Korleis skrive bygdebok?: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Fosøk på integrering av stoff frå lokalhistorie.no i wikien)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Under arbeid}}
== Kva slags bok vil vi ha? Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko anna? ==
Denne artikkelen er innhenta frå NLIs nettstad, og er instituttets svar på vanlege spørsmål som blir retta til NLI i samband med bygde-, by- og regionshistoriske boktiltak. Her på wikien inngår det i ambisjonen om å utvikle ein historikarskole på nett. Føremålet med å overføre stoffet til wikien, er i første rekkje å kunne supplere og forbetre rådgjevinga ved bidrag frå andre personar og andre kompetansemiljø.
 
Stoffet er delt i to hovudbolkar: ''Bokprosjektering'' og ''Forfattarrettleiing''. Det første rettar seg mest mot utgjevar/oppdragsgjevar i både planleggings- og gjennomføringsfasen av boktiltaket. Det andre dreiar seg meir om det faglege innhaldet og framstillingsforma i verket.
 
== Bokprosjektering ==
 
=== Kva slags bok vil vi ha? Allmennsoge, gards- og slektshistorie - eller noko anna? ===

Eit naturleg utgangspunkt er å føreta ei kritisk vurdering av den lokalhistoriske litteraturen som allereie finst om staden, både kva gjeld omfang og kvalitet. Er det t.d. tidlegare utgjeve gards- og slektshistorie og/eller allmennsoge for kommunen? Om det allereie er ei gards- og slektshistorie, bør ein spørje seg: Er heile bygda dekt? Er det grupper av folk og heimar som ikkje er komne med? Kor nær opp mot vår tid går boka? Kor nøyaktige og pålitelege er opplysningane om heimar og personar der? Om det finst ei eldre generell historie, bør ein sjå nøyare etter både kva som er med og kva som er utelate, både med omsyn til historiske epokar og emneval innanfor dei tidsromma som er behandla. Er tematikk og synsvinklar kanskje sterkt prega av si tid? Er det openberre sosiale skeivleikar? Er framstillinga sterkt mannsdominert? Kanskje dreiar historia seg mest berre om kyrkje, skule og kommunestyre?

Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer