i første rekkje å kunne supplere og forbetre rådgjevinga ved bidrag frå andre personar og andre kompetansemiljø.
Denne artikkelen er innhenta frå NLI sin nettstad lokalhistorie.no. I utgangspunktet er det instituttets svar på vanlege spørsmål som blir retta til NLI i samband med bygde-, by- og regionshistoriske boktiltak. Føremålet med å overføre stoffet til wikien, er i første rekkje å kunne supplere og forbetre rådgjevinga ved bidrag frå andre personar og andre kompetansemiljø.


Stoffet er delt i to hovudbolkar: ''Bokprosjektering'' og ''Forfattarrettleiing''. Det første rettar seg mest mot utgjevar/oppdragsgjevar i både planleggings- og gjennomføringsfasen av boktiltaket. Det andre dreiar seg meir om det faglege innhaldet og framstillingsforma i verket.
Denne artikkelen rettar seg mest mot utgjevar/oppdragsgjevar i både planleggings- og gjennomføringsfasen av boktiltaket. For "forfattarrettleiing", tips til fagleg innhald og framstillingsform, sjå til dømes desse artiklane:
*[[Generell bygde-, by- og regionshistorie]]
*[[Gards- og slektshistorie]]
*[[Hjelp:Hvordan skrive om garder, bruk og plasser?]]


== Bokprosjektering ==
== Bokprosjektering ==
Linje 233: Linje 236:
:Formelle kravet til utdanning er sjølvsagt ikkje absolutt, dersom det kan dokumenterast at ovannemnde typar realkompetanse er tileigna på annan måte.
:Formelle kravet til utdanning er sjølvsagt ikkje absolutt, dersom det kan dokumenterast at ovannemnde typar realkompetanse er tileigna på annan måte.


==== Kva er arbeids- og ansvarsfordelinga mellom boknemnd, forfattar og redaktør? [ opp ] ====
==== Kva er arbeids- og ansvarsfordelinga mellom boknemnd, forfattar og redaktør? ====


Boknemnda
Boknemnda
Linje 250: Linje 253:
:*passar vitskapleg utstyr (fotnotar/kjeldetilvisingar, litteratur- og kjeldelister, register m.m.)
:*passar vitskapleg utstyr (fotnotar/kjeldetilvisingar, litteratur- og kjeldelister, register m.m.)
:*språkvask og korrektur (utan at det nødvendigvis ligg til redaktøren å utføre dette arbeidet eigenhendig)
:*språkvask og korrektur (utan at det nødvendigvis ligg til redaktøren å utføre dette arbeidet eigenhendig)
 
:*syter for at alle element (tittelblad, kolofonside, ISBN-nummer, innhaldsliste, brødtekst, litteratur- og kjeldeliste, register, tekst på smussomslag, etc.) er på plass og i rett rekkjefølgje
:syter for at alle element (tittelblad, kolofonside, ISBN-nummer, innhaldsliste, brødtekst, litteratur- og kjeldeliste, register, tekst på smussomslag, etc.) er på plass og i rett rekkjefølgje
:*følgjer spesielt nøye opp i samarbeidet med grafisk formgjevar og trykkeri  
:følgjer spesielt nøye opp i samarbeidet med grafisk formgjevar og trykkeri  


Biletredaktøren
Biletredaktøren
Linje 268: Linje 270:


Når det er ein eigen redaktør i tillegg til forfattaren (forfattarane), må ein vere ekstra nøye med å avklare på førehand fordelinga av ansvar og rettar mellom dei, jf. drøftinga av opphavsrettslege spørsmål. Særleg i samband med gards- og slektshistorie kan grensene vere vanskelege å trekkje opp mellom forfattar(ar), redaktør og eventuelle andre medarbeidarar. Innsamling av stoff, bearbeiding av kjeldematerialet, redigering og forfattarskap går her nokså mykje over i kvarandre, og mange operasjonar får eit kollektivt preg.  
Når det er ein eigen redaktør i tillegg til forfattaren (forfattarane), må ein vere ekstra nøye med å avklare på førehand fordelinga av ansvar og rettar mellom dei, jf. drøftinga av opphavsrettslege spørsmål. Særleg i samband med gards- og slektshistorie kan grensene vere vanskelege å trekkje opp mellom forfattar(ar), redaktør og eventuelle andre medarbeidarar. Innsamling av stoff, bearbeiding av kjeldematerialet, redigering og forfattarskap går her nokså mykje over i kvarandre, og mange operasjonar får eit kollektivt preg.  
<!--
Kan noko gjerast på dugnadsbasis? [ opp ]
> Liste over arbeidsoppgåver
> Innsamling og registrering av fotografi
> Registrering av kyrkjebøker og anna skriftleg kjeldemateriale
> Spørjeskjema og spørjelister
> Intervju
> Avisklipp og litteraturindeks
Liste over arbeidsoppgåver
I publikasjonen  Historielagenes oppgaver har Rolf Fladby sett opp ei fyldig liste over høvelege arbeidsoppgåver for eit lokalt historielag. Mange av desse tiltaka, særleg under punkt A (Vern, innsamling og bevaring) og D (Registrering av historiske minner), er slikt som alle bygdebokprosjekt vil kunne ha stor nytte av. Det meste kan gjerast av folk utan spesialkompetanse, berre med ei viss rettleiing frå bygdebokforfattaren eller andre sakkunnige. Andre oppgåver krev noko meir omfattande opplæring i form av kurs og spesialinstruksjon, men kan likevel godt kan gjerast på frivillig basis av innsatsvillige amatørar.
Vi viser til Fladbys lister, men vil her spesielt framheve og utdjupe einskilde punkt, og dessutan omtale eit par ting som ikkje er eksplisitt nemnde av Fladby:
Innsamling og registrering av fotografi
Det er vel å merke ikkje utvalet av bilete til den endelege bygdeboka som skal gjerast på dugnadsbasis. Det er heller oppsporing, kopiering, systematisering og registrering av lokalt relevante fotografi som forfattaren kan ha nytte av som kjeldemateriale, og som forfattar og evt. biletredaktør kan hente illustrasjonsmateriale frå når den tid kjem.
ABM-Utvikling/Fotosekretariatet er ein sentral faginstans som gjev råd om innsamling, registrering og oppbevaring av fotografi, og som er med og utviklar nasjonale standardar for registrerings- og klassifikasjonssystem.
Sjå også oversyn over digitalt tilgjengelege biletsamlingar.
Registrering av kyrkjebøker og anna skriftleg kjeldemateriale
Spesielt for gards- og slektshistorieprosjekt vil det svare seg å digitalisere kyrkjebøkene så fullstendig som råd er. Dette er tidkrevjande, og bør gjerast etter anerkjente metodar og standardar. Ein god måte å få dette til på, er å kontakte DIS-Norge, som har ei samarbeidsavtale med Riksarkivaren om nettopp dette tiltaket. Du finn alle nødvendige opplysningar her: Rettleiing i kjelderegistrering
Også mange andre kjeldeseriar kan det vere aktuelt å registrere på dugnad. Det gjeld særleg kjelder som innheld store mengder person- og eigedomsdata. I våre dagar bør ein gjere dette digitalt. Landslaget for lokalhistorie er pr. juli 2003 inne i førebuande forhandlingar med Riksarkivaren om ei avtale om digitalisering av kjeldemateriale etter liknande retningslinjer som DIS-Norges kyrkjebokprosjekt.
Av uvurderleg verdi i slikt arbeid er Håndbok i registrering og bruk av historiske persondata, av Gunnar Thorvaldsen (Oslo, 1996). Vi viser elles til nettstaden til Registreringssentralen for historiske data (RHD) ved Universitetet i Tromsø.
Det vil også vere nyttig å slå opp på følgjande: Kva dataverktøy skal ein velje til gards- og slektshistoria?
Spørjeskjema og spørjelister
A) For nyare gards- og slektshistorie
Kyrkjebøker, folketeljingar og mykje anna personal- og eigedomshistorisk materiale er sperra for vanleg innsyn for dei siste 60-100 åra. Derfor er ein avhengig av å innhente opplysningar til gards- og slektshistorie på annan måte. Den beste måten er spørjeskjema til dei einskilde familiane. Denne måten gjer også at ein sikrar seg nødvendig samtykke frå dei spurde til å publisere opplysningane.
Ei vellykka spørjeskjemaundersøkjing er avhengig av tett oppfølgjing. Det er vanleg å skipe grendekorps av frivillige som følgjer opp dei einskilde familiane, kanskje ved at ein går frå dør til dør og hjelper til med utfyllinga, evt. mottek melding om at vedkomande ikkje ønskjer å vere med.
Døme på spørjelister til gards- og slektshistorie finn du her:
•Spørreliste om gardshistorisk tradisjonsstoff.
•Spørjeliste for Fjelberg i Hordaland (ved Andreas Ropeid, publisert av NLI)
•Spørreliste for innsamling av gårdshistorisk stoff i Nordland og Troms (ved Trygve Lysaker, publisert av NLI)
Spørjeskjema/-lister til gards- og slektshistorie treng ikkje (og bør ikkje) innehalde spørsmål som gjeld sensitive personopplysningar. Dermed krevst ikkje konsesjon for å gjennomføre slike undersøkjingar. Men dersom opplysningane skal behandlast elektronisk, må ein gje melding til Datatilsynet.
B) For andre formål
Spørjelister er nyttige også til andre typar lokalhistorie enn gards- og slektshistorie. Det finst ei mengd variantar av slike. Nokre finn du inngang til her (jf. også spørjelister til gards- og slektshistoria) :
• Spørreliste om den nyeste tids historie (NLI)
•Spørjelister frå Norsk etnologisk gransking (NEG)
Intervju
For nyaste tids lokalhistorie (dei siste 50-100 åra) spelar munnlege kjelder ei viktig rolle. Å få til gode og veleigna intervju er ikkje enkelt, og ein bygdebokforfattar bør i størst mogleg utstrekning sjølv ta hand om dette. Men han/ho kan også ha stor hjelp av eit frivillig korps av intervjuarar, dersom desse får god rettleiing og opplæring. Det er lettast å få til god amatørhjelp til
•temaintervju
der ein stiller spørsmål om eitt bestemt emne. Det dreiar seg om ting som intervjuobjektet sjølv har opplevd eller vore nær tilskodar til, eller av andre grunnar har spesialkunnskapar om. Det kan gjelde hendingar som "da krigen kom til bygda", "streiken den gongen" eller "vekkelsesbølgja i bygda", eller slikt som arbeidsteknikkar, foreiningsverksemd, matskikkar osv. osv. Ved temaintervju kan ein godt nytte standardiserte spørjelister, og det er ein føremon å intervjue flest mogleg personar om eitt og same emne.
•Livsløpsintervju
går ut på at ein spør intervjuobjektet ut om barndom og oppvekst, utdanning, yrkes- og familieliv m.m., helst frå første barndomsminne fram til dags dato.
Både livsløpsintervjua og enkelte typar temaintervju kan kome til å innehalde sensitive personopplysningar. Dei viktigaste forholdsreglane ein bør ta, kan oppsummerast slik:
•Informantane (dei som blir intervjua) må orienterast ordentleg om føremålet med intervjuet
• Informantane må gje uttrykkeleg samtykke til bruk av intervjuet, evt. med nærare bestemte atterhald (skriv intervjukontrakt)
•Intervjuarane må underteikne fråsegn om teieplikt
•Det må sytast for forsvarleg arkivering og oppbevaring av intervjua
•Bruken av materialet må vere tilgangsregulert.
Sjå nærare om slike spørsmål under drøftinga av Kva omsyn må takast til personvernet?
Litteraturindeks og avisklipp
Eit så fullstendig oversyn som mogleg over smått og stort som er skrive og trykt om den aktuelle staden er svært viktig for ein bygdebokforfattar. Også dette kan eigne seg til dugnadsinnsats, da i nært samarbeid med og under rettleiing av det lokale folkebiblioteket. Dugnadsinnsatsen vil mest gå ut på å bla gjennom alle aktuelle årbøker og andre periodika osv. og registrere kvar enkelt artikkel i eit eigna system.
Særleg nyttig blir dette dersom ein har høve til å skanne materialet og leggje det i databasar og kanskje gjere det tilgjengeleg på Internett (med atterhald om dei nødvendige løyve frå opphavsmenn). I alle høve bør ein gjere registreringa elektronisk (i eit databaseprogram). Det gjev utveg til å lenke dei einskilde tekstbitane (og evt. biletmateriale) til personar og stader som skal figurere i bygdeboka. Vi er da inne på det som Arnfinn Kjelland omtalar som ein lokalhistorisk litteraturindeks: "ein systematisk gjennomgang av utgjeve litteratur og oppbygging av indeks knytt til einskildpersonar, gardar/lokalitetar og evt. tema; ein slik indeks kan òg omfatte aviser". Sjå artikkelen Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie.
Via folkebiblioteket kan ein låne inn mikrofilm av dei aktuelle lokal-/regionalaviser så langt attende som dei finst. Eit leseapparat med kopieringsinnretning gjer det greit å gjennomgå filmane og plukke ut stoff som vedkjem den aktuelle byen eller bygda. Kopiane bør samlast i permer i kronologisk rekkjefølgje. Ein må vere påpasseleg med å føre på dato og avis på kvar enkelt kopi. -->


[[Kategori:Metode]]
[[Kategori:Metode]]
{{nn}}
{{Tankesmia}}
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer

Navigasjonsmeny