Korleis skrive bygdebok?: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:
== Bokprosjektering ==
== Bokprosjektering ==

=== Kva slags bok vil vi ha? Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko anna? ===
=== Kva slags verk vil vi ha? ===
 
==== Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko anna? ====
Eit naturleg utgangspunkt er å føreta ei kritisk vurdering av den lokalhistoriske litteraturen som allereie finst om staden, både kva gjeld omfang og kvalitet. Er det t.d. tidlegare utgjeve gards- og slektshistorie og/eller allmennsoge for kommunen? Om det allereie er ei gards- og slektshistorie, bør ein spørje seg: Er heile bygda dekt? Er det grupper av folk og heimar som ikkje er komne med? Kor nær opp mot vår tid går boka? Kor nøyaktige og pålitelege er opplysningane om heimar og personar der? Om det finst ei eldre generell historie, bør ein sjå nøyare etter både kva som er med og kva som er utelate, både med omsyn til historiske epokar og emneval innanfor dei tidsromma som er behandla. Er tematikk og synsvinklar kanskje sterkt prega av si tid? Er det openberre sosiale skeivleikar? Er framstillinga sterkt mannsdominert? Kanskje dreiar historia seg mest berre om kyrkje, skule og kommunestyre?

Linje 32: Linje 32:
*Det har ofte vist seg vanskeleg å halde slike verk innan rimelege rammer for omfang, kostnader og tidsbruk.

=== Kor mange band gards- og slektshistorie? ===
==== Kor mange band gards- og slektshistorie? ====
Dette spørsmålet kan gjerast meir handterleg ved å spørje seg kor mange sider som skal avsetjast pr. gardsnummer. Så blir det å gange dette med talet på gardsnummer som kommunen/området består av, for å finne ut kor mange band det er naturleg å fordele stoffet på. I gards- og slektshistoriebøker utgjevne i 1990-åra låg gjennomsnittet på litt i overkant av 30 sider pr. gardsnummer.  

Linje 43: Linje 43:
Ein mykje meir tøyeleg faktor er kor fyldig omtale ein skal gje kvar einskild heim, familie og person. Dersom ein nøyer seg med å presentere i tilnærma telegramstil og i rubrikkform harde fakta frå dei mest sentrale kjeldene, kan det gjerast på ganske få sider for kvart gardsnummer/ bruk/ heim. Dersom ein derimot vel å leggje an ein meir forteljande stil og gje kjøt og blod til historia om dei menneska og bustadene ein tek føre seg, finst det knapt grenser for kor mykje stofftilfang ein kan finne.

=== Gard og slekt fram til dags dato? ===
==== Gard og slekt fram til dags dato? ====
Det er fleire ting som talar for at historia om heimane og familiane bør førast fram til dags dato:

*Oppslagsfunksjonen for slektsgransking og andre føremål blir vesentleg betre.

Linje 61: Linje 61:
*Ein tek med alle barn i parforhold som var etablerte innan sluttidspunktet, sjølv om eit eller fleire av borna er fødde etter den tid.  

=== Generell historie - kva omfang skal den ha og kva tidsrom skal dekkjast? ===
==== Generell historie - kva omfang skal den ha og kva tidsrom skal dekkjast? ====
Like så lite som for historieskriving generelt kan ein for lokalhistoria gje allmenngyldige reglar for korleis ein best skal dele inn historia i periodar, eller kor grundig og omfattande framstillinga skal vere. Det må vere forfattaren (med evt. fagleg støtteapparat) som nærare bestemmer periodisering og prioritering av stoff og tilnærmingsmåtar innan dei rammene som oppdragsgjevaren har sett.  

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer