Kremarvegen 4 (Odda): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Kremarvegen4iodda.jpg|Dette velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907. Foto: Dag Endre Opedal}}Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden var det bruket i Odda sentrum som hadde tunet ...)
 
(litt formatering)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Kremarvegen4iodda.jpg|Dette velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907. Foto: Dag Endre Opedal}}Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden var det bruket i Odda sentrum som hadde tunet nærast sjøen. Privilegiet eller løyvet til å driva som gjestgjevar og kremmar har følgt garden frå 1600-talet og fram til det blei oppheva i 1840-åra. Bustetun har bruksnummer 61 i Odda.
{{thumb|Kremarvegen4iodda.jpg|Dette velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907.|Dag Endre Opedal (2009)}}
'''[[Kremarvegen 4 (Odda)|Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden]]''' var det bruket i [[Odda]] sentrum som hadde tunet nærast sjøen. Privilegiet eller løyvet til å driva som gjestgjevar og kremmar, har følgt garden frå 1600-talet og fram til det blei oppheva i 1840-åra. Bustetun har bruksnummer 61 i Odda.


Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.
Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.
Linje 10: Linje 11:


Anne Grete og Morten Eikeland eig huset i dag. Under renoveringsarbeidet fann dei denne innskrifta på ein bjelke: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907.
Anne Grete og Morten Eikeland eig huset i dag. Under renoveringsarbeidet fann dei denne innskrifta på ein bjelke: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907.
== Kjelder for meir informasjon om Kremargarden, Torget og Strandpromenaden ==


*Olav Kolltveit: Kremar- og gjestgivargarden Bustetun. I Hardanger, Hardanger Historielag, 1951. s. 403-419.
Kjelde for meir informasjon om Kremargarden, Torget og Strandpromenaden: Olav Kolltveit: Kremar- og gjestgivargarden Bustetun. I Hardanger, Hardanger Historielag, 1951. s. 403-419.
 
[[Kategori:Bygninger]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Odda kommune]]

Sideversjonen fra 5. jun. 2014 kl. 07:03

Dette velhaldne sveitserhuset er bygd i 1907.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden var det bruket i Odda sentrum som hadde tunet nærast sjøen. Privilegiet eller løyvet til å driva som gjestgjevar og kremmar, har følgt garden frå 1600-talet og fram til det blei oppheva i 1840-åra. Bustetun har bruksnummer 61 i Odda.

Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.

Huset er bygd i typisk sveitserstil og har plass for butikklokale i underetasjen og fleire leilegheiter i dei øvre etasjane. I 1907 var industriutbygginga i gang for fullt og det var stor etterspørsel etter alle typar lokale. Reguleringsplanen for Odda var og ferdig på same tid.

Lars O. Bustetun var byggherre i 1907. Han var ”både ein hortig og handfast kar som visste kva han ville. Han let seg heller ikkje riva så lett med som grannane då industrien var ute etter tomter i Odda, men heldt på sitt i det lengste”, skriv Olav Kolltveit i bygdeboka. Men tomtesal gav pengar til husbygging og investeringar.

I det kommunale arkivet og protokollen etter Bygningsstyret for Odda bygningskommune kan vi lesa at i 1908 sende Lars O. Bustetun ”andragende” om ”at få påsætte altaner på nordsiden av hans hus i 1ste og 2den etage hvor sådanne er tiltænkte og hvor døre er anbragte i ytterveggen.” Han fekk ikkje grønt lys etter første sakshandsaming, saka måtte vidare til rette instans, men altanane kom opp og står der enno.

Anne Grete og Morten Eikeland eig huset i dag. Under renoveringsarbeidet fann dei denne innskrifta på ein bjelke: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907.

Kjelder for meir informasjon om Kremargarden, Torget og Strandpromenaden

  • Olav Kolltveit: Kremar- og gjestgivargarden Bustetun. I Hardanger, Hardanger Historielag, 1951. s. 403-419.